Hopp til innhold

– Han stal barna sine julegåver og tømde sparegrisane deira

Mannen har stukke av frå politiet tre gonger, og er tiltalt for fleire innbrot enn aktor nokon gong har sett maken til. Mandag starter rettsaken i Drammen tingrett.

Haugalandet er plaget av en innbruddsbølge. Disse personene ble sett da de gikk rundt og kjente på dører og kikket inn vinduer.

Video frå private overvakingskamera vil bli brukt i rettssaka mot den 31 år gamle marokkanaren, som til saman kan ha stått bak rundt 150 innbrot i Rogaland, Hordaland og Buskerud dei siste åra.

– Like før jul braut han seg inn i eit hus i Buskerud. Der pakka han opp alle julegåvene til barna og fekk med seg Ipad-ar og spel, i tillegg tømde han også sparegrisane til barna. Dette seier noko om kor systematisk han går til verks, fortel aktor Anne Maria Haarr.

Dette er eitt av mange tiltalepunkt ein 31 år gamal marokkanar må svara for i rettssaka som startar i Drammen tingrett mandag.

– Han står tiltalt for rundt 100 straffbare forhold, der dei fleste er grove innbrotstjuveri i Bergen, på Haugalandet og i Buskerud, fortel Haarr.

Frå før av er han dømd om lag 50 innbrot, hovudsakleg i Hordaland og Rogaland. Dagens rettssak er den største han har vore i, etter han starta innbrotskarriera si i Noreg tidleg på 2000-talet.

Tyvgods fra én mann

Politiet har funne fleire depot med tjuvegods som dei knyttar til 31-åringen. Dette depotet fann dei i Bergen i 2014, tjuvegodset stamma frå fleire innbrot gjort på Jæren i 2013.

Foto: Politiet

– Sprøtt å tenka på

Den omfattande tiltalen inneheld fleire tilfeller av innbrot som er gjort medan barn og vaksne søv inne i huset. I tillegg til fleire konfrontasjonar.

Mannen til Silje Haga frå Haugesund gjekk ned i stova, då innbrotstjuven framleis var der.

– Me høyrde det knirka i trappa. Då mannen min gjekk ut for å sjå kva som skjedde såg han berre bakhovudet på innbrotstjuven forsvinna ut døra. Sidan mannen min hadde så lite klede på kunne han ikkje springa etter, fortel ho.

For mange er det ei stor påkjenning med innbrot, og Haar meiner at tiltalte har skapt frykt for mange. Familien til Anne Karin Synnes frå Karmøy har erfart dette.

– Han kom inn gjennom kjellardøra, så gjekk han rundt i stova. Han tok PC-ar, klede og sko. Deretter gjekk han ut i garasjen og låste seg inn i ein av bilane for å sjå etter ting han kunne stela, forte Anne Karin Synnes.

– Korleis opplevde de dette?

– Me hadde det fælt etter det hadde skjedde, og kvar gong det er i media så kjem det litt tilbake. Det er heilt sprøtt å tenka på kor mange tjuveri denne mannen står bak.

– Ber om streng straff og ekstra tryggleik

– Har du nokon gong vore borti ei så stor sak, når det kjem til innbrot, aktor Anne Maria Haarr?

– Nei, det har eg ikkje. Eg har sjølvsagt ikkje den fulle oversikten, men eg har gått gjennom ein del saker for å sjå på rettspraksis, og ikkje funne noko liknande.

Det er ikkje berre omfanget som er smått utruleg. 44 av brekka i tiltalen skal han ha gjort på litt over 30 dagar, rett etter at han hadde stukke av frå rettssaka mot han i Jæren tingrett, medan politiet brukte store ressursar på å finna han.

Siste gong politiet fakka han var uti ei elv i Etne i desember 2015, etter dette har han sona fengselsstraff i det norske fengselet i Nederland. Ifølgje Haarr er han nå overført til Noreg, og her meiner ho at soninga vil bli forlenga etter rettssaka.

– Eg er ganske sikker på at me får ei domfelling på dei fleste tiltalepunkta. Det er straffeskjerpande når nokon gong på gong gjentek denne type kriminalitet, så eg kjem til å be om ei streng straff, seier ho.

Strafferama er ni år fengsel.

For å sikra seg mot at han ikkje skal stikka av denne gong, slik han gjorde i Drammen i 2010, i Stavanger 2014 og i Sandnes i 2015 (sjå faktaboks), så har aktor bede om ekstra tryggingstiltak.

Forsvararen til marokkanaren, Eitya Reham, er ikkje interessert i å seia noko som helst til NRK om saka.