Hopp til innhold

Bonde- og småbrukarlaget trur fleire bønder må slutta grunna landbruksavtalen

Sjølv om Kristeleg folkeparti og Venstre nå har sett sitt preg på årets jordbruksavtale, ser det framleis heilsvart ut for fleire småprodusentar, meiner leiaren i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, Nils Melbøe. I går fekk han melding frå ein sauebonde som sluttar av drifta si på grunn av den nye jordbruksavtalen.

Bondeaksjon i Ørskog

Mange bønder er framleis svært misnøgde med jordbruksoppgjeret, sjølv om nå også KrF og Venstre går god for avtalen.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Nils Melbøe

Nils Melbøe er leiar i Rogaland bonde- og småbrukarlag.

Foto: Rogaland bonde- og småbrukarlag

Onsdag kveld steig representantar frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg folkeparti fram til mikrofonane og fortalde at ein ny jordbruksavtale, med fleirtal i Stortinget, nå er klar. Den nye avtalen har ei auka ramme på 250 millionar kroner, men fleire av strukturendringane, som regjeringspartia først føreslo, ligg framleis fast. Dette er endringar som dobling av mjølkekvote og at det blir meir lønsamt for større bruk.

Like etter pressekonferansen fekk leiar i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, Nils Melbøe, melding frå eitt av medlemmene sine. Ein sauebonde frå Tysvær, som sluttar på grunn av avtalen.

– Få som er tent med oppgjeret

Nils Melbøe forstår bonden som sluttar godt.

– Det er trist, men det er forståeleg, seier han.

NRK har ikkje lukkast med å koma i kontakt med bonden, men ifølgje Bonde- og småbrukarlaget har han eit bruk på 50 sauer og jobb i tillegg, etter pressekonferansen i går valde han og slutta av og heller takka ja til eit jobbtilbod, som ikkje kan kombinerast med å driva småbruk.

Det er slike folk som kjem svært dårleg ut i jordbruksoppgjeret, meiner Melbøe.

– Det er bra at det er litt meir pengar i dette oppgjeret, men det er eit veldig dårleg oppgjer for småprodusentar, og det vil føra til at langt fleire sluttar og flyttar. Dersom det ikkje lønar seg å driva, kan dei ikkje berre halda fram drifta på grunn av at generasjonane før dei gjorde det, seier Melbøe.

– Kven kan då jubla for dette oppgjeret?

– Relativt få meiner eg. Eg vil tru at det handlar om 20 til 30 store bruk, som er i stand til å nytta gulrota som er der for å produsera meir, svarer han.

Høyre, Frp, Venstre og KrF er enige om en ny 
jordbruksavtale. Avtalen har en ramme som er rundt 250 millioner kroner høyere enn statens opprinnelige tilbud til bøndene.

Her blir den nye jordbruksavtalen lagt fram.

– Omvendt Robin Hood-politikk

Han seier at det i avtalen ligg inne meir støtte til dei som driv stort, og at dette går på kostnad av dei som driv mindre.

– Det er ein slags omvendt Robin Hood-politikk der vanlege familiebruk blir taparane, seier Melbøe.

Leiar i Tysvær og Bokn småbrukarlag, Torbjørn Norland, som kjenner bonden som gir seg, meiner sauebønder spesielt blir råka.

– Det finst sikkert dei som vil satsa stort, og dermed kan driva lønsamt. Men eg trur ikkje det vil kompensera for alle som må gi seg. Me må hugsa at brorparten av alle lam som blir slakta kjem frå små eller mellomstore bruk, seier han.

Skuffa over KrF og V

Jordbruksoppgjeret gjekk til behandling i næringskomiteen på Stortinget etter at det blei brot i forhandlingane mellom staten og bondeorganisasjonane 13. mai – og etter at sonderingar mellom regjeringa og Venstre og KrF stranda natta før Listhaug måtte senda tilbodet til stortingsbehandling.

Seinare har tusenvis av bønder delteke i ulike protestaksjonar for å visa si misnøye med tilbodet frå staten.

I går var det altså samarbeidspartia som kom med eit nytt forslag.

– Me er veldig skuffa. Etter signala me fekk frå KrF og V hadde me tru på at det skulle bli eit betre oppgjer enn det me nå har fått. Dei har berre vatna ut FrP-medisinen litt, seier Melbøe.

Frp og landbruksministeren på si side er svært nøgde med at hovudretninga som dei har staka ut, framleis er kursen som gjeld.

– Dette inneber ei ny retning i landbrukspolitikken. Dei som ønsker å leva av garden på heiltid får betre inntektsmoglegheiter, seier Listhaug.

Ho seier at regjeringa har fått gjennomslag for dei største forenklingsgrepa som nokosinne er gjort i jordbruksavtalen si historie.

– Me sørgjer også for at dei som er store innanfor landbruket får lov til å veksa. Me doblar mjølkekvotane. Me sørgjer for at dei som produserer mykje mat får betre betalt for det. Det var hovudelementa som låg inn i den avtalen som me la fram for Stortinget, og det er me veldige glade for å ha fått gjennomslag for, seier ho.