NRK Meny
Normal

Skal hjelpa elevar med dårleg sjølvbilete

Vonde tankar om eigen utsjånad kan gje psykiske problem, fysiske skadar og dårlege karakterar, konkluderer eit nytt EU-prosjekt som to norske skular er med på.

Møllehagen skule

Avdelingsleiar Jone Johnsen og prosjektleiar Olga Fagerland ved Møllehagen skulesenter meiner at lærarane kan gjera ein stor skilnad for elevane som slit, om dei har dei rette reiskapane.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Mange slit med presset om å sjå bra ut, og for mange kjem det på toppen av andre problem, seier avdelingsleiar ved Møllehagen skulesenter i Stavanger, Jone Johnsen.

Han er tilsett ved ein av to norske deltakarskular i det internasjonale prosjektet MIRROR MIRROR skal gjera liv og kvardag lettare for barn og unge som slit med dårleg sjølvbilete, og hjelpa desse med å fullføra skulegang.

Store konsekvensar

Lærarane skal læra korleis dei kan sjå elevar som slit med egen utsjånad, og hjelpa desse til å ha det betre.

– Dårleg sjølvbiletet påverkar veldig mykje; kommunikasjon med andre, prestasjonar på skulen og moglegheiter i arbeidsmarknaden. Difor er det så viktig å gjera lærarane bevisste på desse problema, understrekar Johnsen.

Resultatar assosiert med misnøgd over utsjånad

Psykisk helse

Fysisk helse

Mellommenneskelege

relasjonar

Skulefaglege
prestasjonar og
yrkesforhold

Lav sjølvbilete

Eteforstyrringar

Sosial angst

Dårlegare
konsentrasjon

sjølvbilete

Røyking

Dårlege sosiale
ferdigheiter

Problem med
minne

Grubling og
bekymringer

Alkoholbruk

Lite støtte frå venner

Mindre deltaking i
diskusjonar

Depresjon

Seksuell helse

Sosial ekskludering

Dårlegare karakterar

Sjølvskading

Unngå eller overdrive
fysisk trening

Overdriven soling
eller
solarium

Manglande
etterbehandling

Kosmetiske inngrep

Kilde: MIRROR, MIRROR-prosjektet

Eit europeisk samarbeid

EU-kommisjonen står bak satsinga som skular i Portugal, Austerrike, England og Danmark er med på saman med Møllehagen skulesenter og Rogaland skole- og bedriftsutvikling frå Noreg.

Mirror

Prosjektleiar Olga Fagerstrand er svært nøgd med arbeidet så langt.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Omfattande statistikk rundt sjølvbilete, psykiske vanskar og fråfall i skule og arbeidsliv blant unge ligg til grunn for satstinga, seier prosjektleiar Olga Fagerland.

I oktober skal deltakarlanda gå gjennom funn og erfaringar.

Dette er tiltaka

Ifølgje prosjektet kan lærarar fremme eit ope læringsmiljø slik:

  • Få betre forståing av kva for verdiar, haldningar og normer ulike kulturer og etnisiteter har rundt utsjånad.
  • Auke bevisstheita blant kollegaer om stereotypiar og skaping av inntrykk blant sine elevar.
  • Auke forståinga av moglege utfall av misnøye over utsjånad.
  • Oppmuntra til passande utseendesamanlikningar.

Håper satsinga veks

Til hausten er Møllehagen skule ferdig med opplæringa av eigne lærarar. Då skal skulen tilby kursing og opplæring av andre skular som er interesserte i MIRROR MIRROR.

– Tilbakemeldingane frå lærarane våre har vore kjempepositive. Me såg mykje engasjement, og alle meiner at det er eit svært aktuelt problem, som det er viktig å ta tak i. Eg håper fleire blir med på dette, seier prosjektleiar Olga Fagerland.

kurs

Kursmaterialet for MIRROR MIRROR.

Foto: Ine Eftestøl / NRK