Hopp til innhold

Jakob (16) vann U20-EM i terrengløp

Berre 16 år gammal, vann Jakob Ingebrigtsen frå Sandnes i U20-klassen i EM i terrengløp, søndag føremiddag. Det er første gong at ein norsk utøvar vinn U20-klassen i EM i terrengløp.

Jakob Ingebrigtsen under senior-NM i Askøy

Jakob Ingebrigtsen under senior-NM i Askøy i sommar. Nå er han klar for senior-EM i terrengløp.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Jakob Ingebrigtsen (16) sprang distansen på 6150 meter på 17.06 minutt.

Han la seg først i løpet frå starten av og hadde leiinga den første av fire rundar. Deretter låg han blant dei 8–10 første og det var eit par konkurrentar som la seg opptil 20–30 meter før nordmannen.

Men på slutten av den nest siste runden henta Jakob inn dei to andre i tet, og nokre hundre meter før mål slo han til og distanserte næraste konkurrent med åtte sekund.

Historisk seier

Det er første gong at ein norsk utøvar vinn U20-klassen i EM i terrengløp. Det nærmaste ein liknande prestasjon nokon har gjort her i landet er det broren Henrik som sto bak, då han vann U23-klassen for nokre år sidan.

Henrik og Jakob Ingebrigtsen

Brødrene Henrik og Jakob Ingebrigtsen.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Italienaren på andre plass og engelskmannen på tredje, er begge tre år eldre enn Jakob.

Stivna rett før mållinja

Det var ingen tvil om at Jakob Ingebrigtsen hadde tatt seg heilt ut. Då det nærma seg mållinja blei han stivare og stivare i rørslene og då han passerte mållinja la han seg ned og blei liggjande ei god stund.

Kommentatorane til NRK meinte at fire vekers høgdeopphald i Arizona denne hausten, saman med broren Filip, var prefekt opplading til løpet.

Fleire norske deltek

Det er til saman åtte norske utøvarar som skal konkurrera i forskjellige klassar.

Ørjan Grønnevig frå Stavanger Friidrettsklubb er den andre utøvaren frå Rogaland.

Konkurransen går føre seg i den italienske byen Chia.

Jakob er yngre bror til EM-vinnar på 1500 meter i sommar, Filip Ingebrigtsen.

Og til eldstebror Henrik, som både er tidlegare EM-vinnar på 1500 meter, og som blei nummer 5 i OL-finalen i London på same distanse.

Jakob er rekna som det største friidrettstalentet på løpetida på svært mange år i Norge.

Testar gjort på Universitetet i Stavanger, viser at han har det meste som skal til for å lukkast i springing i friidrett,

I tillegg er han nøye med treningsarbeidet og har faren Gjert som personleg trenar.