Hopp til innhold

– Soldatane torturerer og drep sønene våre

Folk som flyktar frå Homs i Syria fortel at soldatane utfører grufulle overgrep mot sivilbefolkninga, ifølgje BBC.

Syriske born varmar seg i det kalde klimaet

Det blir kaldare i Syria, og mange prøvar å rømme. Desse borna varmar seg så godt dei kan.

Foto: Rodrigo Abd / Ap

Ei kvinne i utkanten av Homs fortalde BBC at soldatar hadde kutta over strupen til den tolv år gamle sonen hennar på fredag, dagen etter at opprørsstyrkane trekte seg ut av Baba Amr-distriktet.

Ho fortalte at 35 andre menn og gutar frå området også hadde blitt tekne til fangar og drepne.

LES:

Menn og gutar i Syria er ikkje trygge

Gutar og menn i Syria blir ifølge BBC utsett for grove overgrep, tortur og avrettingar.

Foto: Rodrigo Abd / Ap

Regjeringa har nekta Røde Kors tilgang til Baba Amr i dei fire påføgande dagane.

Kritisk situasjon

Aktivistar åtvarar om ein humanitær katastrofe i området. Dei manglar elektrisitet, vatn og kommunikasjon, i tillegg har temperaturane sokke kraftig og det har snødd i området.

Matvareforsyningane er faretruande lave, og mange menneske er redde for å forlate området av frykt for å bli torturerte og drepne, skriv BBC.

LES: – Menneskene venter på døden, de ser ingen håp om hjelp

Søndag gjekk regjeringsstyrkar inn i Baba Amr med stridsvogner etter at opprørsgruppa Den Frie Syriske Armé trekte seg ut. Humanitære organisasjonar er framleis nekta inngang i det verst ramma området Baba Amr.

Torturerer og drep gutar

Opposisjonelle og menneskerettsaktivistar har sagt at regjeringsstyrkane i Baba Amr har teke menn og gutar over 14 år til fange, torturert og tatt livet av dei.

Dette er ikkje dokumentert, men folk som flyktar frå Homs har fortalt til BBC at soldatane har gjort seg skuldig i grufulle overgrep, inkludert systematiske avrettingar der dei kutta over strupen til fleire fangar.

Grufulle historier

Menn i gatene i Syria er ikkje trygge

Menn i gatene i Syria er ikkje trygge, melder augevitner i Homs.

Foto: Rodrigo Abd / Ap

Ei kvinne som hadde gått i tre dagar for å sleppe unna, sa at på fredag hadde troppane tatt 36 menn og gutar frå området, og drepe dei. Mellom dei var hennar eigen son.

– Dei kutta over strupen til sonen min. Han var tolv år, skal kvinna ha sagt til BBC-journalisten i Syria.

Mannen hennar fortalte at han gøymte seg om lag 50 meter unna, og såg ein soldat halde nede hovudet til sonen sin med støvelen, medan ein annan drap han i kaldt blod.

– Eg høyrte skriket hans, fortel han til BBCs korrespondent.

Blei beordra til å drepe sivile

BBC skal også ha snakka med avhopparar frå regjeringsstyrkane, som fortel at dei blei beordra til å skyte alt som rørte på seg. Dei fortalte at dei ikkje skulle skilje mellom uskuldige sivile og motstandarane.

LES:

LES: EU aukar presset på Syria

– Dei tok ektemennene våre, dei kjem til å slakte dei som sauer, fortel ei anna kvinne.

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) seier at mellom 1000 og 2000 syrarar frå Homs har prøvd å nå grensa til Libanon av frykt for å bli slakta ned av regjeringsstyrkane.

SISTE NYTT

Siste nytt