Hopp til innhold

Langeland om lyntog-nei: – Partia me samarbeider me er ikkje offensive nok

Dei som vil køyra lyntog i Norge, må venta i mange tiår, og det er usikkert om det nokon gong blir noko av, skriv VG. Men Langeland har ikkje gitt opp lyntogdraumen sin.

Hallgeir Langeland
Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Høyhastighetstog

Langeland håper at han ein dag kan bruka to timar og eit kvarter med lyntog mellom Stavanger og Oslo.

Foto: Wärter for Deutsche Bahn

Lyntogutgreiinga til 80 millionar kroner blir nå lagt bort, og regjeringa seier nei til lyntog skriv VG i dag. Det gjer også Høgre og Frp.

Før intercityutbygginga på Austlandet er ferdig rundt 2030, er det ikkje snakk om å byggja skjenegang for snøggtog i Noreg.

– Det viktigaste først

– Me må gjera det viktigaste først. Det er å laga eit godt togtilbod rundt dei store byane Oslo, Bergen og Trondheim, seier samferdselsminister Marit Arnstad (Sp) til avisa.

Arnstad meiner likevel ikkje at utgreiinga av lyntog er bortkasta:

– Me fekk fram nokre viktige fakta, og utgreiinga ligg der og kan koma til nytte seinare. Difor har me føreslått å byggja intercitystrekningane for 250 km/t der det er mogleg, for ikkje å stengja for lyntog i framtida, seier Marit Arnstad.

– Svak utgreiing

Medlem av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Hallgeir Langeland (SV), meiner haldninga er for lite offensiv.

– Det er klart at det har kome dårlegare signal i den nasjonale transportplanen, enn det SV gjerne skulle sett. Årsaka til dette er at partia me samarbeider med ikkje er like offensive på lyntog som det me hadde ønskt.

Langeland meiner at utgreiinga er svak når det kjem til klimaspørsmålet. Han viser til andre norske utgreiingar med andre kalkylar, der snøggtoget kjem betre ut.

Sjølv om regjeringa legg vekk utgreiinga mot Langeland sin vilje, meiner han likevel at SV får til mykje bra på togsatsinga gjennom regjeringssamarbeidet sitt.

– Meir har til dømes fått inn ei formulering om Jærbanen i NTP-ein, trass tung satsing på veg på Vestlandet. Men me i SV skulle sjølvsagt ønskt oss mykje meir pengar til tog, seier Langeland.

Han meiner likevel at intercitystrekningane for 250 km/t er eit klart signal frå regjeringa om at lyntogplanane ikkje er lagt bort for godt, sjølv om draumen hans for lyntog nå er nokså urealistisk.

– Eg skulle ønskt at eg i 2018 kunne setja meg på eit tog i Stavanger sentrum, og at eg to timar og eit kvarter seinare var i Oslo, seier stortingspolitikaren.