Hopp til innhold

Kan ikkje garantera at folkefleirtalet vinn

Ordførarane i Sola og Sandnes lovar dei vil retta seg etter det som blir resultatet i folkeavstemminga om kommunesamanslåing. Stavanger-ordføraren kan ikkje gi den same garantien.

Stavanger (Domkirken), Sola (Solastranda) og Sandnes (Langgata)

Stavanger (her representert ved Domkyrkja) kan blir ein del av ein storkommune med Sandnes (bilete er frå Langgata) og Sola (bilete frå Solastranda).

Foto: NRK

30. mai skal innbyggarane i Stavanger, Sandnes og Sola stemma over om kommunane skal slå seg saman til ein storkommune.

Folkeavstemminga er berre rådgivande, noko som betyr at lokalpolitikarane i teorien kan vedta noko anna enn det folket vil ha.

Men Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) lovar å retta seg etter folket.

– Eg vil forholda meg til det folket seier. Når me spør befolkninga om råd, lyttar me.

– Så dersom det bli ja til samanslåing, går du for det?

– Ja, det vil eg.

Oppteken av oppslutninga

Stanley Wirak

Stanley Wirak (Ap), ordførar i Sandnes.

Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRK

I Sola kommune seier ordførar Ole Ueland (H) det same.

– Når me gjennomfører ei folkeavstemming, tenker eg det er sjølvsagt at me skal følgja resultatet. Me satsar på høg oppslutnad og eit tydeleg råd frå innbyggarane.

I Stavanger er ordførar Christine Sagen Helgø (H) oppteken av at oppslutninga må bli bra.

– For min del vil rådet vera vanskelegare å følgja dess lågare valdeltakinga er. Men dette må eg vurdera når eg ser resultatet.

Stortinget kan velta lasset

Ole Ueland

Ole Ueland (H), ordførar i Sola.

Foto: Høyre

Men så er det ikkje berre kommune- og bystyra i dei tre kommunane som har noko dei skulle ha sagt.

For til hausten vil vedtaka som kommunane har gjort lokalt hamna på bordet til stortingspolitikarane. Dei kan velja å sjå vekk frå lokale vedtak.

Statssekretær i kommunal- og moderneringsdepartementet, Grete Ellingsen, svarer slik på om politikarane vil gjera dette:

Christine Sagen Helgø

Christine Sagen Helgø (H), ordførar i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

«Stortingsflertallet har sagt at unntak fra frivillighetsprinsippet vil kunne være aktuelt i helt spesielle situasjoner, der enkeltkommuner ikke må kunne stoppe endringer som er hensiktsmessige ut fra regionale hensyn.»

Forventar at stortinget lyttar

Med andre ord: I spesielle tilfelle kan stortinget koma til å vedta noko anna enn det som har blitt bestemt lokalt.

Dette vil likevel ikkje vera nokon god ide, ifølge ordføraren i Sola.

– Når me legg opp så omfattande lokale prosessar med høyringar, folkemøte og folkeavstemmingar, må me sjølvsagt ta det på alvor. Eg forventar at stortinget høyrer på kva me bestemmer oss for lokalt, seier ordførar Ueland.

Flere nyheter fra Rogaland