Hopp til innhold

Mindre pengar frå Petoro til staten

Petoro har overført 51 milliardar kroner til staten i løpet av dei ni første månadane i år. Det er ein nedgang på 30 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Grethe Kristin Moen

Administrerande direktør i Petoro, Grethe Kristin Moen, la i dag fram tala for 3. kvartal. Dei viser at inntektene går ned.

Foto: NRK/Petoro

Som statleg aksjeselskap forvaltar Petoro statens direkte eigde delar i norsk olje- og gassverksemd – SDØE.

I dag la dei fram sine tal for 3. kvartal, og dei viser mellom anna at staten så langt har fått 21 milliardar kroner mindre frå Petoro i år, samanlikna med same periode i fjor.

Lågare gasspris får hovuddelen av skulda.

– Oljeprisen har ikkje gått så mykje ned frå 2015 til 2016, men gassprisen har gått ned ganske mykje. Det er det som gir det største fallet på inntektssida, seier administrerande direktør i Petoro, Grethe Kristin Moen.

I tillegg har dei vald å halde tilbake delar av gassproduksjonen.

– Me har moglegheit til å vera fleksible på om me skal produsera gass eller ikkje. I år har me vald å ikkje produsera full kapasitet på gass, årsaka er at me trur at me får større verdi av selje den til neste år, seier Moen.

Kostnadane går ned

Investeringane så langt i år har vore på 21 milliardar kroner, det er ein nedgang på 5,5 prosent frå same periode i 2015.

Omstillingane har ført til at inversteringskostnadane har gått ned på nokre av dei prosjekta der Petoro er partnar.

– På Johan Sverdrup er kostnadane redusert med 20 prosent, samanlikna med då avgjerda om å bygge ut blei tatt. På Johan Castberg, som er under planlegging, ser me at Statoil har greidd å redusera kostnadane med over 40 prosent i løpet av dei siste tre åra. Og begge deler er gode nyheiter for oss som skal investera i dette, seier Moen.

Over halvparten av investeringane til Petoro går til boring av nye brønnar, og også her er kostnadane reduserte. Det betyr meir pengar til staten.

– Samanlikna med i fjor vil det gi 700 millionar ekstra i statskassa.

Uroa over alvorlege hendingar

Men sjølv om Moen ser positivt på at kostnadane går ned, har også ho fått med seg at det har vore fleire alvorlege hendingar i oljeindustrien den siste tida.

– Me er også uroa over dei alvorlege hendingane som har skjedd. Det som er veldig viktig for oss er å forstå dei årsakene som ligg bak. Omstillinga kjem til å halde fram, og det me treng er tillit til at me både kan ha gode HMS-resultat og gjera omstillingsarbeid, seier Moen.