Hopp til innhold

Ligg an til rekord for juletresalet

RYFYLKE (NRK): Salet av juletre aukar kraftig. Juletredyrkarane trur korona og reisestopp gjer at fleire vil ha naturleg juletre i år.

Mikal Hetland

Mikal Hetland på Fister i Ryfylke er blant landets største juletreprodusentar. Han har grunn til å smila over godt juletresal i år.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Salet ligg føre skjema samanlikna med fjoråret. Det kan tyda på at folk vil ha juletre tidleg i år, seier juletreseljar på Hillevåg torg i Stavanger, Rasmus Stokkeland.

Produsentlaget Norsk Juletreservice, som sel juletre over heile landet, melder at dei store butikkjedene har bestilt 20 prosent fleire juletre enn i fjor.

Kraftig auke i sjølvhogst

– Fleire skal feira jul heime i år og eg trur folk set meir pris på tradisjonar og familie i år. Då vil dei laga det hyggeleg med juletre, seier ein av landets største juletreprodusentar, Mikal Hetland på Fister i Ryfylke.

Dette er også inntrykket til den landsdekkande organisasjonen for produsentar av juletre, Norsk juletre, sjølv om dei ikkje kan talfesta dette per nå.

Vanlegvis blir det selt om lag 1,4 millionar juletre før jul i Noreg.

– Mange produsentar har fått mykje bestillingar. Inntrykket mitt er også at fleire kundar har sett seg ut tre dei ska ut og hogga sjølv. Sjølvhogst har auka kraftig, seier dagleg leiar i Norsk juletre, Heidi Amundsen.

Rasmus Stokkeland

Rasmus Stokkeland er juletredyrkar på Hagalid i Hjelmeland og torgseljar i Stavanger.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Må droppa Syden-jul

I fjor sa 16 prosent at dei skulle på juleferie til utlandet, ifølge ei undersøking utført av Opinion for Virke. Og vanlegvis drar om lag 35 000 nordmenn på pakketur til varmare strøk i jula.

Dei fleste av desse må i år feira julehøgtida i Noreg og er derfor aktuelle juletrekjøparar.

Dag Ove Aksland

Regiondirektør i Coop, Dag Ove Aksland.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Det merkar Coop. Dei er blant butikkjedene som har bestilt ekstra mengder juletre i år.

– Me har aldri før opplevd å ha selt så mykje juletre i slutten av november og starten av desember. Også julepynt ryk ut av butikkane, seier regiondirektør i Coop, Dag Ove Aksland.

– Men vil kundane framleis ha naturtre?

– Me sel både plast- og naturtre. Men me ser at når det nærmar seg jul, så er det dei ekte juletrea som betyr noko.

– Kvittar seg med plasttre

Det er også inntrykket til torghandlar i Stavanger, Rasmus Stokkeland.

– Folk er veldig interessert i lokale og kortreiste tre. Eg opplever kundar som kvittar seg med plast og nå går tilbake til vanlege juletre, seier juletredyrkaren frå Ryfylke.

Salet av plasttre har tidlegare år likevel gått som ei (jule)kule.

I ei undersøking gjort av Sentio i 2018, for avisa Nationen, blei 1000 personar frå heile landet spurt kva slags juletre dei har. Nær ein tredjedel svarte at dei vel plasstre.

Juletredyrkarane på Vestlandet har klart å levera ekstrabestillingane fram til nå. Men det begynner å bli nedhogd i dei hogstklare juletrefelta.

– Me har litt å supplera med, men ikkje mykje, seier juletredyrkar Mikal Hetland.