Hopp til innhold

Færre unge i køen av arbeidslause

Ved utgangen av september er det 200 færre arbeidslause unge i Rogaland, enn det var månaden før. – Det viser at ekstra satsing på dei unge gjev resultat, meiner Nav-direktøren.

Arbeidssøkere foran pc

Arbeidsløysa i Rogaland er stadig høg, 4,3 prosent mot 2,8 på landsbasis. Men den aukar ikkje lenger i fylket, og blant dei unge har den også gått ned dei siste månadene. Illustrasjonsbilete.

Foto: Maren Katteraas / NRK NRK

Arbeidsløysa i Rogaland er framleis høg, viser tala frå Nav som blei publiserte fredag. 11.263 rogalendingar er ved utgangen av september månad heilt utan arbeid. Dei utgjer 4,3 prosent av arbeidsstyrken, medan landsgjennomsnittet er 2,8 prosent.

Sjå kommuneoversikt nedst i artikkelen.

Arbeidsløysa i fylket er no 16 prosent høgare enn på same tidspunkt i fjor, men i løpet av dei siste to månadene har ho sokke med tre prosent. Hovudårsaka til det er at fleire no får arbeidsretta tiltak gjennom Nav, fortel direktør i Nav Rogaland, Truls Nordahl.

– Det vi ser er at den utflatinga av arbeidsløysa som me så starta for nokre månader sidan, held fram. Nå er det ikkje lenger vekst i talet på arbeidslause, og det er ein veldig gledeleg utvikling, seier han.

Færre unge ledige

Nordahl er særleg glad for at færre unge nå er utan arbeid. Talet på unge under 30 som er heilt utan arbeid har sokke med rundt 200 frå august til september. For gruppa 20–24 er arbeidsløysa nå sju prosent lågare enn på same tid i fjor.

Truls Nordahl

Nav-direktør Truls Nordahl er glad for at fleire unge er ute av køen ar arbeidslause, men er stadig uroa for dei langtidsledige.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Det viser at det har hatt god effekt å ha merksemda særleg retta mot dei unge. Det har fått nokre ut i jobb og nokre i vidare utdanning.

Mellom anna har NAV saman med fylkeskommunen hatt møter for å informera unge ledige utan fullført vidaregåande opplæring. Nordahl seier tala tyder på at det har fått ein god del til å fortsetta på skule.

Arbeidsmarknaden i Rogaland, siste tre månader

Nøkkeltal

Juli

August

September

Heilt utan arbeid 16–67 år

11.950 (4,6%)

11.748 (4,5%)

11.263 (4,3)

Arbeidsretta tiltak

1.462 (0,6%)

1.630 (0,6%)

1.981 (0,8%)

Bruttoarbeidsløyse

13.412 (5,2%)

13.378 (5,1%)

13.244 (5,1%)

Heilt utan arbeid 16–29 år

3.251

3.265

3.063

Langtidsledige (26-104 veker)

6.582

6.343

5.830

Ledige stillingar

830

1.623

1.422

Kilde: Nav

Uroa for dei langtidsledige

Nordahl er derimot meir uroa for utviklinga i talet på langtidsledige, som har auka mykje i forhold til i fjor. Frå august til september i år har det likevel gått ned med over 500 personar, men det skuldast for det meste at fleire nå er på tiltak, seier han.

Talet på ledige stillingar held seg nokolunde konstant. Dei passar temmeleg bra med kvalifikasjonane til dei arbeidslause, seier Nordahl.

– Det er ganske kraftig vekst innan bygg og anlegg, men me ser og at industrien spør etter meir folk. Me ser og at ingeniør og IKT faktisk har ein del ledige stillingar. Dette er jo bransjar som har nedbemanna tidlegare, men som me nå ser byrjar å søka etter folk igjen.

Men trass i lyspunkta, understrekar Nordahl at situasjonen framleis er krevjande.

– Vi har stadig høg arbeidsløyse, situasjonen er framleis prega av mykje uvisse, mellom anna rundt oljeprisen.