Hopp til innhold

Så mykje dyrare blir dei populære elbilane

Gjer regjeringa som dei har varsla, kan elbildraumen koste 70000 kroner meir. Noregs største bilimportør vurderer å gå tilbake på løftet om å kutte ut fossile bilar.

Biler i Karmsundgata i Haugesund

NÅR NOREG MÅLET?: Noreg har eit mål om at alle personbilar skal vere utsleppsfrie i 2025. Fleire fryktar at det ikkje går med dei nye føreslåtte avgiftene.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Me fryktar at regjeringa sitt forslag kan styra forbrukarane i retning av dieselbil eller ladbare hybridbilar med store utslepp.

Det seier kommunikasjonsdirektør Øyvind Rognlien Skovli i Harald A. Møller, Noregs største bilimportør.

Øyvind Rognlien Skovli

FRYKTAR FLEIRE FOSSILE: Øyvind Rognlien Skovli, i Harald A. Møller.

Foto: Kilian Munch

Sist veke la regjeringa fram eit forslag til statsbudsjett for neste år, der dei blant anna ønsker å innføre ei eingongsavgift, og moms for kjøp av nye elbilar.

Det betyr at ein betaler ei avgift basert på vekta av bilen, og moms på den delen av kjøpesummen som er over 500.000 kroner.

Ifølgje Skovli vil avgiftene føra til at kjøpsprisen på populære elbilar stig med fleire titusen kroner.

Dette gjer at dei vurderer å gå tilbake på eit løfte dei har gitt.

Les også Innfører økte bompengesatser for elbil: – Tidenes dårligste elbilbudsjett

Jan Arild Skappel har hatt elbil i ti år

Har rekna ut skilnadene

Bilimportøren har gjort ei utrekning for å syne korleis dei nye avgiftene slår ut for to bilmodellar dei meiner kan vere aktuelle for same kjøpar.

Den eine er elbilen ID. 4 GTX og den andre er ein VW Tiguan i hybrid- og dieselversjon.

Utrekninga viser at ID. 4 GTX med tilleggsutstyr, som i dag ville kosta 595.000 kroner, får eit påslag mot nærare 45.000 kroner med dei føreslåtte elbilavgiftene.

Rekneeksempel frå Harald A. Møller:

Drivlinje

Økt MVA

Økt engangsavgift

Økt avgift totalt

Tiguan 1,4 245 hk eHybrid DSG R-Line

PHEV

26.890

26.890

ID.4 GTX - (pris ca. 595.000) - gjennomsnittlig utstyrt

BEV

23.615

20.800

44.415

Tiguan 2,0 150 hk TDI DSG 4MOTION Elegance

Diesel

38.043

38.043

Tiguan 2,0 200 hk TDI DSG 4MOTION Elegance

Diesel

41.726

41.726

Tiguan 1,4 245 hk eHybrid DSG Elegance

PHEV

27.278

I haust gjekk Møller bil ut med ein lovnad om å kutta alle fossile personbilmodellar frå Volkswagen frå og med 2024.

Nå er dei usikre på om det er mogleg.

– Spørsmålet nå er om me må gå tilbake på dette løftet, seier Skovli.

Også NAF har rekna ut kor store utslag dei nye avgiftene vil få på eit utval elbilmodellar. Dei presiserer at bilane i utrekninga er godt utstyrt:

– Regjeringa avlyser elbilsatsinga

Sidan 2017 har Noreg hatt eit mål om at alle nye personbilar i 2025 skal vera utsleppsfrie. For å oppnå målet har elbilkjøparar fått visse fordelar, som til dømes inga eingongs- eller meirverdiavgift.

At desse fordelane kan forsvinne er stortingsrepresentant Ola Elvestuen (V) svært kritisk til.

Ola Elvestuen Pressekonferanse om regjeringens tredje krisepakke

SVÆRT KRITISK: Ola Elvestuen (V).

Foto: Stian Lysberg Solum

– Regjeringa avlyser nå den elbilsatsinga Noreg har hatt i mange år og som har vore ei stor suksess, seier han.

Elvestuen, som var klima- og miljøminister i Solberg-regjeringa, meiner det er all grunn til å vere bekymra for at elbilsalet byrjar å gå ned. Han meiner det regjeringa gjer nå er grunnleggande feil.

– Dei gjer det dyrare å velje miljøvennleg og billigare å behalde fossilbilen, seier han.

Dei dårlege nyheitene til trass, håpar ikkje Skovli i Møller Bil at dei må skrinlegge løftet om å kutte ut ein del fossile bilar.

– Det trur eg neppe vert aktuelt, men samstundes er det forstemmande at me er tvungne til å tenka tanken, seier han.

Trur ikkje målet er truga

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) meiner auka ikkje vil true målet om utsleppsfrie bilar.

Geir Pollestad (Sp)

FORNUFTIG AVGIFT: Geir Pollestad (Ap).

Foto: Odin Omland / NRK

– Det er ingenting ved denne avgiftsendringa som utfordrar verken målet om nullutsleppsbilar i 2025 eller konkurransekrafta til elbilane, skriv han i ein e-post til NRK.

Han er også kritisk til utstyrsnivået i utrekningane til NAF og Møller.

– Eg er ikkje overtydd om at folk ønsker at tilleggsutstyr skal ha momsfritak, seier han.

Heile svaret til Pollestad kan du lese her: