NRK Meny
Normal

Livet på den grøne sida

Ekteparet Mari Hult og Erik Sæter Jørgensen strevar etter å leva eit liv heilt utan kjøt, skinn, E120 og hestelim. – Somme tider upraktisk, men alltid verd det, seier dei.

Mari Hult og Erik Sæter Jørgensen

STAVANGER: Matbloggar Mari Hult og biletkunstnar samt avisredaktør Erik Sæter Jørgensen er veganarar. Det meste av det dei et får dei i torgbu på Domkyrkjeplassen i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Vegansko

VEGANSKO: Skoa til Erik er frie for lim framstilt av dyr.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Du hadde kanskje trudd me skulle ha dreads og hippieklede, seier Erik Sæter Jørgensen.

Verken han eller kona Mari Hult ser ut som hippiar, men fire buttons på dongerijakka til Erik avslører at dette er eit ektepar med sterke meiningar.

Og sterkast meiningar har dei nok om å eta kjøt. Kjøteting har dei over hovudet ikkje sans for, noko som syner godt att på Twitter-kontoen til Erik.

Å snakke om solidaritet mens en bifaller massedrap av andre arter er som å mishandle kona og kalle seg feminist

@Erik_nufsaid

VIDEO: – Det er berre noko som gjer meg lukkeleg

Det finst mange ulike grunnar til å bli vegetarianar, og det finst mange måtar å vera det på. Nokre vel bort alt som har med dyr å gjera, medan andre berre vel bort noko.

Ifølgje statistikken finst det litt meir enn 100.000 personar, som ikkje et kjøt i Norge, og mykje tyder på at dei blir fleire og fleire, sjølv om nordmenn også forbrukar meir og meir kjøt.

På den internasjonale vegetardagen har NRK.no funne nokre representantar frå dei 100.000 som ikkje et kjøt her i landet. Dette for å finna ut kva som driv dei vekk frå hamburgarane og ned i salatskåla.

NRK.no har spurt åtte vegetarianarar om kvifor dei ikkje et kjøt.
NRK.no har spurt vegetarianarar om kva yndlingsretten deira er.

Dei spurte er: Lars «Atlars» Tønnessen, Camilla Veen, Anne Helen Eide, Halvor Wien, Anita Sunde, Øystein Runde Ohna, Kristin T. Østrem og Ivar Vasstveit.

Tar det eit steg vidare

Erik Sæter Jørgensen er utdanna økonom, redaktør i Natt og Dag si Stavanger-avis og biletkunstnar. Han seier at han har venar over heile fjøla, som tar avstand frå kjøt, og at stereotypane berre er mytar.

– Ein treng ikkje plent vera hippie. Eg kjenner både advokatar, politikarar og metallmusikarar, som ikkje et kjøt, seier han.

Saman med kona si, matbloggar og IT-konsulent Mari Hult, har dei tatt steget lenger enn det å berre ta avstand frå kjøt, dei er veganarar.

– Det vil sei me ønskjer å leva eit liv der me på ingen måte tar del i utnytting av dyr, seier han.

– Er det utnytting av dyr å halda mjølkekyr?

– Ja.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Billig innkjøp

Mari driv den best besøkte vegetarbloggen i Norge, vegetarbloggen.com. Her legg ho ut oppskrifter til rettar utan kjøt, egg, fisk og mjølk.

Det er derfor naturleg at dei inviterer på middag. Men først må råvarene kjøpast inn.

– Her får eg det meste eg treng, og det eg får veit eg har blitt dyrka i nærleiken, seier Mari, medan ho kikkar seg rundt på Domkyrkjeplassen i Stavanger der grønsakshandlarane står tett.

Ho vil laga lasagne med litt salat attåt. Grønsakshandlar Bertel Viste legg i posen medan Mari peikar.

Eit halvt kilo cherrytomatar, ein bunt vårlauk, ein grønkål og ein bunt raudbetar kjem på 85 kroner. Resten av ingrediensane har ho heime.

– Eg tykkjer synd på veganarar og vegetarianarar som et slafsen soyapølser og dårlege bønnerettar, seier ho på veg heim til leilegheita deira på Kannik.

– La kyllingen tilbake på tallerkenen

Vel heime sett Mari i gang med den kjøtfrie lasagnen, medan Erik fortel om korleis livet som veganar er. Eit liv som starta for dei begge for om lag to år sidan.

– For min del slo det meg ein dag kor ulogisk det var å meina at eg var eit medfølande og rasjonelt menneske, når eg framleis åt dyr.

– Eg tenkte på all den lidinga dyr går gjennom for me skal eta kjøt tre gonger om dagen. Det heile var så lite logisk at eg la kyllingen tilbake på tallerkenen og sa aldri meir.

I tillegg til kosthald inneber veganarlivet deira at dei ikkje på nokon måte skal bruka dyreprodukt. Derfor må dei tenka på alt. Frå det dei kler seg i, til såpa dei vaskar golvet med.

– Det finst dyreprodukt i dei raraste ting. Det er til dømes lett å finna sko utan skinn, verre er det å vita at limet i skoa er fritt for hest, seier han.

Dei styrar også unna til dømes jordbærsyltetøy med fargestoffet E120, som stammar frå knuste insekt.

Begge er samde om at det er intensjonen som avgjer om du er veganar eller ikkje.

– Det er umogleg å leva hundre prosent som veganar, poenget er at du prøver.

– Kva er den største ulempa?

– Eg ser ingen ulemper med å vera veganar. Eg et god mat og er i god form. Det kan sjølvsagt vera upraktisk om du er på ein bensinstasjon på bygda der dei berre sel baconpølse, men då kjøper eg heller ei frukt og tar meg ei flaske vatn, seier han.

VIDEO: Mari lagar lasagne

Heime hos Mari Hult og Erik Sæter Jørgensen blir lasagnen laga heilt utan animalske produkt. Sjå korleis Mari går fram i grytene.

►SJÅ VIDEO: Heime hos Mari Hult og Erik Sæter Jørgensen blir lasagnen laga heilt utan animalske produkt. Sjå korleis Mari går fram i grytene.

Fleire kvinner enn menn

Dei siste 15 åra har talet på vegetarianarar dobla seg i Norge, og vegetarmat er meir populært enn nokon sinne. Den siste spørjeundersøkinga frå SIFO syner at om lag to prosent av det norske folk var vegetarianarar i 2004.

Men kven er dei eigentleg?

– Det er fleire kvinner enn menn, det er fleire unge enn eldre og dei kjem heller frå byar enn landet, seier Pål W. Thorbjørnsen.

Han er informasjonsansvarleg i Norsk Vegetarforening. Han fortel om ei auke i vegetartilbodet i norske butikkar, fleire helsekostbutikkar og fleire restaurantar som sel rein vegetarkost.

– Kvifor blir folk vegetarianarar?

– Dei tre vanlegaste argumenta for å bli vegetarianarar er eiga helse, dyrevelferd eller miljø. I den rekkefølgja, svarar Thorbjørnsen.

Han seier at matbloggar og gode kokebøker, som har kome den siste tida, har gjort sitt for at folk har fått augo opp for vegetarmat, utan at dei plent er vegetarianarar.

FN og vegetarisme

Når det kjem til miljøet har vegetarianarane tungtvegande argument frå ein ny rapport utgitt av mellom anna FN sin organisasjon for ernæring og landbruk.

I denne kan ein lesa at dersom det skal vera nok mat til det forventa folketalet på ni milliardar i 2050, må kosthaldet leggjast om.

Poenget er at kjøtproduksjon krev mykje meir energi og vatn enn produksjon av vegetarmat.

Ifølgje rapporten kan berre fem prosent av det totale kaloriinntaket til menneska koma frå kjøt, om det skal vera nok vatn til matproduksjonen i 2050. I den vestlege dietten er dette talet langt høgare i dag.

– Derfor er me også glade for folk som legg om kosthaldet til å eta meir vegetarmat. Ein treng ikkje slutta heilt med kjøt for å bidra til ei positiv utvikling, seier Thorbjørnsen.

Men sjølv om vegetarmat er populært, et me ikkje mindre kjøt i Norge.

Tal frå Opplysningskontoret for egg og kjøt syner at kvar enkel nordmann nå forbrukar meir kjøt enn nokon sinne, og 20 kilo meir enn for 30 år sidan.

Så mykje kjøt forbrukar kvar nordmann årleg

Så mange kilo kjøt forbruker kvar innbyggar

 

1979

1989

1996

1998

2007

2008

2009

2010

Total

47 kg

46 kg

56 kg

58 kg

68 kg

70 kg

67 kg

67 kg

Svin

19,5

17,7

23,7

23,8

26,9

26,0

25,9

26,2

Storfe

18,5

16,8

20,1

20,5

20,0

20,1

18,5

18,3

Kalv

0,5

0,3

0,2

0,2

0,4

0,4

0,4

0,3

Får/lam

5,5

6,0

5,2

5,5

5,6

6,0

5,2

5,5

Geit/kje/hest

0,3

0,3

0,2

0,2

0,2

0,1

0,1

0,1

Fjørfe

2,7

4,6

6,9

7,7

14,9

16,9

17,7

17,0

Dette er engrostal som representerer landets matforsyning. Desse gir informasjon om vekt på slakt, inklusivt bein. Det reelle inntaket er derfor noko lågare. (Kjelde: Opplysningskontoret for egg og kjøt)

Dette er engrostal som representerer landets matforsyning. Desse gjer informasjon om vekt på slakt, inklusiv bein. Det reelle inntaket er derfor noko lågare. (Kjelde: Opplysningskontoret for egg og kjøt)

Lågkarbodiett

Ein grunn til at kjøtsalet i fjor gjekk som det suste var den populære lågkarbodietten. Det stadfestar konstituert kommunikasjonsdirektør i Nortura, Tor Olav Brandtzæg.

Tor Olav Brandtzæg

Tor Olav Brandtzæg i Nortura, seier dei kunne sjå lågkarbotrenden på salet av egg og bacon i fjor.

Foto: Nortura

– Me såg ein kraftig auke i sal av bacon og egg hos oss i fjor. Det hadde nok med lågkarbodietten å gjera, men nå kan det sjå ut som om dette har flata seg meir ut, seier han.

Heime hos Erik og Mari i Stavanger, har dei lite til overs for trenden.

– Det er ein avskyeleg måte å leva på. Først og fremst er lågkarbo ekstremegoisme. Du seier at utsjånaden din er viktigare enn absolutt alt anna. Både dyr og folk kan dø, dersom du berre får sixpacken din, seier Erik.

– Kva meiner du med at menneske kan dø?

– Lågkarbodietten krev mykje kjøt. Kjøt krev igjen mykje ressursar å produsera. Desse ressursane tar du frå andre.

– Så anten om det er å øydeleggja regnskog i Amazonas for å få soya til kraftfôret til biffen din frå Jæren, eller om du legg beslag på vassressursar som kunne gått til lokal matproduksjon i Afrika, så betyr det at valet ditt spelar ei rolle for menneske på heile kloden.

Hos Nortura delar dei ikkje dette synet.

– Er det noko me har nok av i Norge så er det vatn og gras, derfor er det viktig at me held oppe matproduksjonen her. Men FN har nok rett i at det vil bli problematisk dersom ni milliardar menneske skal over på det kosthaldet som me har i vesten, seier Brandtzæg.

Han legg til at dei er for eit variert kosthald i Norge, og at dei ikkje baserer framtida si på lågkarbotrenden.

– Kjøtetar i Prius

Er det ingen animalske produkt i dette?

Vegan Runners

Erik Sæter Jørgensen er med i Vegan Runners, eit samfunn for Veganarar over heile verda som spring. I Stavanger-området er dei ni stykk som spring for Vegan Runners.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Sjølvsagt ikkje, svarer Mari, nærmast fornærma.

På dei kvite middagstallerknane ligg det nå lasagne, focacciabrød og raudbeteravioli fint dandert. Det smaker fortreffeleg, og det er endåtil vanskeleg å avsløra at det ikkje er ost i lasagnen.

– Det er på grunn av næringsgjæren, som eg har brukt i den kvite sausen, den gjer litt ostesmak, seier ho.

Mannen sit ved sida av og er nøgd.

– Dette er det beste eg får, seier Erik.

For paret er valet om kva du har på tallerkenen din det viktigaste valet du gjer i livet.

– Det er eit kjempeenkelt val, og du gjer det mange gonger om dagen. Om du gjer rett val her betyr det at både dyr og menneske får det betre, fortel Erik medan han et.

Dei meiner livet på den grøne sida er verd kvart sekund dei må leggja ned i sjekking og dobbeltsjekking av alt dei kjøper inn og bruker.

– Du veit at ein veganar i Hummer forureinar mindre enn ein kjøtetar i Prius.

– Og me to køyrer Polo, skyt Mari inn og ler.