Etterlyst for fleire innbrot

ETTERLYST I HEILE LANDET: Denne 28 år gamle mannen frå Marokko stakk av då han blei teken med tjuvegods på toget i Stavanger, seinare stakk han av då politiet skulle følgja han inn i rettslokala i Sandnes og nå i helga var politiet berre meter unna å ta han i Haugesund. Politiet har ute etterlysing etter mannen i heile Norge.

Foto: Politiet

Dette er mannen politiet ikkje greier å ta

Han stakk av frå politiet under rettssaka mot han i oktober. I helga kom han seg unna igjen. Nå har politiet gått ut med bilete og video av mannen, som dei veldig gjerne vil få bak lås og slå.

– Får me fatt i han på ny trur eg nesten eg kan lova at han ikkje skal koma seg unna, seier Torbjørn Nervik, som er etterforskningsleiar i Haugesund-politiet.

Han snakkar om ein 28 år gamal mann frå Marokko, som har klart å stikka av frå det norske politi tre gonger sidan 2009, og som har vore etterlyst i heile landet sidan 28. oktober.

Sist gong han kom seg unna var denne helga i Haugesund. Politiet hadde han nesten fortel Nervik.

Torbjørn Nervik

Torbjørn Nervik er etterforskingsleiar i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Eg skulle veldig gjerne sagt at me hadde han nå, men det kan eg dessverre ikkje, slår han fast.

Stakk av frå rettssaka mot seg

Mannen blei i oktober dømt av Jæren tingrett til fengsel i tre og eit halvt år, for å stå bak fleire innbrot. Grunnen til at han ikkje allereie sit i fengsel, er at han stakk av frå politiet på veg inn i rettslokala i Sandnes i oktober.

Også i 2009 stakk han av frå politiet då han stod tiltalt i ei rettssak i Bergen.

Haugalandet er plaget av en innbruddsbølge. Disse personene ble sett da de gikk rundt og kjente på dører og kikket inn vinduer.

VIDEO: Frå innbyggarane i området i Haugesund har politiet fått desse overvakningsbileta. Her sjekkar mannen i videoen om dørene er låste.

Mange nye innbrot etter han stakk av

Etter han kom seg unna politiet i oktober har det blitt registrert fleire nye innbrot. Først fem brekk sør i Hå kommune, deretter elleve brekk på Haugalandet. I Haugesund blei han fanga opp på overvakingskamera då han prøvde å ta seg inn fleire privatbustader.

Då politiet fekk sjå videoen forstod dei at det var den dømde marokkanaren i slutten av 20-åra, som nå var aktiv på Haugalandet.

Dei tok dermed avgjersla om å gå ut med bilete og video av mannen, som søkte asyl i Norge tilbake i 2002. Søknad blei avslått i 2004, men sidan Marokko ikkje anerkjenner han som statsborgar har det vore vanskeleg å returnera han, skriv Haugesunds Avis.

– Han har nok sin måte å jobba på, som gjer at han har klart å halda det gåande så lenge. Med hjelp av publikum håper me likevel at me skal vera heldige og få fatt i han, seier Nervik.

Etterlyst for fleire innbrot

ETTERLYST I HEILE LANDET: Denne 28 år gamle mannen frå Marokko stakk av då han blei teken med tjuvegods på toget i Stavanger, seinare stakk han av då politiet skulle følgja han inn i rettslokala i Sandnes og nå i helga var politiet berre meter unna å ta han i Haugesund. Politiet har ute etterlysing etter mannen i heile Norge.

Foto: Politiet

Dei gjekk ut med video før helga, noko som resulterte i ein politiaksjon i Aksdal på laurdag. Her skal politiet ifølgje Haugesunds Avis berre ha vore få meter unna å ta han.

– Me var ganske nære ved å ta han, men det glapp dessverre. Me skulle nok klart å ta han den kvelden, men på litt spesielt vis sklei han unna for oss, sjølv om me hadde relativt mange folk ute, seier etterforskingsleiaren.

Ny aksjon måndag

Han fortel vidare at dei har funne to depot med tjuvegods som dei knyter opp mot saka.

– Det ligg bra politiarbeid bak desse funna. Nå skal me gå gjennom depota og så skal me forhåpentlegvis knytte han opp mot fleire innbrot.

I 11.30-tida i dag kom meldinga om at politiet på ny aksjonerte mot det dei trur kan vera innbrotstjuven.

Fleire politipatruljar rykka ut til Sveio, til eit bustadhus ved Tveit skriv Haugesunds Avis.

Aksjonen resulterte i at politiet måtte venda heim utan funn.

Politiaksjon i Sveio

Politiet aksjonerte mot eit hus i Sveio måndag ved middagstider. Dei fekk tips om at 28-åringen dei jaktar var her, men dei måtte returnera tomhendte.

Foto: Kjell Bua

– Viktig å få fatt i han

Den 28 år gamle marokkanaren har tidlegare blitt dømt for ei rekke innbrot andre stader i landet.

Brynjar Meling

Brynjar Melding var forsvararen til innbrotstjuven under rettssaka mot han i oktober. Han understrekar at han ikkje har hatt kontakt med han etter han stakk av.

Foto: Signe Karin Hotvedt/NRK

I tillegg til dommen mot han i Jæren tingrett, som han ikkje har sona, så har han uoppgjorte saker mot seg i Buskerud. Også dette handlar om vinningskriminalitet.

Mannen har vore spesielt aktiv i Hå kommune. Her blei det oppretta ein eigen naboaksjon, då innbrotsbølgja stod på som verst i 2013.

Innbrota skjedde så ofte og i eit så lite geografisk område at om lag 80 naboar gjekk saman og patruljerte om natta. Dei hadde politiet si velsigning. (Sjå video lenger nede)

Men verken politiet eller nabogruppa fekk fatt i dei som stal.

Innbrotssakene blei lagt vekk av politiet, og det var nok få som hadde tru på at personane bak innbrotsbølgja skulle bli tekne.

Men så, heilt tilfeldig, stoppa ein togkonduktør ein mann på togstasjonen i Stavanger. Det viste seg at han ikkje hadde løyst billett. Men då konduktøren skulle tilkalla politiet stakk han av.

I haust har ei nabogruppe på meir enn 80 personar patruljert på Jæren om nettene. – Eg vil ikkje kalla det borgarvern, men «aksjon nabohjelp», seier lensmann i Hå, Oddvar Tengesdal.

ARKIV: Dette TV-innslaget blei sendt 23. oktober 2013.

Tiltalt for 31 innbrot

I baggasjen hans, som låg att, fann politiet store mengder tjuvegods.

Sjå alle stadene kor politiet meiner mannen har gjort innbrot i den siste tiltalen mot han:

Mann (28) tiltalt for 31 innbrot

Mannen blei etterlyst av politiet, og eitt år seinare blei han teken i Bergen.

Han sat i varetekt, tiltalt for å stå bak 31 innbrot, fram til rettssaka mot han skulle avsluttast torsdag 29. oktober.

Då politiet skulle følga han inn i rettslokala, nytta han høve til å stikka av til fots.

NRK Rogaland har snakka med eit augevitne til hendinga. Ei kvinne som køyrde forbi tinghuset då det skjedde, men som vil vera anonym.

– Han var saman med to kvinnelege betjentar og han hadde ikkje handjern på. Då ho eine skulle låsa opp døra, såg han seg rundt og sprang av garde. Først blei politibetjentane litt paffe, så sprang dei etter han, men då var han allereie langt av garde, fortel ho.

– Kva tenker du om at han ikkje hadde handjern?

– Med tanke på at dei visste at han hadde stikke av tidlegare tenker eg at dette var ganske håplaust, seier ho.

Rettssaka mot han blei avslutta utan den tiltalte, og han blei dømt til tre år og seks månader fengsel. Ein dom som ikkje er rettskraftig før den dømde får ta stilling til ankespørsmålet.

Oddvar Tengesdal, lensmann i Hå

Lensmann i Hå Oddvar Tengesdal meiner det var eit klokt val av politiet i Haugesund å gå ut med bilete av mannen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Viktig at han blir teken

Lensmann Oddvar Tengesdal i Hå er glad for at mannen nå er etterlyst med bilete.

– Eg meiner det er ei klok avgjersle. Det er viktig at me får tak i denne mannen, slik at me får ein stoppar på desse innbrota, seier han.

Det er Brynjar Meling som var forsvarar for mannen i rettssaka då han stakk av, han ser ingen problem i at politiet nå går ut med bilete av han.

– Dersom dei meiner at det finst haldepunkt for at det er han som står bak innbrota i Haugesund, så er det dei som må ta den vurderinga, seier han.

Politiet vil ha tips

Torbjørn Nervik ønsker at alle som har opplysingar om mannen på bilete, tek kontakt med politiet.

– Me veit ikkje kor han er, men reknar med at han ligg litt i skjul ein stad. Når folk nå får sjå bilete av han håper me at dei vil hugsa han når han flyttar på seg, seier Nervik.

Han understrekar at dei sjølv ikkje skal gå til aksjon.

– Me ser ikkje på mannen som farleg for folk, men det er likevel viktig at dei kontaktar oss før dei eventuelt tek saka i eigne hender, seier han.

– Korleis kjem han seg rundt?

– Det er me ikkje sikre på, men me har grunn til å tru at han går ein del til fots, og at han bruker kollektiv transport, seier Nervik.