Hopp til innhold

Førehandsrøysting på nett har slått an

Det er mange fleire som har førehandsrøysta i Stavanger og Sola, enn i Sandnes. Moglegheiten for å kunne røyste på nett kan vera forklaringa.

Elektronisk stemme

Mange innbyggjarar i Stavanger har nytta seg av sjansen til å røyste på førehand frå sin eigen PC.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Per nå har 6700 førehandsrøysta elektronisk, seier valansvarleg i Stavanger, Jarl Harry Gjedrem.

Jarl Harry Gjedrem

Jarl Harry Gjedrem trur det vil bli vanlegare med elektronisk røysting i tida som kjem.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

Folket i kommunen har no moglegheiten for å røyste ja eller nei til ein kommunesamanslåing med Sandnes og Sola.

Sjølve valdagen er måndag 30. mai. Men mange innbyggjarar i Stavanger har nytta seg av sjansen til å røyste på førehand frå sin eigen PC.

Litt over sju prosent av dei røysteføre har gjort dette.

Det er også mogleg å førehandsrøyste på papir, men det har ikkje vore like mange som har nytta seg av det.

– Det er atskilleg færre. Det er om lag 600, seier Gjedrem.

Nord-Jæren samanslåing

Stor oppslutnad i Sola

Endå fleire, sett i prosent av kor mange innbyggjarar dei er, har førehandsrøysta frå datamaskinen sin i Sola. Om lag seksten prosent har gjort det der.

– Dei fleste er veldig positive til at dei har denne moglegheiten. Det er nokre som slit med teknologien, men stort sett er folk berre kjempepositive til det, seier valansvarleg i Sola kommune Mildrid Heimvik.

Og ho får støtte frå kollegaen sin i Stavanger, Jarl Harry Gjedrem.

– Eg ser jo at det er mange som er betenkte til å bruka det. Men elektronisk røysting kan bli mykje meir effektivt enn tradisjonell papirrøysting, og eg trur at på eit eller anna tidspunkt, så vil det bli innført som ei vanleg ordning.

Stemme elektronisk

Sidan 18. mai har det vore mogleg å røyste elektronisk i Stavanger. Det har fungert godt.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Ikkje elektronisk i Sandnes

Noko av grunnen til at Gjedrem i Stavanger kan hevde dette, er at Sandnes ikkje har lagt til rette for elektronisk førehandsrøysting.

Og førehandsrøystene derfrå, på papir, utgjer om lag 3 prosent av dei røysteføre, mot altså seksten prosent i Sola og sju prosent i Stavanger.

Likevel er det viktig å gjera merksam på at dette ikkje treng å spela inn på det totale oppmøte på folkerøystinga komande måndag, seier Gjedrem.

– Det er vanskeleg å tolka valdeltakinga så langt. Eg trur nok det at Stavanger for første gong har stemmegiving gjennom internett i seg sjølv motiverer mange til å teste ut korleis det er.

Fristen for å førehandsrøyste elektronisk går ut ved midnatt.