Hopp til innhold

Stadig færre bønder vil drive økologisk: – Det er jo litt tungvint

SUNNFJORD (NRK): I ti år har talet på økologiske bønder gått nedover. No er produksjonen så låg at vi må importere meir frå utlandet for å tilfredsstille etterspurnaden etter økologisk mat.

Harald Eriksen, økobonde i Årbergsdalen

LIKAR DET: Harald Eriksen likar godt å vere økobonde, og har ikkje angra på at han satsa på driftsforma.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er klart det er litt meir tungvint dette her, men det er også veldig kjekt å kjenne på at maten vi produserer kjem frå jorda og naturen, og ikkje er kunstig framstilt, seier Harald Eriksen.

Han har vore økologisk bonde på heimegarden i Årbergsdalen i Sunnfjord sidan 80-talet, og har aldri angra på det valet.

Å drive som økologisk bonde tyder at du nyttar husdyrgjødsel i staden for kunstgjødsel, at du ikkje nyttar kunstige sprøytemiddel for å bli kvitt ugras og insekt.

Tanken har vore at dette må vere betre for naturen, dyra og bonden – og ikkje minst menneska som skal ete maten.

Men dei økologiske bøndene blir no stadig færre og færre, og nedgangen er større enn blant konvensjonelle bønder. I 2009 var det kring 3000 bønder som dreiv økologisk, no er talet under 2000.

– Det er sjølvsagt veldig synd, for det er ein fin måte å drive landbruk på. Og om ein gjer det skikkeleg, så går det an å tene like mykje som andre bønder, seier Eriksen.

Nedgangen i i talet på økologiske bønder heng tett saman med nedgangen som elles har vore i landbruket, men er også i sterk kontrast til det som har vore eit mål for fleire norske regjeringar: å auke talet på økologiske bønder.

Harald Eriksen, økobonde i Åbergsdalen

BRUKAR DET HAN HAR: Harald Eriksen driv med både sau og ammekyr, og føler at fordelen med økologisk drift er at bonden baserer seg på dei ressursane som er på garden.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Forskar: – Ikkje berre fordelar med økologisk

Men det er ikkje slik at alle er samde om at økologisk jordbruk er betre enn vanleg jordbruk.

Audun Korsæth er divisjonsdirektør og seniorforskar ved Nibio, norsk institutt for bioøkonomi.

– Det er ikkje store skilnader mellom økologisk landbruk og konvensjonelt landbruk, og på nokre område er det klare ulemper ved økologisk drift, seier han.

Korsæth peikar på at både når det gjeld klimagassutslepp og graden av sjølvberging her i landet, så kan det vere negative sider ved økodrift. Likevel understrekar han at i Noreg er skilnadane innad i økologisk landbruk, større enn mellom konvensjonelt og økologisk landbruk.

Ein økologisk bonde vil nemleg produsere mindre mat enn det ein vanleg bonde ville ha gjort på det same området. Resultatet er større utslepp av klimagassar per kilo biff eller korn, trur Korsæth

– Og om du meiner som meg, at den primære oppgåva til bonden er å produsere mat, så vil det vere ein fordel om vi klarer å produsere meir mat. Ein vanleg norsk bonde produserer trass alt trygg og god mat.

Forskaren peikar mellom anna på at nivåa av sprøytemiddel i landbruket i dag er så låge, at det ikkje er farleg korkje for bonden eller forbrukaren.

Organisasjonen Økologisk Noreg meiner derimot at regjeringa ikkje gjer nok for å leggje til rette for at fleire satsar på økologisk landbruk.

– Regjeringa burde leggje til rette at fleire får lyst til å byte over til økologisk drift, seier dagleg leiar i Økologisk Noreg, Børre Solberg.

Dei syner på si side til at nokre forskarar er usamde med Nibio, og at mellom anna forskarane ved senter for økologisk landbruk, Norsøk, har peika på klimavinstar ved å drive økologisk.

– Det er heilt rett at økologisk landbruk har ei utfordring med storleiken på avlingane, men dette må sjåast i samanheng. Når du ser på utmarksbeiting, jordsmonnet og heile pakka, så er økologisk landbruk ikkje dårlegare enn konvensjonelt landbruk når det kjem til klimagassutslepp, seier forskar Sissel Hansen.

– Økologisk er berekraftig på sikt

Harald Eriksen er på si side heilt overtydd over kva han meiner.

– Økologisk landbruk gjer at vi baserer drifta på dei lokale ressursane som er her allereie. Det er berekraftig på sikt, og det gir ei god kjensle.