Hopp til innhold

Mange hundre tusen nordmenn er avhengige – nå skal dei prøve å finne ei løysing

Ein ny studie skal sjå om det finst ein kur for dei som er avhengige av nasespray.

Nesespray

AVHENGIG: Mange bruker nasespray kvar dag, utan kjenner dei seg tett i nasen. No skal ein ny studie undersøke om det finst ein «mirakelkur» mot avhengnaden.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det var veldig slitsamt.

Det seier Ingeborg Pape Merengen. Ho var avhengig av nasespray i mange år.

– Eg følte at eg alltid måtte ha det med meg, dyrt vart det også. Og det vart berre verre og verre.

Til slutt fekk ho ikkje sove om natta, fordi det kjentest som om nasen var heilt tett.

Mange bruker nasespray lengre enn anbefalt.

Det fører ofte til øydelagde slimhinner, og mange føler at dei må ha nasespray for å puste normalt.

Ingeborg gjekk til legen til slutt, for å høyre om det var mogleg å få hjelp til å slutte med sprayen.

Ingeborg Pape Meringen
Kari Nygard Tvilde / NRK

Ingeborg Pape Meringen

Ingeborg kunne ikkje leve utan nasespray. Ho råder alle som har vorte så avhengige til å berre slutte.
– Du er tett i nasen i eit par-tre dagar, så går det over. Og det er ei lette.

Abir Hazem Abdalla og Erijona Istrefi
Kari Nygard Tvilde / NRK

Abir Hazem Abdalla og Erijona Istrefi

Abir (til venstre) brukar ikkje nasespray så ofte og seier ho ikkje er avhengig. Ho har kanskje brukt nasespray i 4–5 dagar i strekk. Erijona (til høgre) brukar ikkje nasespray fordi ho synest det er ubehageleg. Ho skjønar ikkje korleis nokon kan bli avhengige av det.

Frederic Granseth
Kari Nygard Tvilde / NRK

Frederic Granseth

Frederic seier han har ein kollega som brukar mykje nasespray og som kjøper ny før den andre er tom. Sjølv brukar han ikkje nasespray, men saltvatn-spray berre når det er heilt naudsynt. Han rår andre til å halde ut og ikkje bruke nasespray.

Mari Sønneland Joa
Kari Nygard Tvilde / NRK

Mari Sønneland Joa

Mari brukar nasespray berre når ho er sjuk og tett i nasen, kanskje ei veke i strekk. Ho har både søskenbarn og venninner som brukar nasespray heile tida. Ho seier dei ikkje får sove om dei ikkje brukar det.

Ronja Viklund
Kari Nygard Tvilde / NRK

Ronja Viklund

Ronja brukar nasespray nokon gonger, men har kanskje brukt det maks i ei veke i strekk. Ho har høyrt ein kan bli avhengig og er litt redd for å bli det. Ho tyr av og til nasespray med mentol fordi ho synest det er ubehageleg å vere tett i nasen.

Ein folkesjukdom

– Det er ubehageleg å vere tett i nasen, og da er det fort gjort å gå litt over grensa, seier Fredrik Aaserud Eng, øre-nase-hals-spesialist.

Nesesprayavhengighet, Fredrik Aaserud Eng, øre, nese, hals-spesialist

Fredrik Aaserud Eng er øre-nase-hals-spesialist ved eit legesenter i Hamar som er eitt av seks legesenter som skal delta i studien.

Foto: Stein S Eide / NRK

Han omtaler nasespray-avhengnad som ein folkesjukdom som rammar mange hundre tusen nordmenn.

– Det er eit stort problem. Det svekker livskvaliteten til folk, og dei bruker ein del pengar på det. Dei blir heilt avhengige av å ha nasesprayen i nærleiken. Folk har ein i nattbordskuffa, ein i bilen, ein på jobben og dei sit og sprayar ganske mykje.

Er du avhengig av nasespray?

– Vi ser at det ofte er eit underliggande problem for dei som byrjar å bruke nasespray. Det kan vere nasepolypp eller allergi til dømes.

Ny studie

Nå skal ein undersøke om ein kan bruke ein annan nasespray for å bli kvitt avhengnaden av nasespray.

I ein ny studie skal dei nemleg sjå om eit produkt som liknar på nasespray kan reparere skadde slimhinner og fungere som nasespray – utan at ein blir avhengig.

Legemiddelet skal ha ein slimfjernande effekt.

nasespray

Fleire hundre tusen nordmenn er avhengige av nasespray.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Er det verkeleg så bra som det kan høyrest ut?

– Det får vi sjå når studien er gjort, seier Eng.

200 deltakarar får enten den nye typen nasespray eller «juksespray». Slik kan dei måle om det er forskjellar i løpet av den fire veker lange studien.

– Så testar vi pasientane, også ser vi korleis det går. Det blir veldig spennande, seier Eng.

Studien er godkjent av direktoratet for medisinske produkt. Seks legesenter over heile landet skal delta i studien som er finansiert av legemiddelselskapet Pharma Nordic.

– For samfunnet sin del håpar vi at dette kan hjelpe mot problemet, seier legen.

Hjelp til å slutte

Ingeborg Pape Meringen fekk til slutt hjelp av legen sin til å slutte med nasesprayen.

Han gav Ingeborg ein anna spray, som ikkje var like sterk, men som ho heller ikkje vart avhengig av.

– Så etter kvart gjekk det over. Og nå bruker eg aldri nasespray, ikkje ein gong når eg er forkjølt.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen