Jakob (15) knuste eigen verdsrekord: – Eg har meir å gå på

Jakob Ingebrigtsen sprang over to sekund betre enn sin eigen uoffisielle verdsrekord for 15-åringar på Bislett. Han nærmar seg med det kravet til senior-EM, men det er ikkje eit mål for Sandnes-gutten.

Jakob Ingebrigtsen

NY SUPERTID: Jakob Ingebrigtsen imponerte igjen alle da han sette enda ein ny rekord på Bislett.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Han sluttar ikkje å imponere. Fantastisk løping, seier ekspert Vebjørn Rodal.

– Eventyrleg, fylgjer kommentator Jann Post opp.

Du har kanskje skjønt at Jakob Ingebrigtsen er ein 15-åring heilt utanom det vanlege.

I kveld sprang han 1500 meter mot dei store under forstemnet til Bislett Games og viste null respekt.

Etter løpet måtte Ingebrigtsen på ny springe, denne gongen for å spy, men rakk å melde dette til NRK.

– Eg har meir å gå på.

Laster Twitter-innhold

EM-deltaking er ikkje målet

Førre veke sette han ny personleg beste og uoffisiell verdsrekord for 15- åringar for andre gong denne sesongen.Tida var da 3.44.97 i belgiske Oordegem.

I dag knuste han den tida med over to sekund.

Den nye rekorden er nå på 3.42.44.

– Det var eit bra løp, eg låg akkurat på kanten til at eg skulle sleppe. Veldig fornøgd med at eg klarte å fylgje med inn, seier Ingebrigtsen.

Jakob Ingebrigtsen løp 1500 meter på Bislett

Sjå løpet til Jakob Ingebrigtsen her

Med det nærmar han seg kravet til senior-EM, som er eit stort mål for 15-åringen. Men det er ikkje det å delta i meisterskapet i Amsterdam som lokkar.

– Eg har ikkje eit mål om å kome til EM, seier han til NRK.

Pappa Gjert Ingebrigtsen fortel at sonen vil forsøke å ta kravet, men at han ikkje dermed nødvendigvis prøvar å kome seg til EM.

– Eg har ikkje som mål om å ta EM-kravet før fristen, men i løpet av sesongen. Eg viste at eg tok eit stort steg på veg, seier han.

Løken tok EM-kravet

Australske Luke Mathews vann løpet på 3.37,99, med Snorre Holtan Løken på andreplass. Med tida 3.38,63 sprang telemarkingen også under EM-kravet.

Jakob Ingebrigtsen kom inn på ein 9.plass og blei med det nest beste nordmann, i konkurranse med langt eldre utøvarar.

Seinare i kveld ser du brørne Henrik og Filip springe ein engelsk mile i hovudstemne i Bislett Games. Sendinga ser du på NRK1 og her på nrk.no frå 19.45.

Siste nytt

  • Viking slapp med skrekken

    Alle eliteserielaga som var i aksjon i cupens 1. runde søndag, gjekk vidare.

    Viking sleit mest, men slo Staal Jørpelands til slutt 3-2. Eks-Vikingspelar Even Østenstad utlikna Vikings leiing to gonger. Viking leia ved pause, men Østensen utlikna etter 53 minutt.

    Men gleda blei kortvarig, for Rolf Daniel Vikstøl sende Viking til 2-1 eit par minutt seinare.

    Sju minutt før full tid utlikna Østensen igjen, men på nytt svarte Viking på direkten ved Sebastian Sebulonsen.

    I Mo i Rana låg det an til cupsjokk i litt over ein omgang. Rana leia 1-0 ved pause mot Bodø/Glimt. Men etter sidebyte fekk Glimt opp tempoet og vann 4-1. Lasse Nordås scora tre av måla.

    Sarpsborg måtte også slite i Halden, der Kvik gav god motstand. Eit sjølvmål på overtid i første omgang og ei scoring fem minutt på overtid i andre omgang gav sarpingane 2-0.

    Rosenborg hadde ingen problem med Melhus, og vann 7-0. Dei tre siste måla kom på overtid.

    Vålerenga var klart best i lokaloppgjeret mot Lyn og vann 4-0.

    Sandefjord hadde heller ingen vanskar, og slo Pors 4-1. Mjøndalen vann 3-0 over Åssiden.

    Erling Braut Haalands fetter Albert Braut Tjåland scora siste målet då Molde slo Spjelkavik 4-1.

    Sebastian Sebulonsen
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB
  • Låg sju slag bak - vann i omspel

    Australske Minjee Lee låg sju slag bak koreanske Lee6 Jeongeun før siste runde i major-turneringa Evian Championship, men tok inn heile forspranget og vann etter omspel.

    Lee gjekk siste runden på sju under par, og tok dermed igjen den koreanske jenta.

    Jeongeun makta ikkje presset i omspelet, og slo i vatnet. Dermed var det duka for siger for Lee, hennar første major-tittel.

    Minjee Lee
    Foto: Philippe Desmazes / AFP
  • Første basket-tap for USA på 17 år

    Frankrike smelte ei skikkeleg bombe ved å slå USA 83-76 i mennenes basket. Det er USAs første OL-tap sidan 2004 og det sjette i heile OL-historia.

    USA leia 45-37 halvveges i kampen. Men så gjorde stjerna Kevin Durant sin fjerde feil og blei straffa med mange minutt på benken.

    Då Frankrike samstundes gira opp, tok dei leiinga med 62-56 etter det tredje kvarteret. USA kom tilbake og leia 74-67, men makta ikkje å svare på den franske innspurten.

    Frankrikes toppscorar var Evan Fournier med 28 poeng. Han spelar til dagleg i Boston Celtics i USA.

    – Det kjennest bra, var Fourniers lakoniske kommentar.

    Evan Fournier, Frankrike
    Foto: Charlie Neibergall / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal