Hopp til innhold

Gigantiske havvind-planar splittar bygda

Eit stort havvind-anlegg i Suldal kan bli starten på eit nytt norsk industrieventyr. Heiagjengen klarer knapt venta, medan motstandarane meiner naturen blir rasert.

Gerd Kristin Høivik

Gerd Kristin Høivk har planar om å flytta heim til garden ho vaks opp på ved Sandsfjorden i Ryfylke. Men ho fryktar store industriplanar til Norsk Stein og WindWorks Jelsa vil øydelegga livsgrunnlaget for neste generasjon. Havvind-anlegget vil koma eit stykke lenger sør i fjorden frå der dette biletet er tatt.

Foto: Magnus Stokka / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det blir støy og støv, og skogen vår blir rasert. Fjorden mistar også ressursane sine. Det blir massivt og krevjande å bu her, seier Gerd Kristin Høivik.

55-åringen er fjerde generasjon på garden Israelsneset ved Sandsfjorden i Ryfylke. Her er ingen dyr, men eit rikt gardsmuseum, hyttefelt og hytteutleige.

Kvite sjøhus speglar seg i fjorden. Ein fred og ro tyske gjester kjem tilbake til år etter år når dei treng pause frå bylivet.

Men nå fryktar Høivik idyllen på slektsgarden snart slår sprekkar.

Delar av årsaka er storstilte planar om produksjon av havvindturbinar i nærområdet.

Anlegget vil potensielt legga grunn for heile 7600 tilsette lokalt og i leverandørbedrifter, ifølge ein rapport frå Menon Economics.

Det er dobbelt så mange innbyggarar som Suldal kommune har i dag.

Høivik er blant dei største motstandarane. Ein stor industrinabo har ho alt lang erfaring med.

På gardstunet blir stilla broten av ein jamn dur frå Europas største pukkverk, Norsk Stein.

Nå har hjørnesteinsbedrifta planar om å meir enn dobla produksjonsområdet sitt. Det skal sikra aktivitet og arbeidsplassar i 100 nye år. Naboar har alt reagert sterkt.

Det er på dei etter kvart gamle områda til pukkverket, nede ved fjorden, produksjon av betongfundament og montering av vindturbinar for flytande havvind skal skje.

Dette vil generera arbeidsplassar over heilet landet. På vertskommunen kan det drypa ekstra godt.

Kartet viser det eksisterande området til Norsk stein ved fjorden, der havvind-anlegget også kan komma. Det nye området til Norsk stein er ringa ut i raudt, medan Israelsneset er garden til Høivik.

Heiar på planane

Det gjer at mange i Suldal heiar på planane. Ein av dei er sjølverklært bygdeentusiast Johne Johnsen frå Jelsa.

– Dette vil bety forferdeleg mykje for Suldal kommune.

I dag brukar han opp mot fem timar per dag på å pendla til jobben på Jæren. Fleire dagar i veka.

Men med bakgrunn i både olje -og byggebransjen, er jelsabuen blant dei som kan få ei ny jobbframtid.

– For slike som meg betyr det utruleg mykje at det går an å få ein jobb i nærområdet. Me kan snu den trenden at folk reiser til byen for å jobba, meiner Johnsen.

Johne Johnsen

Johne Johnsen frå Jelsa i Suldal er bygdeentusiasten som heiar på havvindplanane i kommunen. Nye arbeidsplassar og innbyggarar er nødvendig, ifølge han.

For slike som meg betyr det utruleg mykje at det går an å få ein jobb i nærområdet.

Johne Johnsen

Trenden fortel også om eit kraftig fall i talet på barnehagebarn og elevar. Den må bli snudd, dersom dei lokale skulane skal overleva i fråflyttingskommunen.

Ved Jelsa oppvekstsenter er det berre 20 elevar totalt frå 1.–7. klasse. Den store frykta er at politikarane går inn for færre skular i kommunen.

– Då er også me nedleggingstruga, seier einingsleiar Karin Søndenaa Nessa.

Foreløpige tegninger til WindWorks på Jelsa.

På området til Norsk Stein på Berakvam i Suldal er planen å produsera havvindturbinar. Utbyggarane meiner plasseringa er perfekt, med den djupe fjorden og kort veg til Nordsjøen.

Foto: WindWorks Jelsa

Opprop til dei folkevalde

Området der havvindturbinane skal produserast omfattar også ein del av Sandsfjorden. Den er ein av våre nasjonale laksefjordar. Her har laksen eit særleg vern.

Rådgjevande biologar har i ein rapport slått fast at aktiviteten truleg kjem til å hindra den naturlege ruta til laksesmolten.

– Vindturbinar er eit klimatiltak, men når ein bygger ned naturen er det klimafiendtleg, meiner Høivik.

Ho står i bresjen for eit opprop til dei folkevalde i Suldal kommune. Om lag 100 underskrifter frå fastbuande og hyttefolk er til nå samla inn.

I oppropet meiner dei industriplanane strir mot miljøparagrafa i Grunnlova.

§ 112 slår fast at alle har rett til eit miljø som sikrar helsa. Den seier også at alle har rett til ein natur kor produksjonsevna og mangfaldet blir bevart.

– Dei må bremsa og ta omsyn til folk og miljø. Det er viktig å satsa på klima og andre energiformer. Men det er også viktig å sørga for at ein ikkje bygger ned naturmangfaldet, seier Høivik.

Gerd Kristin Høivik

Gerd Kristin Høivik får pukkverket Norsk Stein tettare på tunet og inn på skogseigedomen, dersom dei får utvida. Havvind-anlegget vil komma litt lenger sør i fjorden, dersom det blir realisert.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Vindturbinar er eit klimatiltak, men når ein bygger ned naturen er det klimafiendtleg.

Gerd Kristin Høivik

Kan bli nytt industrieventyr

Energinasjonen Noreg er i startgropa for det mange meiner kan bli eit nytt norsk industrieventyr. Nemleg vindkraft til havs.

Eit synleg bevis på det finn me på Dommersnes i vesle Vikebygd i Vindafjord i Rogaland.

På eit travelt industriområde støyper Equinor betongunderstell til verdas største flytande havvindpark. Ein forsmak på kva som kan vera i vente ved Norsk Stein i nabokommunen Suldal.

Dommersnes

På industriområdet Dommersnes i Vindafjord blir verdas største flytande havvindpark bygd.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Men dette industriområdet ligg ikkje på eit steinbrot. Støyen er forbausande liten når NRK besøker anlegget. Det er også lite konfliktar med naboane, ifølge Equinor.

Resultatet skal bli 11 vindturbinar som skal dekka om lag ein tredel av behovet for elektrisk kraft til fem plattformer på Snorre- og Gullfaks-feltet i Nordsjøen.

– Flytande vind er i ein tidleg fase. Dette er vårt tredje prosjektet og eit skritt på vegen mot det som kan bli eit mogleg industrieventyr for Noreg, seier prosjektdirektør for Hywind Tampen, Olav-Bernt Haga.

Prosjektdirektøren har mange års erfaring med havvind. Han vil ikkje kommentera gigantplanane i Suldal direkte, men er godt kjent med at havvind også kan koma i konflikt med andre. Til dømes fiskerinæringa.

– Informasjon og samarbeid er viktig når du introduserer ny industri. Havvind krev store areal og då må me bli einige om løysingar som er gode for alle brukarar av havet. Me er ikkje åleine, seier Haga.

Olav-Bernt Haga

Prosjektdirektør for Hywind Tampen i Equinor, Olav-Bernt Haga.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Regjeringa satsar på vindkraft til havs

Men andre nasjonar har fått vind i segla før Noreg.

Verdas første flytande havvindpark opna i 2017 utanfor Skottland. Den leverer straum tilsvarande forbruket til om lag 36.000 husstandar.

Hywind Scotland har vist at det er mogleg med vindkraft til havs i stor skala.

Den nye regjeringa vil kutta norske klimagassutslepp med over 50 prosent innan 2030. Vindkraft til havs kan bli eit viktig verkemiddel.

– Havvind har eit stort potensial for å produsera fornybar kraft i Noreg. Det er viktig at me får opp tempoet slik at me klarer å få opp volumet på havvind, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Til nå er det opna to område for havvind i Noreg. Det er Utsira nord, som ligg vest for Utsira og Haugalandet, og Sørlige Nordsjø II. Det siste området grensar mot dansk økonomisk sone, søraust i Nordsjøen.

Marte Mjøs Persen

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Foto: Christine Fagerbakke / Christine Fagerbakke

Skal Noreg lukkast i satsinga på havvind, må konfliktane med natur- og fiskeri reduserast, ifølge statsråden.

– Dette er viktige spørsmål. Me må laga eit regelverk og system som gjer at konfliktane blir tatt hand om i framkant, ikkje etterkant.

Olje- og energiministeren er også opptatt av at dei som protesterer mot havvind-anlegget i Suldal, blir høyrde.

– Me må lytta til alle og ha gode prosessar. Det er viktig i alle saker, også i denne, seier Mjøs Persen.

Positiv ordførar

Men for ein liten kommunen som Suldal vil storstilt havvind-industri ha stor påverknad.

Det handlar om nye arbeidsplassar, tilflytting og styrking av det lokale tenestetilbodet.

Derfor er ordføraren i utgangspunktet positiv til industriplanane, som blir ein del av den nye kommuneplanen.

– Men eg forstår veldig godt dei som er redde og engstelege for sin buplass eller hytte. Me må til slutt ta ei totalvurdering på kva som blir det rette, seier ordførar Gerd Helen Bø (Sp).

Gerd Helen Bø

Ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp) er positiv til dei storstilte industriplanane i Suldal.

Foto: Magnus Stokka / NRK

I konsekvensutgreiingane som alt er gjort blir det peika på at planane vil føra til betydeleg miljøskade for naturmangfaldet og negative konsekvensar med tanke på støy og støv.

Det er også registrert raudlista korallar i fjorden.

Statsforvaltaren og Kystverket er blant dei som skal uttala seg når industriplanane skal på høyring til våren, før politikarane gjer sitt vedtak.

Gerd Kristin Høivik

Tidlegare har det vore både mjølkekyr og høns på Israelsneset. I dag er det ingen dyr, men hytteutleige og gardsmuseum.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Fryktar for dei som skal ta over

Tilbake på Israelsneset viser Gerd Kristin Høivik nokre raudmåla hytter dei er i gang med å pussa opp like ved Sandsfjorden.

55-åringen flytta tidleg ut av barndomsheimen og bur i dag i Haugesund. Der er ho lærar på ein vidaregåande skule.

Innan tre år er likevel planen å venda heim igjen saman med mannen.

Håpet på sikt er at ein av dei tre sønene tar over. Men ho er redd dei gigantiske industriplanane kan slå beina under framtidsdraumane.

– Me øydelegg moglegheitene for dei som skal komma etter oss. For oss er det viktig at sønene våre tar over ein natur som ikkje er rasert.

– Men ein kommune vil også ha arbeidsplassar. Forstår du dei som vil ha dette?

– Det forstår eg. Men så må det bli tatt omsyn til dei som bur her også. Dei kan ikkje berre tenka arbeidsplassar.

Flere nyheter fra Rogaland