Hopp til innhold

Så mange sommardagar har du igjen

NOREG (NRK): Nå får heile landet eit vêrskifte. «Sommaren er brukt opp», seier pessimisten. NRK har undersøkt om det er hald i myten om at vi har ein kvote sommarvêr.

Fin sommerdag på Solastranda

SOLA: På Solastranda i Rogaland var det i alle fall ein fin sommardag i 2015, då biletet blei tatt. Men 2015 er på langt nær den beste sommaren dei siste 20 åra.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

«Et mer normalt junivær i vente», tvitra Meteorologisk institutt torsdag.

– Vi får et vêrskifte i heile landet, men det blir mest utprega i Sør-Noreg, seier statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt, Kristin Seter.

I helga kjem ein kaldfront med nedbør inn mot Sør-Noreg. Nedbøren startar i Rogaland og Agder og brer seg austover og nordover i løpet av sundag og måndag.

«Ikkje iskaldt»

– Det blir ikkje iskaldt akkurat, men i Sør-Noreg har det vore så varmt nå at det kanskje kjennest slik, seier Seter.

– I Troms og Finnmark har det vore eit litt anna vêr, så omveltinga blir ikkje like stor.

Kristin Seter

KALDFRONT: Statsmeteorolog Kristin Seter heller litt kaldt vatn i årene til nordmenn i slutten av juni.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

Kva som skjer vidare utover veka er meir usikkert, ifølgje Seter. Det kan sjå ut til at heile landet får det meteorologen kallar ein «meir variabel vêrtype». Kjøligare luft. Meir lavtrykksaktivitet. Periodar med regn.

Dårleg, som pessimisten ville ha kalla det. Da var det over for i år, da. Eller?

Slike tankar er ikkje uvanlege, ifølgje Seters kollega.

– Ein føler jo kanskje det. På slutten av ein godvêrsperiode tenker ein kanskje at «nå er sommaren over», seier Magnus Haukeland.

100.000 observasjonar

Difor har NRK sjekka. Vi har gått gjennom nær 100.000 vêrobservasjonar og talt «fine sommardagar» dei siste 20 åra.

Magnus Haukeland

SLUTT?: Statsmeteorolog Magnus Haukeland skjønner godt at det er lett å miste trua når vêret slår om.

Foto: Therese Pisani / NRK

Ein god, norsk sommardag har vi definert som eit døgn med maksimalt 1,0 millimeter nedbør, samstundes som temperaturen var over 20 grader i løpet av døgnet.

Vi har valt åtte stader, spreidde over heile Noreg, kor det var gode og stabile meteorologiske data for heile perioden.

Dei største byane er tatt med, i tillegg til nokre mindre stader: Karasjok, Bodø, Trondheim, Nesbyen, Bergen, Oslo, Stavanger og Kristiansand. Så har vi lagt talet på sommardagar saman, år for år.

Tala viser store forskjellar mellom åra.

Den dårlegaste sommaren i Noreg dei siste 20 åra var truleg 2012. Det året var det berre samanlagt 167 dagar med nesten ingen nedbør og over 20 grader på dei åtte stadene.

Den beste ligg berre eit par år bak oss. I 2018 var det 436 sommardagar på dei åtte stadene. To og ein halv gong så mange.

Meteorologen: – Ein myte

Dei store variasjonane i tala NRK har funne, er med på å fortelje meteorologen at det ikkje er noko slikt som ein «sommarkvote».

– Det er rett og slett ikkje slik at vi bruker opp været. Det er ei myte, seier Haukeland.

Det er ingen tvil. Mange nordmenn har hatt mange fine dagar hittil i år. I pinsa slo godvêret til i heile landet samstundes.

Den andre veka i juni kom eit nytt solskinsvarsel. Det var til og med finare her enn i Syden.

12. juni var det venta tropenatt på Vestlandet, men ho kom ikkje før 19. juni. På Færder i Vestfold.

– Det kan fort bli bra utover juli og august og, sjølv om det nå skulle komme ein dårlegare periode, legg han til.