Hopp til innhold

Høgre-topp snur: – På tide å flagga mitt syn

Høgre-sjef Thor Magne Seland i Sandnes gjer kuvending i spørsmålet om kommunesamanslåing. Han meiner det er på tide å flagga synet sitt i stridssaka.

Thor Magne Seland

Thor Magne Seland meiner Hafrsfjord er det beste namnet for ein ny storkommune på Nord-Jæren.

Foto: Eirin Margrethe Fidje / NRK

«Høgre-Seland snur: JA».

Høgre sin gruppeleiar i Sandnes, Thor Magne Seland, vakna opp til denne overskrifta i Stavanger Aftenblad torsdag. Overfor avisa gjer han det klart at han meiner ein storkommune på Nord-Jæren med Stavanger, Sandnes og Sola, er det beste alternativet.

– Eg kan ikkje gå imot noko eg meiner er best for framtida, best for innbyggarane, for Sandnes og for regionen. Min eigen posisjon er ikkje viktig i denne samanhengen, seier han til Aftenbladet.

For Høgre-toppen innser at heilomvendinga i spørsmålet om storkommune kan bety starten på slutten på den politiske karrieren.

For i Sandnes er motstanden mot ein ny storkommune stor. I ei undersøking offentleggjort i januar var berre 28 prosent av dei spurte positive til ei samanslåing med Stavanger og Sola.

– På tide å flagga mitt syn

Seland starta si politiske karriere for ti år sidan med eit kraftfullt, lite populært innlegg mot storkommune på Rogaland Høgre sitt årsmøte, ifølge Aftenbladet.

Overfor NRK Rogaland torsdag morgon slår Seland fast at han har landa på standpunktet etter ein lang prosess i partiet. Han forklarer også at det er heilt greitt med to ulike syn innanfor lokallaget.

– Når alle andre har flagga sitt syn, synst eg som gruppeleiar at det er på tide å flagga mitt syn. Eg håpar det blir ein ryddig og god debatt, og at folk er opptatt av å ta meg på argumenta og at det ikkje går på meg som person.

(Artikkelen held fram under biletet).

Stavanger (Domkirken), Sola (Solastranda) og Sandnes (Langgata)

Stavanger (her representert ved Domkyrkja) kan blir ein del av ein storkommune med Sandnes (bilete er frå Langgata) og Sola (bilete frå Solastranda).

Foto: NRK

– Mange moglegheiter

Seland har tidlegare sagt at han ikkje har sett store utfordringar med at Stavanger, Sandnes og Sola består som tre kommunar, og han har vore tydeleg på at kommunane kan halda fram som i dag.

Men det er sjansane til å få det endå betre som gjer at han har lada på eit storkommune-ja.

– Det er nokre utfordringar og veldig mange moglegheiter med samanslåing. Eg har valt å fokusera på moglegheitene til Sandnes spesielt, både som bysentrum og maktpolitisk sentrum.

Vil kalla kommunen Hafrsfjord

Nord-Jæren kommunane har hatt seks nabosamtalar og har laga eit prinsippdokument for storkommunen. Der står det at den nye kommunen skal få namnet Nord-Jæren.

Seland ser helst at kommune-namnet blir Hafrsfjord med tre sverd som kommunevåpen.

– Men eg synst ikkje me skal henga oss for mykje opp i namnet. Det viktige her er innhaldet i dokumentet, så trur eg me kan leva med kva namn som helst så lenge alle føler eigarskap til den nye kommunen.