Hopp til innhold

Skandinavia tapetserte pallen: Norsk bronse i Bocuse d’Or

LYON (NRK): Det blei ikkje norsk siger i Frankrike, men Christian André Pettersen og det norske laget vann bronsemedalje i verdas hardaste kokkekonkurranse. Danmark gjekk sigrande ut.

Det blei bronse til det norske laget under årets utgåve av Bocuse d’Or.

– Det er vanskeleg å seie kvifor me fekk bronse. Ein skal tilfredsstilla 24 ulike dommarar, og det er vanskeleg. Det er snakk om små marginar, seier Christian André Pettersen, like etter medaljeseremonien.

Pettersen innrømmer at han er litt skuffa trass medalje.

– Eg blir sikkert glad når eg ser laget mitt igjen. Hadde det ikkje vore for dei, hadde eg ikkje tatt medalje i det heile.

– Kva trur du familien din tenker?

– Eg veit dei er stolte og glade.

Christian André Pettersen takkar laget etter at han vant bronse i Bocuse d'Or.

29 åringen frå Bodø hadde lagt fleire tusen treningstimar bak seg, då han starta matlaginga på kjøkkenet tysdag morgon.

Etter fem timar og 35 minutt var menyen ferdig og presentert. Ein kjøtrett og ein fiskerett fekk det internasjonale dommarpanelet servert.

Temaet det norske laget hadde valt var «nord». Dei ønskte å visa nordisk mat frå si beste side.

FRANCE-FOOD-GASTRONOMY-CONTEST-BOCUSE

TOPP TRE: Vinnar av Bocuse d’Or Kenneth Toft-Hansen i midten, med svensken Sebastian Gibrand og Christian Andre Pettersen på kvar sin kant.

Foto: JEAN-PHILIPPE KSIAZEK / AFP

Det lykkast dei ikkje heilt med. Eit og eit halvt døgn seinare kunne det norske laget likevel juble over bronsemedalje i verdas hardaste kokkekonkurranse.

Sverige fekk sølv. Danmark vann gull.

Elleville scenar då Danmark vann

Den norske bronsen gjer at Noreg er landet som har vunne flest medaljar for maten sin i Bocuse d’Or. Sidan oppstarten i 1987 har Noreg no vunne fem gull, tre sølv og tre bronsar.

Nordmennene, med Pettersen i spissen, var favorittar til å ta heim sigeren i verdsmeisterskapet på førehand.

Bent Stiansen, Noregs første Bocuse d’Or-vinnar, som sit i dommarpanelet uttala at Noregs mat var eit meisterstykke.

– Maten til Noreg var utmerkt. Eg blir rørt av å tenke på det, sa Stiansen til NRK i går.

I finalen i verdsmeisterskapet deltok 24 av verdas beste kokkar. Konkurransen gjekk over to dagar.

I fjor vant Pettersen den europeiske Bocuse d'Or.

– Nøgd

På restauranten Mondo i Sandnes, der Christian André Pettersen er kjøkkensjef, er venner og kollegaer samla i kveld. Men trass bronse blir ikkje feiringa avlyst.

Heiar fram venn og kollega

Venner og familie samla i Sandnes.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

–Me er glade for bronse, sjølv om Christian nok berre er nøgd med gull, seier Thorstein Soma, daglegleiar på Mondo.

Trur du Christian er skuffa?

– Ja, no trur eg han er det, men i morgon tenker han kanskje annleis.

Restauranten har lagt inn 2,5 millionar kroner i satsinga mot Bocuse d'Or, og er klar på at pengane var verd det.

– Me har to av dei beste kokkane i verda her i Sandnes, og det er verd alle pengane.