Hopp til innhold

Her er det «mest sommar» i Noreg

NOREG (NRK): Den dårlegaste sommaren på den beste staden var betre enn den beste sommaren på den dårlegaste staden. NRK har talt sommardagar gjennom 20 år.

Sunna Lygre med barna Noelia og Neo på Hellestø i Sola kommune

Sunna Lygre og barna Noelia og Neo har hatt flotte dagar på Hellestø i Rogaland sommaren 2020. Men er det eigentleg hit ein bør reise viss ein er på jakt etter best mogleg vêr?

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Sommaren 2020 er sommaren nordmenn skal oppdage nye stader i sitt eige land. Men kvar bør du reise viss det er best mogleg sommarvêr du er på jakt etter?

NRK har gjort jobben for deg. Vi har gått gjennom nær 100.000 vêrobservasjonar og talt «fine sommardagar» dei siste 20 åra.

Ein god, norsk sommardag har vi definert som eit døgn med maksimalt 1,0 millimeter nedbør, samstundes som temperaturen var over 20 grader i løpet av døgnet.

Vi har valt åtte stader, spreidde over heile Noreg, kor det var gode og stabile meteorologiske data for heile perioden. Dei største byane er tatt med, i tillegg til nokre mindre stader.

Tala viser store forskjellar mellom åra, noko som får meteorologen til å slå hol på myten om at det er ein kvote sommarvêr som kan bli oppbrukt viss sommaren kjem tidleg.

Det som derimot er tilfellet, er at nokre stader i landet har langt betre sommarvêr enn andre.

År etter år.

Dei åtte stadene er rangert etter gjennomsnittstalet på sommardagar, altså talet på sommardagar gjennom 20 år delt på 20. Du kan og sjå ein graf som viser variasjonen mellom åra kvar stad.

8. plass: Bodø (16 sommardagar)

Ausvika utenfor Bodø mandag formiddag 22. juni.

BODØ: Ausvika utanfor Bodø 22. juni i år.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Bodø er staden med det lågaste snittet, men og den aller dårlegaste sommaren blant stadene NRK har sjekka. I 2012 var det berre to (!) dagar med over 20 grader og mindre enn ein millimeter nedbør.

7. plass: Karasjok (18 sommardagar)

NRK Sápmi i Karasjok

KARASJOK: NRK Sápmi sine lokale i Karasjok ein augustdag i 2015.

Foto: Ewa-Mari Hedman / NRK Sápmi

Karasjok har ikkje så mykje høgare snitt enn Bodø, men langt fleire sommardagar samanlagt i 20-årsperioden. Dei to dårlegaste somrane i Karasjok hadde sju sommardagar kvar, medan den beste (2013) hadde 35.

6. plass: Stavanger (26 sommardagar)

Solastranda

STAVANGER: Solastranda i slutten av juni i år.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Like utanfor Stavanger ligg ei strand som heiter Solastranda, men det skulle ein kanskje ikkje tru. På dei siste 20 åra har Stavanger berre hatt litt over 500 sommardagar. Det er mindre enn halvparten av staden som hadde flest. Den dårlegaste sommaren i Stavanger var 2017, med ti sommardagar.

5. plass: Bergen (33 sommardagar)

Sommer på Gamlehaugen i Bergen

BERGEN: Gamlehaugen i Bergen ein junidag i 2014.

Foto: Kamilla Pedersen / NRK

Hovudstaden, som mange bergensarane plar kalle han, er i alle fall ikkje sommarhovudstaden. Er du i Bergen ein heil sommar, kan du berre vente deg ein dryg månad med sommarvêr. Men den beste sommaren i byen, 2006, hadde 54 fine dagar.

4. plass: Trondheim (36 sommardagar)

Sommer

TRONDHEIM: Juli, 2017. Ein av 29 sommardagar det året.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

I 2002 var det 60 sommardagar i bartebyen. Ikkje verst! Det er heller ikkje verst at åtte av dei siste 20 åra har hatt meir enn 40 dagar sommar. Botnen sidan tusenårsskiftet er 2010. Da var det berre 19, men det var heller ingen god sommar i Noreg.

3. plass: Kristiansand (43 sommardagar)

Bystranda i Kristiansand

KRISTIANSAND: Bystranda i Kristiansand i 2018 – ein sommar som var svært god fleire stader i landet.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Både frå aust og vest valfartar folk til hytta på Sørlandet. Og det er betre vêr der om sommaren enn mange andre stader i Noreg. Kanskje blir de skuffa, sørlendingar, men de kjem altså ikkje øvst blant stadene vi har målt. Likevel: I 2018, 2006, 2003 og 2002 var det spesielt godt å bu eller feriere i sør. Desse somrane hadde mellom 57 og 74 sommardagar.

2. plass: Nesbyen (55 sommardagar)

Varmerekord i Nesbyen.

NESBYEN: Det var her varmerekorden blei sett i 1970. Jarle Hermundsgård (t.v.) og Dag Smestad.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Sjølv om 1970 er nokre år før statistikken vår startar, må det med: Noreg sin nest mest sommarlege stad har varmerekorden i landet. 20. juni 1970 blei det målt 35,6 varmegrader i Hallingdal. Og det har ikkje vore gale seinare, heller. Sommaren med flest sommardagar hadde 84 (2018), medan sommaren med færrast hadde 19 (2012).

Det er verdt å nemne at Nesbyen har det same snittet som førsteplassen. Årsaka til at det likevel berre blir andreplass, er at førsteplassen har ein sommardag meir gjennom 20 år.

Førsteplass: Oslo (55 sommardagar)

Late dager i sola

OSLO: På Sørenga var det 51 dager med meir enn 20 grader det året dette biletet blei tatt – 2015.

Foto: Sahand Ammari / NRK

Den verkelege hovudstaden, både offisielt og sommar-messig. Det gjer kanskje ikkje så mykje om ein må vere inne ein fin dag i Oslo, for dei siste 20 åra har det vore 1103 sommardagar der. Den dårlegaste sommaren i Oslo (år 2000) hadde 35 sommardagar. Det er fleire enn den beste sommaren i Bodø (29, 2019) og like mange som den beste i Karasjok (2013).

– Det overraskar meg ikkje at Oslo toppar blant storbyane, sidan du her ser på temperaturar og nedbør i samanheng, seier Line Båserud, klimavakt ved Meteorologisk institutt.

Korleis det vil vere i 2040, neste gong vi kan måle ein 20-årsperiode, tør ho ikkje si. Men ho er ikkje sikker på at det blir varmare.

– Ikkje nødvendigvis. Sjølv om trenden ser ut til å gå i retning av temperaturauke, er det sannsynleg at klimaendringane også gir meir nedbør, seier ho.

Fleire sommarferiesaker: Dyrere å være norsk i Danmark | Korona-sommeren 2020 – ferie som i «gamle dager» | 170.000 nordmenn vil gå Besseggen i sommer | Nå blir det charterferie fra nord til sør – i Norge | Dette skiller norske turister fra utenlandske når de ferierer hjemme