Hopp til innhold

Mildare klima er godt nytt for jordbærelskarar

Ei nesten dobling av vårdagar med over normaltemperatur gir tidlegare sesongstart for jordbærbonden på Sola. I år 2100 kan den norske sesongen starta 22 dagar tidlegare enn i dag, ifølge kartleggingar.

Joa sine jordbær

I løpet av denne sesongen ventar jordbærbonde Geir Joa å selja om lag 300.000 korger jordbær.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Mildare klima om våren har ført til at jordbærproduksjonen startar tidlegare. Det er positivt.

Den erfarne jordbærbonden Geir Joa har grunn til å glisa i jordbæråkeren sin på Sola i Rogaland.

Årets første jordbær kom rekordtidleg, og jordbærsesongen er venta å vara heilt til oktober for ein av landets største jordbærprodusentar under tak.

Kraftig omlegging

Kommunen til jordbærbonden har opplevd ein kraftig vekst i talet på vårdagar varmare enn normalt dei siste tiåra. Det same har skjedd dei fleste plassar i landet, viser ein oversikt som Meteorologisk institutt har gjort for NRK.

På Sola har talet på vårdagar over døgnnormalen nesten dobla seg dei siste 66 åra, frå 33 dagar i 1953 til 60 dagar i 2019.

– Me har lagt kraftig om heile produksjonen på grunn av klimaendringane, seier Joa.

Konkret betyr det at planter som før bar fram jordbær i to til fire år er bytta ut med sesongplanter som berre varer ein sesong. Ifølge jordbærbonden gir det ein betre og meir føreseieleg produksjon.

Og jordbærplantinga startar alt i januar i veksthus. Etterpå blir det planta nye planter kvar 14. dag til juni.

– Sol og varme ser eg berre positivt på. Me må berre ha dei plantesortane som toler klimaet, seier Joa.

Jordbær

Jordbærplanter som før varte i opp mot fire år er bytt ut med hollandske sesongplaner for jordbærbonde Geir Joa.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Fire dagar tidlegare sesongstart

Og det er ikkje berre jordbærprodusentar som har plasttak over plantene som opplever ein lenger sesong på grunn av varmare klima.

Landbruk Nordvest har undersøkt jordbærproduksjon i friland, altså utan tak, på Valldal på Sunnmøre nesten 50 år tilbake i tid.

Aksel Døving jodbærkonsulent i Valldal

Landbruksrådgivar Aksel Døving ved Landbruk Nordvest.

Foto: Privat

Tendensen er ein litt tidlegare jordbærsesong.

– Etter år 2000 har starten på sesongen i snitt vore fire dagar tidlegare enn på 70-talet, forklarer landbruksrådgivar Aksel Døving, som står bak undersøkinga.

– Har dette samanheng med mildare klima?

– Ja, det har samanheng med det. I Valldal er det mykje snø om vinteren. Ein varm mars og april månad vil då gi tidlegare snøsmelting og tidlegare bløming og modning på jordbæra, ifølge forskaren.

22 dagar tidlegare i år 2100

Ifølge jordbæreksperten er resultata frå Valldal overførbare til resten av landet, sjølv om det er store variasjonar frå år til år.

Ved hjelp av matematiske modellar har han også rekna seg fram til at jordbærsesongen kan starta 22 dagar tidlegare i år 2100 enn i perioden 1970–2018.

– Det vil føra til at Sunnmøre får ei lik modningstid på jordbær som det Agder har i dag. Heile landet får ein tidlegare sesong.

Meir nedbør og styrtregn kan likevel bli ei utfordring for dei som dyrkar jordbær i det fri. For jordbærbonde Geir Joa på Sola er det derfor uaktuelt å fjerna plasttaka over plantene.