Hopp til innhold

Høge straumprisar tvingar slakterigigant til å revurdere millioninvestering

Slakterikonsernet fortviler over høge straumprisar i Rogaland. No vurderer dei å investere ein annan stad. – Urettferdig, meiner regiondirektør i NHO.

Fatland Ølen AS, produksjon

Fatland Ølen er det største anlegget til Fatland. Deira neste investering er det no usikkert kvar blir.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Det går ut over marginane våre, og det blir ein tøffare kvardag. Vi har mindre å investere for, mindre å fornye oss på, og det er vanskelegare å halde hjula i gang, fortel deleigar av Fatland AS, Inge Fatland.

Han snakkar om konsekvensane eitt av Noregs største slakteri kjenner på om dagen.

Fatland AS har anlegg på Austlandet, men slakteria på Hommersåk og i Ølen er dei to største.

Begge desse er i Rogaland fylke, som ligg i regionen med dei aller høgaste straumprisane i landet.

– Det seier seg sjølv at det blir tyngre for oss å konkurrere i marknaden vår. Vi får større utgifter her, og det dreier seg om millionar i forhold til om vi til dømes hadde vore i Trøndelag.

Konsernet hadde planlagt å utvide anlegget i Ølen, men er no usikre.

Medeier og teknisk sjef i Fatland, Inge Fatland

Medeigar og teknisk sjef i Fatland, Inge Fatland.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Frykteleg synd

Bedrifta har tidlegare uttalt at dei før brukte mellom 1–2 millionar kroner i året på straum.

I 2022 brukte Fatland nesten 20 millionar, og det ligg an til omtrent 9 millionar kroner for straumbruken i 2023.

Allereie har dei sett seg nøydde til å sende noko av slaktet til pinnekjøtt til Trøndelag.

Fatland hadde planer om å utvide slakteriet i Ølen.

Men høye strømpriser gjør at de vurderer å flytte til Trøndelag.

Der er strømprisene lavere enn i Ølen.

I tillegg gjer straumprisane at ei planlagd utviding av slakteriet i Ølen på 250 millionar kroner, kan hamne ein annan stad i landet i staden.

– Vi risikerer at det ikkje blir noko av. Det er kostnadene som er drivande for å ha ei lønnsam verksemd i framtida. Slik det er no, er det ei konkurranseulempe å liggje i denne straumsona, seier konsernsjef i Fatland, Anders Hundseid.

Inge Fatland og Anders Hundseid i Fatland AS.

På anlegget på Ølen var det planlagt ei utviding på 8000 kvadratmeteter. Inge Fatland og konserneigar Anders Hundseid seier at dei no er usikre på om det vil bli gjennomført i Ølen.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Inge Fatland er fødd og oppvaksen på Ølen, og seier det er der han vil drive og vere.

– Det er frykteleg synd at vi ikkje skal ha same føresetnader for å drive i heile landet, seier han.

No etterlyser han ei snarleg prisutjamning på straumen.

– Vi står framleis i ein uføreseieleg kvardag, og har prøvd å forklare vår situasjon til dei som styrer landet. Det er frykteleg skuffande at dei ikkje ser det dei òg.

Les også Skuffede ordførere etter strømopprør: –Ikke mye svar å få

Strømdemo

NHO bekymra

Regiondirektør for Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) i fylket, Tone Grindland, kallar situasjonen for urettferdig.

– Det er ikkje greitt at bedrifter flyttar ut av Rogaland på grunn av ei slik urettferd som har oppstått med ho straumprisen som er ulik i ulike landsdelar, seier ho.

Ho er bekymra for at færre vil etablere seg i fylket som følgje av straumprisane, og kallar forskjellane på straumprisane i Noreg for «konkurransevriding».

– Når det er enormt mykje dyrare å produsere ei pølse i Rogaland enn i Trøndelag, er det konkurransevriding. Føresetnaden for å lage pølsa er ulik, sjølv om det blir produsert til same marknad, seier ho.

Særleg bekymra er ho for matproduksjonen i det mange kallar for matfylket Rogaland.

– Landbruket i Rogaland er ei stor sysselsetjingsmaskin, og dei viktige å ta vare på i Rogaland. Vi er stolte av matvarebransjen, og eg er derfor særleg bekymra for dei.

Tone Grindland. Regiondirektør. NHO Rogaland

Regiondirektør i NHO Rogaland, Tone Grindland.

Foto: Lene Underhaug / NRK