Hopp til innhold

Her snik dei seg inn i hagen medan huseigaren søv

Påska er høgtid for mykje, men faktisk ikkje innbrott. Likevel har politiet nokre tips til deg som skal reise vekk nokre dagar.

Medan eigaren av huset, ei eldre kvinne, var heime, sneik to personar seg inn i hagen bak huset i Stavanger midt på natta tidlegare i veka. NRK har sladda innhald i videoen.

«Husk å låse dørene!!! Mor mi hadde disse røverene på besøk i bakgarden i natt..»

Med den teksten la Stavanger-mannen ut video frå overvakingskameraet til mor si på sosiale medium.

På videoen kan ein sjå to personar som snik seg inn i hagen, løftar på steinar og vasskanner – tydeleg på leit etter noko.

«Påska er høgtid for innbrott – her er politiet sine råd for å sikre deg», «Slik førebygger du innbrott», «Ikkje gjer desse tabbane når du reiser vekk i påska».

Alle desse sakene har du sikkert lest før – også hjå NRK.

Men kvifor gjer ikkje politiet slike råd like ofte lenger?

Les også Her er innbruddstyvens avsløringer

Henning Wick

Var naudsynt ein gong

– Politiet gjorde det. Heilt fram til tidleg på 2000-talet var vi veldig på og informerte publikum før lange høgtider, typisk påska, seier Trond Friberg.

Han er seksjonsleiar ved politistasjonen i Haugesund.

Han står inne på ei glattcelle og syner det som han sjølv omtalar som ei «suite med avgrensa sjøutsikt». Årleg er 8–900 personar innom denne arresten – også innbrottstjuvar.

Men Friberg gjev ikkje lenger folk råd om å trekke frå gardinene og ha på lys heime når ein reiser vekk på ferie.

– Det skal jo ikkje stikkast under ein stol at vi hadde det problemet tidlegare. Det var jo ein grunn til at vi gjekk ut med informasjon i forkant av typisk påske, seier han.

For talet på folk som faktisk opplever innbrott i høgtidene går ned.

– Folk innretta seg etter dei råda politiet gav. Om det er det åleine som gjorde at vi faktisk opplevde ein nedgang i den type kriminalitet, det skal vere usagt. For det meste av vinningskriminalitet har gått ned, seier Friberg.

Og det stemmer for alle slags tjuveri:

Lite praktisk tjuveri

– Men kor har det blitt av desse innbrottstjuvane då?

– Nei, kvar har dei blitt av? Nokre av dei har kanskje rett og slett slutta med det, svarar Friberg.

– Tidlegare vart det stole TV-ar, men ein 65 tommar flatskjerm er jo lite eigna til å forsvinne ut i natta med.

Han trur også at fleire av dei som ville ha drive med tjuveri for nokre år sidan no driv kriminalitet på nettet.

Friberg har likevel nokre generelle råd om du skal forlate huset nokre dagar – dei same råda han gav for mange år sidan:

  • Lås alle dører og vindauge.
  • Allier deg med naboen, slik at de ser til kvarandre sine hus.
  • La huset sjå busett ut – trekk frå nokre gardiner, set på nokre lys og lat søppeldunken stå på plassen sin.