Hopp til innhold

Hopar seg opp med storfekjøt – bønder får ikkje sendt dyr til slakting

Kjøtgiganten Nortura utset slakting på grunn av lågt sal. Bøndene er bekymra for plassmangel i norske fjøs.

Nortura sitt slakteri i Førde

PLASSMANGEL: Nortura utset slakting på grunn av lågt sal. Bilete er frå Nortura-anlegget i Førde i 2020.

Foto: EMILY LOUISA MILLAN EIDE / NRK

Nortura seier salet av storfekjøtt i haust har stupt i forhold til det dei hadde venta seg. Lagera er fulle.

– Det er ein utfordrande og litt spesiell situasjon i storfemarknaden for tida i heile Noreg, seier fabrikksjef i Nortura Førde, Eivind Fonn.

Nortura må fryse ned mykje av storfeslakta som blir levert.

I ei melding som selskapet sende ut førre veke, beklagar dei til bøndene:

«I praksis er det nå innfrysingskapasiteten som begrenser tall på storfe som er mulig å slakte hver uke.»

Fabrikksjef Eivind Fonn ved Nortura i Førde

Fabrikksjef i Nortura Førde, Eivind Fonn, seier det igjen er fulle fryselager.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

Selskapet presiserer at det er normalt med overskot på denne årstida.

Men Nortura seier også at salet av storfe har gått kraftig tilbake, og at overskotet som må frysast inn er betydeleg høgare enn normalt.

– Vi må skubbe ein del slakt framfor oss no vidare i haust for å kome à jour, seier Fonn.

Fryktar fulle fjøs

Dette får bøndene til å reagere kraftig.

– Det er ikkje optimalt på nokon måte, seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

For enkelte bønder vil det kunne bli plassmangel, då mange vil byrje å ta dyra i hus no når vinteren står for dør.

– For bonden vil det kunne bli veldig trongt i fjøsen.

Paller med storfe på Skude fryseri

Også i 2018 var det trongt om plassen. Skude fryseri i Karmøy måtte stille lagera til disposisjon for Nortura.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Gir straumprisane delar av skulda

Nortura slaktar normalt 4–5000 storfe i veka.

Dei merkar at salet av storfekjøtt har blitt lågare og bestillingar frå industrikundar som kjøper heilslakt har gått ned.

Salet er redusert med 14–15 prosent no i haust samanlikna med tidlegare prognosar.

Selskapet seier at dyr straum og auka kapitalkostnadar gjer at enkelte industrikundar ikkje ynskjer å sitte med mykje storfekjøt på eigne lager. I tillegg er det knytt usikkerheit til sal av storfe i 2023.

Selskapet har også indikasjonar på at enkelte aktørar har importert mykje storfekjøt no i sommar.

Fonn trur at energikostnadane spelar ei sentral rolle i mangelen på lagringskapasitet.

– Det er dyrt å ha varer på lager og mange vegrar seg nok for det, seier han.

Nortura lovar å hjelpe bøndene som rett og slett ikkje har plass til alle dyra.

Storfe inne i fryseriet

Også tidlegare har det vore fulle fryselager. Det er det også no, melder Nortura.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Fleire merkar at salet går ned

Ein av dei største konkurrentane til Nortura er Fatland, som også er ein av dei største industrikundane til Nortura.

Dei avviser at dei tek inn mindre storfe enn tidlegare på grunn av høge straumprisar.

– Vi har alltid for lite storfe. Vi kjøper det frå Nortura fordi vi treng meir enn vi slaktar sjølve, seier dagleg leiar Svein Fatland.

Men dei merkar at salet har vorte noko redusert.

– Det har vel normalisert seg. Vi hadde ekstraordinært sal i 2020 og 2021 under pandemien. Men no har det gått ned til nivået vi såg før pandemien, seier Fatland.