Hopp til innhold

– Spelarane er ekstremt profesjonelle

Det har vore mykje støy rundt FK Haugesund den siste tida. Fungerande trenar, Andrea Loberto, lover likevel at spelarane er hundre prosent fokuserte før kampen mot Rosenborg.

Andrea Loberto

TRENARSTØY: Andrea Loberto sit ved FKH-roret etter at hovudtrenar Mark Dempsey overraskande trekte seg i førre veke. Klubben vurderer å setja inn ny hovudtrenar.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Dei beviste allereie mot Viking førre helg at dei klarer å stenga støyen rundt klubben ute. Det er klart at dei får mykje gratis motivasjon i eit lokalderby, men også på treningsfeltet har dei hatt veldig fint fokus og god kvalitet på øktene, seier nåverande FKH-trenar Andrea Loberto til NRK timar før dei møter Rosenborg på Lerkendal.

For trenar-situasjonen i klubben etter Dempsey-avgangen er framleis ikkje avklart. Sjølv om Andrea Loberto ønsker å vera hovudtrenar, så er det kjent at klubben er i samtalar med G19-landslagstrenar og tidlegare Haugesund-assistent Eirik Horneland.

Kjenner Rosenborg godt

I dagens kamp er det kanskje Loberto som er lagets viktigaste kort. Han kom nemleg til FK Haugesund frå Rosenborg, der han jobba med unge spelarar og analyse av kampar.

Denne kunnskapen, seier trenaren, skal dei bruke for det den er verd.

– Me har førebudd oss som me plar, men kanskje ekstra nøye i forkant av denne kampen, fordi eg har jobba der og kjenner måten dei ønsker å spela på. Eg kjenner styrkane deira og samstundes veikskapane deira, fortel Loberto.

Men Rosenborg er ingen lett motstandar uansett om ein kjenner veikskapane deira eller ikkje.

– Dei fleste kjenner måten Rosenborg spelar fotball på. Styrken deira er at samhandlinga sit såpass godt, når det først funkar så funkar det veldig effektivt, seier Loberto.

Luktar på fjerdeplassen

Dersom FKH vinn dagens kamp så klatrar dei opp på ein sterk fjerdeplass på tabellen. Noko Loberto meiner er fullt mogleg.

– Me trur me skal klara å gi Rosenborg utfordringar, og me har tidlegare vist på heimebane at me kan matcha dei. Derfor har me absolutt trua på at me kan vinna denne kampen, seier Loberto.

Det skal i alle fall ikkje stå på spelarane sitt fokus, legg han til.

– Spelarane er ekstremt profesjonelle, seier han.

SJÅ VIDEO: Toppscoraren

Den nye toppskåraren i Eliteserien har venta lenge på at det skulle løsna. FKH-spiss Torbjørn Agdestein er glad han aldri ga opp.

TORBJØRN AGDESTEIN: Han har scora åtte mål på seksten kampar, det er meir enn Rosenborg sin toppscorar, tidlegare FKH-spelar Christian Gytkjær.