Hopp til innhold

Mann (28) tiltalt for 31 innbrot

Det blei oppretta ein eigen naboaksjon på 80 mann i forsøk på å stoppa han, men det var ein ubetalt togbillett som gjorde at politiet fekk fatt i mannen, som dei meiner står bak innbrotsbølgja på Jæren.

Tyvgods fra én mann

TJUVEGODS: Samla sett har politiet sikra seg tjuvegods til verdiar for fleire hundre tusen kroner. Videokameraet Reidun held i handa var noko av det dei hadde teke.

Foto: Politiet

– Det såg ikkje ut. Det var rasert.

Det fortel Reidun Henny Salte Malmin frå Nærbø. Ho var ei av om lag 60 som hadde innbrot på Jæren i siste del av 2013.

– Det var like før jul. Dei hadde rive opp alle pakkane. Nokre hadde dei teke med seg, andre låg slengt rundt. Det såg ut som ei slagmark, fortel ho.

Reidun Henny Salte Malmin

Like før jul kom innbrotstjuvar inn i huset til Reidun Henny Salte Malmin og dottera på Nærbø. Dei lét etter ei slagmark.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fann tjuvegods

Innbrota skjedde så ofte og i eit så lite geografisk område at om lag 80 naboar gjekk saman og patruljerte om natta. Dei hadde politiet si velsigning. (Sjå video lenger nede)

Men verken politiet eller nabogruppa fekk fatt i dei som stal.

Og som med så mange andre innbrotssaker, blei også Salte Malmin si sak lagt vekk av politiet, og det var nok få som hadde tru på at personane bak innbrotsbølgja skulle bli tekne.

Men så, heilt tilfeldig, stoppa ein togkonduktør ein mann på togstasjonen i Stavanger. Det viste seg at han ikkje hadde løyst billett. Men då konduktøren skulle tilkalla politiet stakk han av.

I haust har ei nabogruppe på meir enn 80 personar patruljert på Jæren om nettene. – Eg vil ikkje kalla det borgarvern, men «aksjon nabohjelp», seier lensmann i Hå, Oddvar Tengesdal.

ARKIV: Dette TV-innslaget blei sendt 23. oktober 2013.

Tiltalt for 31 innbrot

I baggasjen hans, som låg att fann politiet store mengder tjuvegods. Mellom anna tjuvegodset til Salte Malmin.

– Politiet ringde med og sa at dei sat og såg på video av meg og barnebarna mine. For videokameraet mitt var noko av det som hadde blitt stole.

Sjå alle stadene kor politiet meiner mannen har gjort innbrot:

Mann (28) tiltalt for 31 innbrot

Mannen blei etterlyst av politiet, og eitt år seinare blei han teken i Bergen.

Han har sitte varetektsfengsla fram til nå. Tysdag skal han møta i retten tiltalt for 31 innbrot, som politiet har klart å kopla på han. Det er sett av fire dagar til saka.

28-åringen erkjenner delvis straffskuld.

Fleire kan ha vore med

Anders Christiansen

Anders Christiansen er politiadvokat i saka.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Salte Malmin håper at det er riktig person som blir straffa.

– Folk kan ikkje vera trygge dersom slike saker berre blir lagde vekk, så det er viktig at dei får ei straff dei som har gjort det.

Sjølv om politiet har teke det som kan ha vore hovudmannen bak innbrotsbølgja, har det truleg vore fleire involverte, som framleis går fri.

– Han er tiltalt for medverknad til ei rekke grove tjuveri, det vil sei at ein ikkje kan sjå vekk frå at det er fleire som har vore med, seier politiadvokat Anders Christiansen.