NRK Meny
Normal

– Fleire jobbar vil ryke

Oljeekspert Klaus Mohn meiner at klimaavtalen i Paris får lite å sei for situasjonen i oljebransjen. Den låge oljeprisen gjer derimot at mange oljejobbar framleis er høgst utrygge.

Klaus Mohn

Klaus Mohn er professor i petroleumsøkonomi ved Universitetet i Stavanger. Han meiner at OPEC sitt møte i Wien var viktigare for oljeindustrien i Norge enn FN sitt klimatoppmøte i Paris.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I helga blei nesten alle veras land samde om ein klimaavtale som mellom Venstre-leiar Trine Skei Grande meiner kan få mykje å seie for den norske oljeindustrien.

På kort sikt meiner professor i petroleumsøkonomi ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, at den hardt råka industrien vil merka lite til konsekvensar av klimaavtalen. Han legg langt større vekt på oljeprisen.

I dag kom meldinga om at den nå er nede i 37,67 dollar fatet.

– Eg trur me må rekna med fleire kutt og nedbemanningar i leverandørindustrien i løpet av det neste halve året, seier Mohn.

Liten optimisme etter OPEC-møte

Etter at OPEC-landa hadde møte i Wien for halvanna veke sidan er det lite som tyder på at prisen på nordsjøolje skal stiga med det første. OPEC, som er ein organisasjon av oljeeksporterande land frå Midtausten, Afrika og Latin-Amerika, skal altså ikkje kutta i produksjonen sin.

– Utsiktene for oljeprisen er svekka, og nå er det endå fleire som trur at oljeprisen vil vera lågare over lengre tid enn det dei trudde tidlegare. Det betyr mindre pengar til oljeselskapa og vidare mindre pengar til leverandørselskapa, seier Mohn.

I Asia blei nordsjøolje omsett for 37,67 dollar fatet på måndag. Noko som gjer at det berre er så vidt at det planlagde Sverdrup-feltet er lønsamt.

Rystad Energy går i ein fersk analyse ut frå at feltet har ein kan vera lønsam med ein pris ned til 37 dollar fatet. Lågare kostnadar og billigare riggar har pressa prisen noko ned.

– Politikarane tenker seg kanskje om ein ekstra gong

Møte som var i Paris i helga var mindre viktig for oljeindustrien meiner Mohn.

– Olje og gassnæringa meiner at klimaavtalen ikkje vil ha noko å seie for næringa, medan Frederic Hauge meiner at den vil få mykje å seie. Sanninga ligg nok ein stad midt imellom, seier Mohn.

Han meiner at felta som er i drift vil gå som planlagt.

– Men kanskje politikarane vil tenka seg om ei ekstra gong før dei opnar nye område i tida som kjem. Som til dømes Lofoten og Vesterålen, seier han.