Hopp til innhold

Kraftig auke i talet på varsla oppseiingar

NAV i Rogaland fekk varsel om nær 2000 oppseiingar og permitteringar i februar. Ikkje sidan juni 2015 har talet vore så høgt.

Nav kølapp

Varsel om oppseiingar og permitteringar held fram med å koma inn til NAV.

Foto: NRK

Dei siste månadane har NAV fått varsel om fleire permitteringar enn oppseiingar, men no har trenden snudd.

I februar varsla bedrifter i Rogaland NAV om at dei kan koma til å seia opp 1642 tilsette og permittera 357. Talet på oppseiingar er det høgaste sidan juni 2015.

Til samanlikning fekk NAV varsel om 1116 oppseiingar, og 714 permitteringar i januar, og 403 oppseiingar, og 1023 permitteringar i desember i fjor.

Det er frå oljebransjen at dei fleste varsla kjem. Men også i byggebransjen er det bedrifter som melder at dei vil nedbemanne ytterlegare.

Den største delen varsel kjem frå bedrifter som held til i Stavanger-regionen, melder NAV.

Arbeidsløysa er snart på fem prosent

Arbeidsløysa i Rogaland er no på 4,9 prosent, men det er store lokale variasjonar. I Haugesund er til dømes arbeidsløysa på 6 prosent, og i Sandnes er den på 5,9.

Det høge talet på varsla oppseiingar og permitteringar i februar, kan tyda på at arbeidsløysa vil halde fram med å stiga også i mars.

Det er likevel ikkje alle varsla som gjeld tilsette i Rogaland. Dette er nemleg varsel som er sendt frå bedrifter som har hovudkontor i Rogaland, men som kan ha tilsette andre stadar i landet.

I 2015 varsla bedrifter NAV om moglege oppseiingar og permitteringar av 49 600 personar nasjonalt. Det var ei dobling samanlikna med 2014.