Hopp til innhold

Naudhjelp inne i utbomba bydel i Homs i 45 minutt

Hjelpemannskap har endeleg fått kome inn i den krigsherja bydelen Baba Amr i Homs, men oppdaga at dei fleste hadde rømt derifrå.

SYRIA, Baba Amr

Baba Amr er det hardast ramma området i Homs, Syria. No får endeleg hjelpemannskap sleppe inn.

Foto: HANDOUT / Reuters

I lang tid har Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) stått klare utanfor den krigsherja bydelen med lastebilar med mat, medisin og anna naudhjelp.

Fleire gongar har hjelpemannskap gitt opp til trass om løfter om å få sleppe inn, men no har hjelpemannskap frå organisasjonen Syrias Røde Halvmåne fått sleppe inn. Der blei dei i 45 minutt.

Dei fleste har rømt

Flesteparten av innbyggjarane har rømt frå Baba Amr, til områder som ICRC og Syrias Røde Halvmåne allereie har besøkt, sa talsmann for ICRC, Hicham Hassan.

Nekta å sleppe inn hjelpemannskap

Menn og gutar i Syria er ikkje trygge

Dei fleste sivile har no rømt frå det verste området i Homs.

Foto: Rodrigo Abd / Ap

Bydelen har i fleire veker vore utsett for kraftige angrep av regimevennlege styrker, og humanitære organisasjonar har lenge pressa på for å få tilgang til såra og andre som treng hjelp.

LES: Slipper ikke inn med hjelp

– Vi blir fortalt at det er tryggleikssituasjonen som gjer at vi ikkje får kome inn, at der er miner og minefeller, sa ein talsmann for Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC), Saleh Dabbakeh, tidlegare denne veka.

– Vi har ikkje moglegheit til å verifisere dette, seier han. Måndag byrja organisasjone nå dele ut mat og ulltepper i to andre bydelar i Homs, dit mange av innbyggarane i Baba Amr har flykta.

FN-Amos: sjokkerande syn

Valerie Amos, FN

FNs naudhjelpskoordinator, Valerie Amos besøker Syria

Foto: SIMON MAINA / Afp

FNs naudhjelpskoordinator Valerie Amos kom til Syria på onsdag. Ifølge ei talskvinne var synet som møtte Amos i byen Homs eit sjokk.

– Homs er blitt lagt fullstendig i ruinar, sa naudhjelpskoordinatoren.

Homs har vore åstad for brutale angrep og kampar dei siste vekene, og medan Amos var på besøk skal ho ha blitt stoppa frå å gå inn i dei verste områda trass i at ho blei lovd tilgang.

FN-delegasjonen skal ha høyrt skot medan dei var på besøk i byen ifølge talskvinna til Amos.

LES: FN slipper inn i Syria

– Slik generalsekretær Ban Ki-moon har bede om, kjem mitt mål til å vere å be partane om å tillate uhindra tilgang for hjelpearbeidarane, slik at dei kan evakuere folk som er såra, og levere naudhjelp, sa Amos.

Samarbeid med atterhald

Naudhjelpskoordinatoren ønska eigentleg å besøke Syria førre veke, men blei då nekta innreise. No lovar den syriske diplomaten Walid Muallem å samarbeide, men med atterhald.

– Syria vil samarbeide med delegasjonen frå FN innanfor rammer som respekterer suvereniteten til Syria, sa Walid Muallem då han møtte Amos onsdag, ifølgje nyheitsbyrået SANA.

Over 8 000 drepne - flest sivile

Den syriske hæren tok full kontroll over bydelen i opprørsbastionen Homs førre veke. Baba Amr blir skildra av augevitner og journalistar som åstad for grusomme krigshandlingar. Det har blitt meldt om tortur og avretting av både born og vaksne.

– Dette er ikkje krig, det er ei ukritisk massakre av menn, kvinner og barn, seier den britiske fotografen Paul Conroy, som skada ble smugla ut av Homs i Syria førre veke.

LES: – Soldatane torturerer og drep sønene våre

LES: – Menneskene venter på døden, de ser ingen håp om hjelp

Så langt er om lag 8 500 syrarar drepne i konflikten i Syria, ifølgje aktivistgruppa Syrian Observatory for Human Rights.

Det er flest sivile syrarar som har blitt drepne, seier leiaren av aktivistgruppa med sete i Storbritannia, Rami Abdel Rahman.

SISTE NYTT

Siste nytt