Hopp til innhold

Ingen har tal på import av økologisk mat: – Eg har masa i tre år

Fleire vil ete økologisk, men Noreg er langt frå sjølvberga med denne maten. Likevel har ingen oversikt over importen av økologisk mat.

Grønnsakhylle i matbutikk

Ifølgje Økologisk Norge har etterspørselen etter økologiske varer gått rett i været i pandemiåret 2020. Men ingen veit kor mykje som vert importert. – Eit sårt område, vedgår Landbruksdirektoratet.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Berre 4,6 prosent av jordbruksarealet i Noreg vert drive økologisk. Noreg produserer ikkje nok økologisk mat til å dekkje etterspørselen frå forbrukarane, og derfor må noko importerast.

Men kor mykje? Det er ingen heilt sikre på. Og det bekymrar Økologisk Norge.

– Ingen har full oversikt i dag. Eg har etterlyst tal og statistikk sidan 2018. Nå har eg masa i tre år, seier leiar Børre Solberg.

Fram til 2018 publiserte Landbruksdirektoratet og analysefirmaet Nielsen salstal frå daglegvarebransjen. Der fekk ein omsetningstal for vareslaga, men det var ikkje mogleg å skilje ut det som var importert.

Biletet var altså langt frå komplett, men betre enn ingenting.

– Men nå er samarbeidet avslutta, seier Solberg.

Etterlyser måleverktøy

I 2016 skrota regjeringa målet om at 15 prosent av produksjonen og omsetnaden av matvarer skulle vere økologisk. Det blei sagt at produksjonen var for stor og førte til matsvinn.

Det nye målet no er at Noreg skal produsere mest mogleg av det forbrukarane spør etter.

Børre Solberg

Børre Solberg er leiar i organisasjonen Økologisk Norge.

Foto: Dorthe Bechmann

Men då hadde det vore ein fordel å vite kor mykje som faktisk vert importert, meiner Økologisk Norge.

– Vårt mål er å auke andelen norsk økologisk mat. Men vi treng statistikk, eit konkret måleverktøy og ein konkret opptrappingsplan for å nå dette målet. Nå kan vi ikkje vite om det blir meir eller mindre norsk økologisk mat som vert selt, seier Solberg.

– Eit sårt område

Seksjonssjef Harald Moksnes Weie i Landbruksdirektoratet legg ikkje skjul på at han gjerne skulle visst kor mykje økologisk mat Noreg importerer.

– Dette er eit sårt område, seier han.

– Vi har ikkje lagt fram tal dei siste par åra, men det betyr ikkje at vi ikkje er opptatt av det. Det hadde vore ein fordel å kunne skilje mellom norsk og importert økologisk mat, held han fram.

Harald Moksnes Weie i Landbruksdirektoratet

Harald Moksnes Weie i Landbruksdirektoratet.

Foto: Landbruksdirektoratet

Nå håper Landbruksdirektoratet å få til ein avtale med Statistisk sentralbyrå (SSB).

– For det er ikkje berre vi som meiner dette må på plass. Det er ingenting det er så stor interesse for som dette. Både landbruket, forbrukarar, organisasjonar og politikarar er veldig opptatt av desse tala, seier Weie.

Meiner Noreg er økologisk-sinke

Tidlegare klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) har lenge etterlyst tala for økologisk import. Han meiner Noreg ligg langt etter nabolanda.

Ola Elvestuen med Oslofjorden bak seg.

Stortingsrepresentant Ola Elvestuen i Venstre.

Foto: Freddy Samson Fagerheim / NRK

– Danmark har mål om at 20 prosent av jordbruksarealet skal drivast økologisk innan 2030. I Sverige er målet 30 prosent innan 2030, seier Elvestuen.

Nå vil han ha landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) på banen slik at ein kan finna ut meir om forbruk og import av økologiske varer.

– Diskusjonen om økologisk mat kjem for fullt i Noreg. Og da må vi ha betre tal, seier Elvestuen.