Hopp til innhold

Meiner alle grisebønder bør smitte-testast

Grisebonde Jan Bjorland vil nå testa seg sjølv for smitte av den frykta LA-MRSA-bakterien. Styreleiaren for samvirkeføretaket Norsvin i Rogaland meiner alle svineprodusentar bør følgja etter.

Jan og Hilde Eidsaa Bjorland

Jan og Hilde Eidsaa Bjorland er grisebønder på Nærbø. Nå vil dei testa seg sjølv for LA-MRSA-bakterien.

Foto: privat

– Nå er me i fødeavdelinga. Her er det kome 250 små nøste i løpet av den siste veka, seier grisebonde Jan Bjorland.

Totalt har han 700 griser med stort og smått i grishuset sitt på Nærbø. Når han skal inn til dyra er regimet strengt for å unngå smitte.

– Eg følgjer rutinane me er informerte om. Det går mellom anna på å skifte klede og vaske hendene grundig før eg går inn, seier han.

Undersøker alle buskapar

I februar blei den antibiotikaresistente bakterien LA-MRSA påvist i seks grisebuskapar i Trøndelag, Nordland og Troms.

Bakterien kan smitta både frå gris til menneske og frå menneske til gris, og kan gi alvorlege infeksjonar hos menneske med svekka helse.

Ingen svinebuskapar i Rogaland har i år blitt smitta av LA-MRSA-bakterien. Men ti buskapar fekk smitten i fjor, ifølge Mattilsynet.

I løpet av fjoråret blei alle grishus med smågris undersøkt for bakteriesmitten i Rogaland. I år står alle slaktegrisbuskapar for tur.

Uroa over at smitten spreier seg

Ola Andreas Byrkjedal

Leriar i Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal

Foto: Magnus Stokka / NRK

Styreleiar for samvirkeføretaket Norsvin i Rogaland, Per Inge Egeland, er uroa over at smitten spreier seg i landet på ny.

– Bekymringa er stor fordi me ser kor enkelt smitten kjem inn, og me veit kor vanskeleg det er å få den ut. I tillegg får smitten store konsekvensar for dei som blir ramma, seier han.

Leiar i Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal, meiner alle svineprodusentar nå bør testast for smitte.

– Dette vil me ikkje ha inn i husdyrhaldet vårt. All arbeidskraft knytt til produksjonen bør testast, seier han.

Vil testa seg sjølv

Dette støttar styreleiaren for samvirkeføretaket Norsvin i Rogaland, Per Inge Egeland. 370 grisebønder er medlem av samvirket i landets størte svinefylke, Rogaland.

– Når me ser omfanget i Trøndelag og Nord-Noreg kan det vera ein grei ting å ta denne testen. Så har me i alle fall rydda denne trugselen av vegen, meiner han.

Grisebonde Jan Bjorland har til nå ikkje testa seg sjølv for smitte, men buskapen hans var blant dei første som blei testa for ei tid tilbake.

Nå vil han likevel ta ein test for å vera på den sikre sida.

– Den runden er både eg og mine arbeidsfolk nøydde til å ta. Då kan me vera sikre, seier han.