Klokka 16.30 er leitearbeidet i ferd med å avsluttast for dagen, opplyser politiet. I løpet av kvelden skal det vurderast om leitinga skal forsetja i morgon.
Politiet har sidan i går kveld jakta ein 28 år gamal innbrotstjuv frå Marokko i området rundt Åkrafjordtunet, i Etne, nordaust for Haugesund.
– Me har god grunn til å tru at han er i dette området, og at han kan vera i naud, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland Håkon Tornes.
- Les òg:
Sidan terrenget i området er svært vanskeleg å ta seg fram i, og vêret er dårleg, har politijakta nå gått over i ein redningsaksjon.
Siste nytt klokka 14.15 er at redningshelikopteret har returnert, og frivillige tek seg inn i Etnefjella på leit etter mannen.
Vanskelege søkeforhold
Klokka 12.05 var helikopteret til Hovudredningssentralen (HRS) på plass i Åkrafjorden. Men leiteforholda er vanskelege.
– Det er mykje skog i området, så det er vanskeleg å gjera eit godt søk, seier redningsleiar i HRS, Andreas Bull til NRK.no klokka 13.30.
Førebels er det ikkje gjort funn, og om ikkje lenge må helikopteret returnera.
– Me søker så lenge det er drivstoff. Men det blir nok denne eine runden. For klokka to skal regnet auka på og det blir fort mørkt nå om ettermiddagen, seier Bull.
Redningshelikopteret har nå avslutta søket frå lufta og frivillige på bakken har overteke leitinga.
– Vi har søkt godt gjennom det aktuelle området, og værsituasjonen er verre nå enn tidlegare. Derfor har vi avslutta helikoptersøket etter mannen, seier Ola Vaage ved Hovudredningssentralen (HRS) klokka 14.15.
For ein time sidan reiste helikopteret inn til Stord for å fylle drivstoff, og blei verande på staden.
Sporet slutta i bratt terreng
Etter politiet valde å gå ut med bilete av innbrotstjuven i helga har jakta teke seg opp. I går kveld enda politiet opp ved Åkrafjordtunet.
Her fann dei ein stolen og forlaten bil. Etterpå oppdaga dei at det hadde vore brekk i ei hytte i område.
– Me følgde deretter sporhundane våre som tok oss med til eit veldig bratt terreng, her mista dei sporet sitt, fortel operasjonsleiaren.
Fann spor etter 28-åringen i hytte
– Kvifor er de så sikre på at det er 28-åringen som er i området?
– Ingen har sett han, men området er veldig aktuelt for han og me fann mellom anna ei jakke som stammar frå eit tidlegare innbrot i Haugesund sentrum i hytta. Det er mykje truleg at det er han som står bak dette innbrotet, fortel Tornes.
Derfor meiner politiet at det er god grunn til å tru at det er den 28 år gamle mannen som er på rømmen til fots i det farlege området.
– Det er svært bratte fjellsider ned til europavegen (E134), her er det umogleg å gå til fots. I tillegg til helikoptersøk så vil me søka i hyttene som er i området, seier Tornes.
Det skal vera opphaldsvêr med ein del vind i området.
På rømmen frå politiet
Mannen det blir søkt etter har vore på rømmen frå politiet sidan 29. oktober i fjor. Då stakk han av før siste dag i rettssaka mot han i Jæren tingrett i Sandnes. Rettssaka heldt fram og hen blei dømt til tre år og seks månader fengsel for ei rekke innbrot.
- Les òg:
Grunnen til at politiet gjekk ut med bilete av mannen i helga er at han har vore ein særs aktiv innbrotstjuv, som dei trur er like aktiv framleis.
I tillegg stakk han også frå politiet då han stod tiltalt i ein straffesak i Bergen i 2009. Seinast på laurdag kom han seg unna politiet i Aksdal, då dei berre var meter unna å fakka han.
Politiet har overvakingsvideo som gir dei grunn til å tru at det er denne mannen som også har stått bak fleire innbrot på Haugalandet den siste tida. Dei har mellom anna funne to depot med tjuvegods.
- Les òg: