NRK Meny
Normal

Kan bli bussprisar på 10 kroner i Haugesund

Samferdslesjefen lovar betre busstilbod og lågare billettprisar i Haugesund.

Buss i Haugesund

Samferdslesjefen i Rogaland varslar bussprisar på 10–15 kroner i Haugesund.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– For det første skal me gjera noko med rutestrukturen, slik at me i alle fall får ei høgfrekvent bybussrute i Haugesund, seier samferdslesjef i Rogaland, Gottfried Heinzerling til NRK, og legg til:

– Me skal også betra informasjonen, betra profileringa og design på bussane, kanskje ta grep med haldeplassane og sist men ikkje minst; me skal sjå på moglegheitene for billegare takst for bybusstilbodet.

LES OGSÅ: – Haugesund er kollektivnøkkelen

LES OGSÅ: Arbeiderpartiet vil ha gratis nattbuss

Kraftig nedgang

Gottfried Heinzerling

Gottfried Heinzerling.

Foto: Anders Fehn / NRK

Dei siste åra har talet på bussreisande i Haugesund gått kraftig ned. I fjor var det 115.000 færre passasjerar enn året før, og enkelte avgangar blir køyrde utan passasjerar.

Sjåførane meiner bussrutene er for dårleg sett opp, og Kolumbus har lova å ta grep.

I dag kjem samferdslesjefen med gode nyheiter for dei kollektivreisande i Haugesund.

«Bybuss Haugesund» dreier seg hovudsakleg om Haugesund og Fastlands-Karmøy og er eit prosjekt som skal få fleire til å ta bussen.

LES OGSÅ: – Positivt både for sjåførene og passasjerene

10–15 kroner billetten

Reduserte billettprisar er altså eitt av tiltaka som forhåpentlegvis skal få opp passasjertalet.

– Me registrerer passasjernedgangen dei siste to åra. Derfor er tanken å gjera det meir attraktivt å ta bussen prismessig.

– Kva snakkar me om då for ein bussbillett?

– Me tenkjer høgt om enkeltbillettar på 10–15 kroner, og månadskort på 450 kroner. Men dette må me finrekna meir på, seier Heinzerling.

Folk droppar bussen i Haugesund. Dei siste åra har talet på bussreisande gått kraftig ned i byen.og dette ser ut til å fortsetta.

VIDEO: (07.01.14) Stadig færre tar bussen i Haugesund. Foto: Arne Gunnar Olsen/NRK.

Flere nyheter fra Rogaland