Hopp til innhold

Åtvarar mot bli brun-nasespray: – Gamblar med eiga helse

Ein nasespray som gir brunfarge har tatt av på TikTok, og aldri før har tollen gjort meir beslag av han.

Før og etter bilde på brunfargen.

BARBIE-DOP: Før og etter-bilde av legga og skuldra til ei kvinne NRK har snakka med. Ho har brukt melanotan, som også blir kalla Barbie-dop, i fire år.

Foto: Privat

Ei lita sprøyte som skulle gjere deg solbrun, tynn og kåt.

Det perfekte stoffet, tenkte fleire. Melanotan fekk kallenamnet «Barbie-dop».

Men Barbie-dopet blei aldri godkjent i Noreg eller nokre andre land.

Bloggartidene

Rundt bloggar-tidene i 2010 til 2014 Barbie-dop blei noko dei fleste unge kjente til.

Blant anna delte influensar Sophie Elise ope om bruken og biverknadene på bloggen.

I åra etterpå kunne det verke som det norske folket hadde gløymt stoffet.

Så tok melanotan i nasesprayform heilt av på TikTok.

Kvikkfiks for å bli brun

I skrivande stund har emneknaggen «Tanning nasal spray» på TikTok over 90 millionar visningar.

«Ein spray om dagen held bleikheiten unna», står det under ein video.

«Eg blei fortald at det tar omtrent to veker, dette er berre ÉI VEKE med bruk av sprayen», står det under ein annan.

barbiedop på nesespray viral tiktok video

Skjermdump av ein video som gjekk viralt på TikTok.

Foto: Skjermbilde / TikTok

Viss det høyrest for godt ut til å vere sant, er det kanskje fordi det er det.

Ikkje berre er melanotan ulovleg av ein grunn, men risikoen er også høg for at produktet ikkje inneheld det som står på pakninga, seier seksjonssjef i tollen, Sondre Hammerstad.

Auke i tollen

Melanotan blir sendt til Noreg i posten i pulverform i hetteglas, flytande i ampullar, som kapslar eller i nasesprayform.

I 2023 gjorde tollen totalt 160 beslag av melanotan.

39 stykke var i nasesprayform.

I beslagstala ser ein tydeleg at trenden på TikTok kan ha ført til at meir kjem til Noreg. Før 2019 hadde tollen ingen beslag av nasesprayen.

– I 2020 begynte det å komme ein del nasesprayar, seier seksjonssjef i tollen, Sondre Hammerstad.

Undersøkingane våre viser at det er personar i alle aldrar som står som mottakar av melanotan.

Dei fleste beslaga av stoffet blei gjorde rett før sommaren.

Dette kan ha noko med at ein på sommaren viser meir hud enn elles og derfor kjenner på eit større press om å sjå brun ut, seier Hammerstad.

Jakta på høg UV indeks

Å bli mest mogleg solbrun har i fleire tiår vore populært.

I 2022 blei det ein trend å dele videoar frå soling i høgast mogleg UV-indeks på sosiale medium

TikTok. UV. UVindeks. indeks. sol

På TikTok blei det ein trend å dele kor mykje bikiniskilje du hadde fått og kva UV-indeks du sola deg i.

Illustrasjon: Faksimile: TikTok
  • Unge bruker desse tala på skalaen for å bli mest mogleg brune. I strid med intensjonen, åtvarar ekspert.

Er du opptatt av å bli brun?

Altfor lett å få tak i

Fleire NRK har snakka med, fortel at det er svært lett å få tak i Barbie-dopet. På Snapchat og i ulike Facebook-grupper er det mange norske seljarar.

Dermed unngår kjøparane tollen.

Ei kvinne i midten av 20-åra frå Haugesund har brukt stoffet i fire år. Ho var klar over biverknadene, men fortel at ho «lever i nået» og berre ønsker å bli brun.

Laster Giphy-innhold

Kvinna meiner det er altfor lett å få tak i stoffet, og at det er vanlegare å bruke enn folk flest trur.

Fleire føflekker, nedsett matlyst, svimmelheit og kvalme er nokre av biverknadene ho har opplevd.

Ho har fått med seg at nasesprayen har blitt svært populær, gjerne for dei som ikkje tør å sette ei sprøyte i magen. Ho kjenner fleire unge som såg nasesprayen på TikTok før dei klikka han heim i posten.

Melanotan 2 Norge post

På fleire Facebook-sider blir det reklamert for og blir selt melanotan i ulike former.

Foto: Skjermdump / Facebook

Importert melanotan kan beslagleggast og destruerast av Tolletaten. Du kan også bli meld for brot på legemiddelloven § 31 (ekstern lenke). Da risikerer ein bøter eller fengsel.

Ikkje trygt

Dei som bestiller dette på nett, gamblar med eiga helse. Ein veit rett og slett ikkje kva ein får.

Det seier overlege Sigurd Hortemo i Direktoratet for medisinske produkt.

Han fastslår at sjølv om produktet inneheld det rette, er det framleis ikkje trygt.

Effekten og sikkerheita ved bruk av melanotan er ikkje ordentleg undersøkt. Verken i sprøyteform eller nasesprayform.

overlege Sigurd Hortemo i DMP

Overlege Sigurd Hortemo i Direktoratet for medisinske produkt.

Foto: Caroline Roka

Bruken har aldri blitt godkjent, og melanotan har heller ikkje blitt ferdig utvikla som legemiddel.

Frykta er at dette kan gi risiko for utvikling av føflekk-kreft, seier Hortemo.

Han legg til at nasespray generelt sett kan vere tryggare enn sprøyte.

Det er oftast mindre risikabelt å putte noko du ikkje veit kva er i nasen enn å sette det med sprøyte.

NRK har ikkje lykkast i å få svar frå influensar Sophie Elise.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg