Hopp til innhold

Flytta frå Oslo til småbruk på landet – nå kan draumen gå i grus

Europas største pukkverk vil utvida. Det er ikkje vanskeleg å forstå at folk reagerer, seier ordførar Gerd Helen Bø (Sp).

Simen Bie Malde og Nora Haaland Serigstad

PROTESTERER: Sambuarparet Simen Bie Malde (30) og Nora Haaland Serigstad (29) frå Stavanger og Jæren flytta frå Oslo til Høyvik i Suldal. Dei lever godt med bråket frå Norsk Stein, men protesterer mot bedrifta sine storstilte utvidingsplanar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Stor eigedom, sjøutsikt, naust og turområde rett utanfor inngangsdøra.

Dei berre måtte slå til då dei såg Finn-annonsen.

Dermed flytta det unge sambuarparet i fjor sommar frå urbant byliv på Majorstua i Oslo til landlege omgjevnader og småbruk i idylliske Høyvik i Suldal i Rogaland.

Simen Bie Malde (30) og sambuar Nora Haaland Serigstad (29) fekk seg også jobbar i ryfylkekommunen.

Unge folk med høg utdanning. Akkurat det distriktskommunar som Suldal vil ha meir av.

Pukkverk som nabo

Men paret visste at det var ei hake med småbruksdraumen.

Dei måtte bu tett på Europas største pukkverk, Norsk Stein.

– På det verste har me vakna av at det blir sprengt stein, seier Bie Malde.

Men det unge paret understrekar at dei ikkje klagar på dagens aktivitet.

Den er til å leva med.

Simen Bie Malde (30) og Nora Haaland Serigstad (29)

Sambuarparet bur i eit om lag 100 år gamal hus på småbrukseigedomen. Simen er arkitekt og jobbar på Ryfylkemuseet, medan Nora er ny fastlege i kommunen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Fryktar å mista nærområdet

Det er det som kan komma dei fryktar.

Hjørnesteinsbedrifta i Suldal ønsker nemleg å meir enn dobla områda dei tar ut stein frå (sjå kart under). Det skal sikra aktivitet og arbeidsplassar i 100 nye år.

Og det vil føra til meir støy og støv frå drifta for dei nytilflytta suldølane.

– I praksis blir me omringa av steinbrot og mistar heile nærområdet. Mykje av grunnen til at me flytta her var å bu tett på naturen. Nå vil dette forsvinna heilt, seier Bie Malde.

– Blir de buande dersom utvidingsplanane blir realisert?

– Det blir nok ikkje aktuelt for oss. Me kan like greitt bu i byen utan naturkvalitetane.

Sambuar Nora Haaland Serigstad meiner det ikkje bør vera ein motsetnad mellom å ta vare på naturen samtidig som ein utviklar nye arbeidsplassar.

– Utviding av eit steinbrot, der ein øydelegg store naturområde, er ein litt gammaldags måte å sørga for arbeidsplassar. Eg trur ein kunne fått gode arbeidsplassar ved å tenka litt alternativt.

I dag bur sambuarparet om lag ein kilometer frå dagens steinbrot til Norsk Stein. Med ei utviding får dei produksjonen tett på, aust for eigedomen sin i Høyvik.

Mange klager

Suldal kommune har fått 36 bekymra innspel frå fastbuande og hyttefolk på Norsk Stein sine storstilte utbyggingsplanar.

Dei fryktar meir støy, støv og negative konsekvensar for natur og miljø.

Innspela har kome i samband med høyringa av planprogrammet til kommunen. Resultatet skal bli ny kommuneplan vinteren 2022.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at folk reagerer. Spesielt dei som kan få dette tett på. Men dette er berre i startgropa. Ingenting er avgjort, seier ordførar Gerd Helen Bø (Sp).

Ho er også opptatt av næringsliv. Norsk stein sørger for 250 arbeidsplassar i kommunen med knappe 3800 innbyggarar.

Nors Stein

Dagens steinbrot på om lag 1300 dekar har ei levetid på om lag 13 år til. Med eit 2800 dekar stort nytt område kan levetida bli 100 nye år.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Med dagens areal er det råstoff nok til drift 13 år fram i tid. Nøkkelen til utvidingsplanane blir framtidige konsekvensutgreiingar.

– Me må venta på resultatet av dette arbeidet, seier prosjektleiar ved Norsk Stein, Odd Hotvedt.

– Men kan du lova at det blir tatt omsyn til hyttefolk og fastbuande?

– Det er me nøydde til å lova. Prosessen er at det skal greiast ut konsekvensar og ta omsyn. I den grad det går an å foreina dette.

Odd Hotvedt

Prosjektleiar Odd Hotvedt ved produksjonsområdet til Norsk Stein i Suldal i Rogaland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Statsforvaltaren: – Sjeldan mange innspel

Ifølge Statsforvaltaren i Rogaland vil ei utviding av Norsk Stein utan tvil koma i stor konflikt med naturmangfald og nærliggande eigedomar.

– Det er veldig sjeldan med så mange innspel i samband med høyring av eit planprogram, seier fylkesmiljøvernsjef May Britt Jensen.

I tillegg har Norges Miljøvernforbund meldt Norsk Stein i Suldal til politiet for grov miljøkriminalitet.

Grunnen er at dei har laga nye anleggsvegar, i samband med utvidingsplanane, utan å ha søkt kommunen om lov.

Dette beklagar Norsk Stein.

Statsforvaltaren oppmodar kommunen til å sørgje for ei grundig og omfattande konsekvensutgreiing.

Det bør vurdera innverknadane på biologisk mangfald, samfunnstryggleik, skogbruk, landbruk, støy, støv og påverknad for nærliggjande bustader og hytter.

Ordføraren trur hjørnesteinsbedrifta kjem til å utvida.

– Men me må samtidig sjå på korleis dette blir for innbyggarane og hyttefolka våre. Næring og interessene til naboane må vegast opp mot kvarandre, seier ordførar Gerd Helen Bø.