16 kokkar og restauranteigarar har signert eit brev som er sendt til politikarane i Opplæringsutvalet i Rogaland. Der argumenterer dei sterkt for å bevara matfaget på Godalen.
«Å legge ned restaurant- og matfag på denne skolen vil være å gi opp, og det er etter vår mening ansvarsløst», står det blant anna i brevet.
Det er fylkesrådmannen som vil legga ned restaurant- og matfaget ved Godalen frå i haust på grunn av få søkarar. Elevar som har søkt seg til skulen blir då flytta til Jåttå og Bryne.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Likar ikkje tendensen
Utdanningsforbundet fryktar endå færre vil søka seg til matfag, dersom tilbodet ved Godalen blir lagt ned. Også kokkane som har skrive brev til politikarane før møtet tysdag, er uroa for rekrutteringa til bransjen.
– Me likar ikkje tendensen med at ein begynner å legga ned kokkeskular. Me jobbar veldig hardt for å ha god rekruttering, og dette er eit dårleg signal, seier freelance-kokk Gunnar Hvarnes til NRK.
Kjartan Alexander Lunde frå Venstre kjem tysdag til å føreslå å bevara matfaga på Godalen.
– Mange av landets beste kokkar har fått si utdanning og inspirasjon frå det kunnskapsrike miljøet på Godalen, seier han.
Nedlegginga kan potensielt bidra til å rasera ein del av matmiljøet som er bygd opp i regionen, ifølge Venstre-leiaren i Rogaland.
- LES OGSÅ:
Trur ungdom vel bort kokkeyrket
Kokk Gunnar Hvarnes trur ungdom som har planar om kokkeutdanning fort kan velja vekk yrkesplanane sine dersom reisevegen blir lengre.
– Dersom du bur på Finnøy må du kanskje dra til Bryne på kokkeskule. Då kan det bli eit større kvantesprang å ta ei slik utdanning.
– Med er det ikkje naturleg å ta grep når det blir færre søkarar?
– Det er klart det er viktig. Men matbransjen er ekstremt viktig for Stavanger, då kan me ikkje trappa ned på skule- og læreplassar. Ting er vanskeleg frå før og ei nedlegging av matfaget på Godalen vil ikkje gjera situasjonen enklare, meiner Hvarnes.