Hopp til innhold

Dette flyet kan bli eit alternativ til ferje og hurtigbåt

Eit heilelektrisk luftfartøy kan om få år bli eit nytt alternativ for hyttefolk og pendlarar som skal reisa mellom fastlandet og mindre øysamfunn.

Illustrasjon av Widerøe Zero sitt elektriske luftfartøy over Lysefjorden

Det blir kalla ein hybrid mellom eit helikopter og eit fly. På denne illustrasjonen flyr det over Lysefjorden.

Foto: Widerøe Zero

– Med desse nye fartøya så trur me at veldig mange mindre samfunn vil få ein heilt ny form for mobilitet, seier administrerande direktør for Widerøe Zero, Andreas Kollbye Aks.

Han fortel om det nye flykonseptet eVTOL.

Fredag kom regjeringa med sin nye luftfartsstrategi – kor dei blant anna seier at dei vil ha elektriske fly på kortbanenettet på plass allereie frå neste år.

Andreas Kollbye Aks er strategidirektør i Widerøe.

Andreas Kollbye Aks er administrerande direktør i Widerøe Zero.

Foto: Hallvard Norum / NRK

Widerøe sitt konsept er litt annleis.

Det er eit utsleppsfritt luftfartøy, som er ein hybrid mellom eit fly og eit helikopter.

Det tar av og landar på same måte som eit helikopter, og ifølge selskapet er dei ikkje avhengige av mykje ny infrastruktur på bakken.

– Det er snakk om ein enkel landingsplass, til dømes på ei slette. Målet er at det skal vera avgrensa med infrastruktur som skal til for å kunna fly desse flya, seier Kollbye Aks.


Les også Regjeringen vil åpne for elektriske fly på kortbanenettet allerede fra 2024

Det er verdas tredje største flyprodusent, Embraer, som utviklar det nye fartøyet som Widerøe nå har lyst å begynna å ta i bruk.

Produsenten tar sikte på at dette flyet skal vera klart og sertifisert for passasjertrafikk i 2027.

I starten vil det truleg vera plass til fire passasjerar om bord, men det kan auka til åtte etter kvart.

Les også Vil gjøre Vestlandet verdensledende på elfly: – Nullutslippsfly vil bli den nye bussen 

Digital skisse av det elektriske flyet ES-19 som er under utvikling av svenske Heart Aerospace

Rogaland kan bli først ut

Dei ser føre seg å legga dei første rutene til Rogaland.

Regionen vil då bli den første med slike luftfartøy i heile Skandinavia og blant dei første i verda, ifølge Widerøe Zeroes sine eigne analysar.

– Det bur mange menneske mange stadar i Rogaland. Og ofte er vegen dit relativt lang, tar tid og kostar ein del pengar. Dette er difor ein region me trur denne typen mobilitetsløysingar kan vera veldig aktuell for.

Undersøkingar Widerøe Zero har gjort saman med produsenten Eve Air Mobility viser at slike fartøy kan redusera reisetida kraftig samanlikna med bil.

Ein kan mellom anna spara 90 minutt i reisetid på strekninga mellom Stavanger og Haugesund, og då berre bruka rundt ein halvtime.

Les også Tror på en dramatisk endring i norsk luftfart

Widerøe-avgang fra Hammerfest

Har tru på prosjektet

Lufthavndirektør ved Stavanger lufthavn, Anette Sigmundstad, har klokkartru på at måten me beveger oss framover vil bli endra.

Ho har tru på prosjektet.

– Dronar er jo på veg inn for full fart. Dei første vil vere knytt til frakt. Så det med transport av folk vil nok vera lengre fram i tid. Men eg trur eg opplever det i mi tid, seier Sigmundstad.

Anette Sigmundstad

Lufthavndirektør ved Stavanger lufthavn Sola, Anette Sigmundstad.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

På berekraftskonferansen Pioner i 2020 blei det for første gong lansert at strekninga Stavanger-Bergen allereie i 2025 kunne bli verdas første elflyrute. Også her er Widerøe involvert.

– Avinor si rolle når den teknologien kjem, er at me kjem til å vere klar med infrastrukturen for å stimulere alle slike prosjekt med lav- og nullutslepps luftfart, seier ho.

Dyrare enn ein vanleg flytur

Det er ikkje snakk om å fly lengre distansar, ifølge Kollbye Aks i Widerøe Zero.

– Det har ein noko avgrensa rekkevidd. Så det er ikkje eit fartøy som kan ta deg direkte frå Stavanger til Bergen, men det er eit fartøy som kan knyta øyene i nærleiken av Stavanger tettare til Stavanger.

Så viss du er på hytta i Ryfylke, så skal du ta fly heim i staden for båt?

– Om du tar fly eller båt frå hytta, trur me blir eit spørsmål om tid og kva du har med deg. Men for dei som dagleg pendlar mellom dei ulike samfunna i Rogaland og har avgrensa med tid, så trur me dette kan vera eit godt alternativ i tillegg til andre transportformer.

Det høyrdest ut som ein dyr hyttetur?

– Me ser for oss at dette vil koma på eit prisnivå som kanskje ligg noko over konvensjonelle flygingar i dag, men langt under det ein assosierer med eit helikopter.

Les også Sola tredobler satsingen på solenergi

Stavanger lufthavn har spart penger på å bruke solenergi, ifølge Avinor.

Og sjølv om straumprisane er høge, vil det framleis lønna seg å velja heilelektrisk, meiner Kollbye Aks.

– Desse systema vil uansett vera langt meir energieffektive enn det me kjenner til i dag. Så sjølv med høg straumpris, er det veldig fordelaktig å bruka straum.