Hopp til innhold

Nå har det snudd - oljebransjen manglar lærlingar

Oljebedriftene treng fleire lærlingar, men nå er det ikkje nok elevar å ta av. Etter nokre mørke år, lysnar det for ungdommen som har satsa på ei framtid i oljebransjen.

Henrik Hovda med Petrojarl-skipet i bakgrunnen

Henrik Hovde (17) satsa på ein bransje i fritt fall for to år sidan.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– I media sa dei at det var liten sjanse til å få jobb, og at mange alt har mista jobben. Men eg tenkte at det går nok opp igjen, seier Henrik Hovde (17) frå Drammen.

Han går andre året på brønnteknikk-linja på Stavanger offshore vidaregåande skule og reiste frå Austlandet til oljebyen Stavanger fordi han hadde tru på at oljeboring var noko å satse på, mot alle odds.

– Den einaste eg kjente som gjekk boreteknikk-linja var ein kamerat til broren min. Han var lærling, men då eg kom inn for to år sidan, så fekk han beskjed om at han ikkje fekk jobb, fortel Henrik Hovde.

Det skjer noko

Frå hausten 2014 har oljebransjen fått gjennomgå. Oljeprisen er halvert og 50 000 har mista jobben.

Aina Tangen, fungerande dagleg leiar i Opplæringskontoret for oljerelaterte fag.

– Oljebransjen treng lærlingar igjen, slår fungerande leiar for Opplæringskontoret for oljerelaterte fag, fast.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Nå har det snudd i bransjen, og nå ser dei behovet for å ha fleire lærlingar, seier Aina Tangen, fungerande leiar for Opplæringskontoret for oljerelaterte fag.

Det er 95 elevar som går ut av VG2 brønnteknikk i heile landet denne våren. Medan det er meldt inn behov for 130 lærlingar.

– Løysinga blir å tilby læreplassar til nokre av dei som ikkje fekk i fjor, og dersom prognosane slår til må me henta elevar frå elektrikar- og flyfag i tillegg, seier Tangen.

Færre utdannar seg til ei framtid i olja

Det er Stavanger offshore vgs. som utdannar dei fleste til jobbar innan boreteknikk her i landet. Tidlegare var dette ei linje der karaktersnittet låg på over fem, nå kjem alle inn.

Gry Kapstad, utdanningsvegleiar Stavanger offshore vgs

Utdanningsrettleiar Gry Kapstad ved Stavanger offshore vgs., har opplevd at elevtalet på brønnteknikk har gått ned.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Yrkes og utdanningsrettleiar ved skulen, Gry Kapstad, har jobba hardt for å få ungdom til å velja ei framtid innan oljeindustrien. Ho veit at bransjen går opp og ned, men det har vore vanskeleg å overtyde ungdommen om det.

– I nedgangstider så føler ikkje eg at eg når fram til dei. Eg har jo sagt at det er ein kjempesjanse for dei som ikkje er så skuleflinke for nå er det mindre konkurranse, men søkjartalet går likevel ned, seier Kapstad.

Det ordnar seg

Henrik Hovde ser for seg lærlingtida i eit brønnteknikk-selskap, der han kan drive med vedlikehald av oljebrønnar på norsk sokkel.

– I desse dagar går intervjurunden med oljeselskapa føre seg, og om to veker får eg vita kor eg får læreplass, seier han.