Hopp til innhold

Desse taper mest på å ikkje slå seg saman

Randaberg, Sauda, Rennesøy og Strand blir økonomiske taparar, dersom dei ikkje går med på regjeringas kommunereform. Også Jærkommunane kjem til å få mindre.

Randaberg kommune

TAPAR SJU MILLIONAR: Randaberg får mykje mindre i tilskot frå staten dersom den fortsett som eigen kommune.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Små og mellomstore kommunar i tettbygde strøk med korte avstandar kjem dårlegast ut dersom dei ikkje slår seg saman, seier Helene Ohm, medlem av ekspertutvalet for kommunereforma i 2014.

Helene Ohm

Helene Ohm, rådmann i Finnøy, var medlem av ekspertutvalet for kommunereforma i 2014.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Som døme på dette nemner ho Randaberg og Rennesøy. No er ho rådmann i Finnøy kommune, som kjem betre ut utan kommunereform.

– Finnøy ligg lengre vekk frå Nord-Jæren, og er ein øykommune som er avhengig av båt. Dei vil derfor tape vesentleg mindre, seier ho.

Taper fleire millionar

Alle rådmenn i kommunane landet over har nøye studert signala frå kommunalminister Sanner. Dei kom like før jul, og 15. januar leverte kommunenens interesseorganisasjon (KS) sine tal. Tala viser at Randaberg kan tape sju millionar i året på ikkje å slå seg i saman med andre kommunar og at Rennesøy kan tape nærare seks millionar.

Der ligg også mykje av forklaringa på at dei to kommunane brått har blitt meir interesserte i å laga ein Utstein kommune saman med Kvitsøy og Finnøy, enn kva dei signaliserte for kort tid sidan.

Rennesøy

TAPAR SEKS MILLIONAR: Rennesøy får mindre i tilskot frå staten dersom den fortsett som eigen kommune.

Foto: Anders Fehn / NRK

Nokon vert ikkje råka av endinga

For det er også vinnarar i dette spelet:

– Nokre kommunar vert ikkje råka av denne endringa. Det gjeld øykommunane Kvitsøy og Utsira og nokre kommunar i indre Ryfylke, som Hjelmeland og Suldal, seier ho.

Rådmann i Finnøy, Helene Ohm, har vore med i kommunalministeren sitt ekspertutval som i 2014 gav si innstilling til ny kommunereform. Ho veit at i tillegg til distriktskommunane, er det ei kommune-gruppe til som kan sjå lyst på framtida.

– Det er dei kommunane som er tett befolka, med eit høgt antall innbyggjarar, som vinn på denne endringa, seier Ohm.

Får behalde tilskot dersom vedtaket kjem i sommar

Kommunane Hå, Klepp og Time ligg i verste fall an til å tapa mellom to og tre millionar i året kvar, dersom omlegginga blir slik den foreløpig er antyda frå kommunalministeren. Men for Jærkommunane, som for mange andre, blir det ikkje noko av dette og andre kutt, dersom dei slår seg saman med andre.

– Den største gevinsten ved å vedta samanslåing før første juni i år, er at alle dei kommunane garantert å få behalde inntektene dei har i år i 15 år framover, seier Ohm.

For Finnøy vil det vera eit viktig poeng å ta med seg i vurderinga.

– Finnøy får i år småkommunetilskot på 5,6 mill som vi ikkje vil få i 2017. Dersom vi vedtek samanslåing vil vi ha dei millionane med oss i 15 år til, seier ho.