Hopp til innhold

Kurs mot angst er ein suksess i Sandnes

På eit halvt år har 330 personar som sleit med angst og depresjon, fått hjelp til sjølvhjelp i Sandnes. Alle er blitt friske, og helseministeren meiner mange andre burde kopiert prosjektet.

På eit halvt år har 330 personar som sleit med angst og depresjon, fått hjelp til sjølvhjelp i Sandnes. Alle er blitt friske, og helseministaren meiner mange andre burde kopiert prosjektet.

SJÅ REPORTASJEN: Kirsten Sleveland Johnsen fortalde om korleis ho vart frisk til blant anna helseministeren.

– Eg jobba mykje med måten eg tenkte på og korleis eg kunne snu det. Å stenga av for negative tankar. No er eg frisk, eg har friskmeld meg sjølv, smiler Kirsten Sleveland Johnsen.

Ho er ein av dei som har delteke på kurset i Sandnes, «Rask psykisk helsehjelp», som skal gi tidleg hjelp til dei som slit med angst og depresjon.

– Imponerande

Med fire og ei halv stilling har dei behandla over tre hundre som sleit med depresjon. Her er det ingen helsekøar, alle får plass med ein gong. På kurset lærer deltakarane å bli sine eigne terapeutar.

– Målet er at dei skal få teknikkar som gjer at dei kan få ei god psykisk helse, seier prosjektleiar i Rask psykisk helsehjelp, Terje Stokka.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie

– FLEIRE BURDE GJERA SLIK: Det meiner Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

330 har fullført kurset, som er 70 prosent av dei som starta. Imponerande, er ordet helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) brukar om pilotprosjektet.

– I Sandnes har dei utvikla ei eiga løysing som eg trur mange andre burde ha kopiert, seier han.

– Ei realitetsorientering

Lene Hoset Sunde er psykolog, og er blant dei som jobbar med prosjektet.

– I kognitiv terapi hjelp me folk til å bli sin eigen terapeut. Det skjer ikkje i terapirommet, men ute i verda og i livet der me er, seier ho.

Med det ho kallar ei enkel A-B-C-liste, hjelp dei deltakarane til å konkretisera tankane som utløyser negativiteten. Det skal hjelpa dei å få eit meir realistisk bilete på livet.

– Målgruppa er dei med milde til moderate depresjonar, angst og søvnproblem. Det er normalbefolkninga, det er du, meg og alle andre.

Med å kursa dei som slit med dette, er gevinstane store, fortel ho.

– Me vinn at dei kjem raskare tilbake i arbeidslivet og ikkje minst livet i seg sjølv.