Hopp til innhold

Det skjer noko rart på Nord-Jæren

Eit av Norges mest privatbil-entusiastiske område er i endring. Nå køyrer færre bil og fleire buss på Nord-Jæren.

Ein raud privatbil stikk fram mellom to store grøne bussar i Stavanger sentrum

Det er bussen som er på offensiven i Stavanger-området.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Direktøren i kollektivselskapet Kolumbus sit med utskrift av passasjerstatistikken framføre seg på kontoret. Den viser i overkant av 1,8 millionar reiser med buss på Nord-Jæren i september månad.

Odd Aksland

Odd Aksland er direktør for kollektivselskapet Kolumbus i Rogaland.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– På dei seks åra eg har vore i Kolumbus har me aldri hatt så mange reisande på ein månad, slår Odd Aksland fast.

Nye rekordar

Innbyggjarane på Nord-Jæren har aldri vore eit kollektiv-elskande folk. Berre sju prosent av husstandane var utan bil i 2013. 45 prosent hadde ein bil, 48 prosent hadde to eller fleire bilar.

Det er mot dette bakteppet at 2017 står fram som året då det skjedde eit skifte. Til og med september, har talet på busspassasjerar auka med 8 prosent.

Samstundes har biltrafikken gått tilbake med 2,3 prosent.

Torfinn Ingeborgrud, MDG, med el-sykkel og hjelm, langs Breiavatnet i Stavanger

Sykkelen er aldri langt unna MDG-politikar Torfinn Ingeborgrud.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Sjølv gruppeleiaren for Miljøpartiet dei grøne i Stavanger, Torfinn Ingeborgrud, er imponert over kva som har skjedd.

– Nokre vil nok seie at dette skuldast nedturen i oljenæringa som er så viktig for området, men eg trur at det er ein varig trend som kjem til å fortsetje, seier han.

Ingeborgrud viser også til at både talet på togpassasjerar og syklande i området, går opp.

Folk tilpassar seg

Portrettbilde halvprofil

Jorunn Elin Haga frå Tananger, syklar i dag, men brukar buss i vinterhalvåret.

Foto: Ingvald Nordmark

I Stavanger sentrum møter me Jorunn Elin Haga, som har tatt bussen til byen i dag.

– Eg er med i Heim-jobb-heim-ordninga og det betyr at det er billegare å reise kollektivt. Eg syklar om sommaren, men frå november er eg over på buss, seier Jorunn Elin Haga.

Bjørn Sæbø frå Sola har nettopp gått av bussen i sentrum.

Portrettbilde halvprofil

Bjørn Sæbø frå Sola køyrer buss fordi kona har bilen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Kona skulle ha bilen så då fant eg ut at eg skulle ta bussen, så slepp eg å slita med å finna parkering og slikt, seier han.

Sæbø tar ikkje mykje buss, men med innføring av piggdekkavgift til vinteren og høgare bompengar til neste år, så kan det nok skje oftare i tida framover, vedgår han.

Noko skjedde i 2017

Nye bussar, nye ruter og større frekvens i rutene. Alt dette blei gjennomført i fjor. Dette året har resultatet vist seg.

Kolumbus buss

Det blei gjort store endringar i ruteopplegget sommaren 2016.

Foto: Anne Lise Norheim

Jørgen Aarhaug er forskar ved Transportøkonomisk Institutt og veit at når kollektivtilbodet blir billegare og betre, og når det blir dyrare og vanskelegare å køyre personbil, ja, så aukar passasjertalet på bussen.

Portrettbilde Jørgen Aarhaug

Jørgen Aarhaug er forskar ved Transportøkonomisk Institutt.

Foto: Transportøkonomisk Institutt

– I tillegg så er det ein trend dette, seier Aarhaug.

Han viser til at byområda Bergen, Trondheim og Oslo alle har same tendensen og at den også er tydlegare enn i Stavangerområdet.

– Så skal du heller ikkje sjå vekk frå at innføring av dyrare bompengar om eitt års tid, får fleire til å teste ut nye reisemåtar, seier Aarhaug.