Hopp til innhold

– Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan henne

Fleire og fleire eldre slit med depresjon på grunn av at dei er einsame eller har sviktande helse. For Marion Aadnesen (84) er redninga den frivillige hjelpa ho kvar veke får frå Røde Kors.

Video Fikk livet sitt endret etter hun søkte hjelp

VIDEO: Ein gong i veka får Marion Aadnesen selskap av besøksvenen May Ekeland frå Røde Kors.

Kvar femte person i Norge over 65 år lid av depresjonar viser tal frå Helsedirektoratet. I dag vil det sei 100.000 eldre, men talet aukar kvart år.

Knut Engedal, professor i alderspsykiatri, har i dag uttalt ei sterk misnøye med dei tenestetilboda til eldre med psykiske lidingar. For mange er det frivillige som er den store redninga.

Får besøk kvar veke

84 år gamle Marion Aanesen lir av angst og depresjon. Men, etter at ho fekk seg ein besøksven via Røde Kors, har sinnet blitt litt lettare.

Ein dag i veka i fem år har ho fått frivilligbesøk av May Ekeland i Røde Kors. Trass den store forskjellen i alder har dei to blitt gode venar:

– Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan henne. Det er vekas høgdepunkt, seier den eldre kvinna.

I tillegg til å bli lest høgt for snakkar dei to saman. Samtalar som kan vera vanskelegare å ha med nokon ein er i slekt med:

– Det er klart at det kan hjelpa å ha nokon å snakka med om depresjonane, og det er ikkje alltid at familien er dei beste til å ta opp desse tinga med, seier Ekeland som er frivillig besøkshjelp.

Mange får frivillighjelp

Marion Aanesen er ikkje aleine om å få besøk av Røde Kors sine folk. I Norge finst det 3.350 frivillige besøksvenar som besøkar 3.500 ulike folk.

Det er ikkje berre eldre som får besøk, men alle som av ulike grunnar kjenner seg einsame. Og det er nett det å få snakka om problema sine Engedal saknar frå det eksisterande behandlingstilbodet til eldre:

– Det gjeld spesielt samtalebehandling. Klagar man over depresjon, får ein legemiddelbehandling, men det er ikkje nødvendigvis legemidlar som trengst, sa han til NRK.no tidlegare i dag.

Ifølgje Marion er samtalane ho har med besøksvenen noko av det viktigaste ho har i kampen mot angst og depresjon:

– Dersom eg snakkar med barna mine om dette ser eg at det går innpå dei også, derfor gjer eg det ikkje.

– Du vil ikkje vera ei bekymring for dei?

– Nei.