– Her ser det fullt ut og kva seier det oss? Jo, at det er dårleg aktivitet i bransjen.
Oljegründer Ståle Kyllingstad viser rundt i lokala til IKM på Sola. Fulle hyller i millardbedrifta som er bygd opp på å levera utstyr til oljebransjen i Nordsjøen, er eit godt bilete på at det går langt treigare for norsk oljeindustri.
IKM-gründer Ståle Kyllingstad.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKMen oljegründeren trur ikkje at den ambisiøse klimaavtalen frå Paris i helga vil gjera ting endå vanskelegare for bransjen. Avtalen i Paris er den første klimaavtalen som slår fast at alle verdas land skal bidra til å få ned utsleppa av klimagassar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Konsekvensar vil avtalen heilt sikkert få, men på kort sikt trur eg ikkje den får dei heilt store konsekvensane.
Konkurransefortrinn
Morten Eek, pressekontakt i Statoil.
Foto: Øyvind Hagen / StatoilOg Kyllingstad får støtte frå andre i oljebransjen. Statoil, som står for om lag 80 prosent av produksjonen på norsk sokkel, meiner klimaavtalen til og med kan gi norsk oljeindustri eit konkurransefortrinn.
– Verda treng meir energi, og verda treng meir fornybar energi. Me meiner spesielt at norsk sokkel er konkurransedyktig i eit slikt bilete fordi me produserer olje og gass med eit veldig lågt CO₂-utslepp, seier pressetalmann i Statoil, Morten Eek.
Roy Erling Furre i SAFE trur olje- og gassnæringa i Norge er ei løysing snarare enn eit problem.
Foto: Magnus StokkaKyllingstad håpa at styresmaktene nå innser at norsk gass kan hjelpa verda med å nå klimamåla ved å erstatta den forureinande kullkrafta.
– I vår industri slepp me ut om lag 15–16 millionar tonn CO₂, men på grunn av vår industri sparer me Europa for 300 millionar tonn CO₂. Det er mykje CO₂, og det håpar eg me får inn i vårt reknestykke.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Me er løysinga, ikkje problemet
Men denne bodskapen er ikkje lett å kommunisera til omverda. Nestleiar i fagforeininga SAFE, Roy Erling Furre, fryktar klimaavtalen i Paris gjer at oljeindustrien får eit endå dårlegare omdømme.
Klaus Mohn, professor i petroleumsteknologi ved UiS.
Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK– Bransjen vår blir framstilt veldig negativt om dagen, men eg trur faktisk me er ei løysing snarare enn eit problem. Trass alt er gassen me leverer ganske rein samanlikna med mange andre alternativ.
Professor i petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, meiner uansett bransjen må førebu seg på at det kan bli vanskelegare å få lov til å bore etter olje og gass.
– Dei felta som alt er i produksjon vil halda fram med å produsera, feltutbyggingane som er på gang vil halda fram og konsesjonsrundane vil truleg gå som planlagt. Men på lenger sikt kan det henda ein tenker seg om ein ekstra gong før ein opnar nye område for leiting på norsk sokkel.