Hopp til innhold

Paul (78) føler seg som ein kasteball i helsesystemet

Det begynte med komplikasjonar med eit sår. Dei siste vekene har Paul Hjelm (78) blitt sendt fram og tilbake mellom sjukehus og sjukeheimar.

78 år gamle Paul Hjelm mener sykehjemmene ikke har god nok kompetanse til å ta seg av etterbehandlingen av pasienter.

VIDEO: Paul Hjelm har reist mellom sjukehus og sjukeheimar sidan desember i fjor. Ting burde blitt organisert meir på same plass i helsevesenet, meiner han. Foto: Erik Waage/NRK.

– Sjukeheimane har ikkje god nok kompetanse til å ta seg av etterbehandling av pasientar, meiner 78-åringen.

Etter ein hjarteoperasjon på Haukeland universitetssjukehus i Bergen i desember i fjor, har han følt seg som ein kasteball i Helse-Norge.

Det som skulle vera ein ordinær operasjon, enda med langt meir trøbbel for Paul.

LES OGSÅ: Flere kommer raskere ut av sjukehuset, men kommunene kjenner på presset

LES OGSÅ: Frykter at gangpasientene kommer tilbake

Fram og tilbake

Blodårer tatt frå leggen skulle fiksa hjarta under operasjonen i Bergen. Men det store såret etter inngrepet blei eit problem, og ein infeksjon førte han tilbake til sjukehuset.

Pål Kvammen

Pål Hjelm, sonen til Paul.

Foto: Erik Waage

Under operasjonen blei det dessutan oppdaga ein kreftsvulst. Dei siste vekene har vore ein einaste runddans mellom sjukeheimar og sjukehus, mens han ventar på kreftoperasjon i Bergen. Paul Hjelm kan ikkje operera før såret har blitt betre.

– Eg meiner mykje meir kunne blitt gjort på same plass, og det bør ikkje vera så mykje fram og tilbake som eg har opplevd. Eg må reisa rundt om i Stavanger for å få hjelp til små bagatellar. Det blir stressande, seier han.

LES OGÅS: – Vi taper penger på samhandlingsreformen

sår

Dette er er såret til Paul Hjelm etter hjarteoperasjonen.

Foto: Erik Waage
– Fungerer ikkje slik det skal

Den første sjukeheimen han kom til etter hjarteoperasjonen var Vålandstunet sykehjem i Stavanger.

– Han blei sendt opp her først, så til Bergåstjern sykehjem. Eg er ikkje lege, men for meg blir det heilt feil, seier Pål Hjelm, sonen til Paul.

Svein Arne Lindø

Svein Arne Lindø, helse- og sosialsjef.

Foto: Erik Waage

Han legg til at Paul verken får rehabiliteringstilbod eller spesialistbehandling for såret sitt der han er i dag.

Den to år gamle samhandlingsreforma legg opp til at kommunane skal ta imot pasientar tidlegare enn før, og at dei har nok kompetanse til å etterbehandla pasientar.

– Reforma legg opp til samarbeid og at pasientar skal fortast mogleg ut av sjukehus. Men det fungerer ikkje slik det skal. Pasientar må bli ferdig behandla før dei kan bli utskrivne frå sjukehus, meiner Pål.

LES OGSÅ: Nyutdannet: – Tør ikke jobbe på sykehjem

LES OGSÅ: Høie: – Alvorlig at så få sykepleiere vil jobbe på sykehjem

– Fagleg forsvarleg

Historia til Paul er ikkje unik. Mange pasientar som er sende heim eller på sjukeheim frå sjukehus, hamnar fort tilbake igjen i sjukehuskorridorane.

I fjor blei sju prosent innlagde på ny på Stavanger universitetssjukehus i løpet av første 30 dagar etter utskriving.

Ifølge helse- og sosialsjef for Tast/Eiganes bydel i Stavanger, Svein Arne Lindø, er tilbodet kvar pasient får etter sjukehusopphald fagleg forsvarleg.

– Me ønsker å klara oss så godt me kan sjølv innanfor vårt mandat. Men det er viktig at med ber sjukehusa om hjelp og rettleiing når det trengst, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland