– Det er spesielt sanntidsappen til kollektivselskapet Kolumbus, som fungerer altfor dårleg, slår Mats Danielsen fast.
Han blei samferdselspolitikar for Frp i Rogaland for eitt år sidan. Då selde han bilen og reiste med buss i staden. Eitt år seinare har han bestilt seg ny elbil. Sanntidsappen får mykje av skulda.
- Les også:
– Eg skulle ta bussen til jobb sist torsdag. Då var halvparten av alle avgangar merka med «ca.» på sanntidsappen, seier Danielsen.
– Det sto «ca. 0725» i appen, men bussen kom først 25 minutt seinare, slår han fast.
Ei årelang hovudpine
I juni 2013, blei sanntidsappen introdusert for busspassasjerane i Rogaland. Etter det har den aldri fungert fullt ut.
- Les også:
Sergej Fedrov i Stavanger brukar jamt bussen og kjenner seg igjen.
– Den appen er ikkje akkurat presis, for å seie det slik. Og av og til så kjem rett og slett ikkje bussen, seier Fedrov.
Tunge barnesjukdommar
I Oslo fungerer deira sanntidsløysing, levert av det tyske selskapet Init, på ein tilfredsstillande måte. Det stadfestar presseansvarleg i Ruter, Øystein Dahl Johansen.
Heller ikkje i Bergen slit dei med sanntidsappen sin. Der er det også Init, som er leverandør.
Mats Danielsen kan ikkje forstå at dette tar så lang tid å fiksa for leverandøren Swarco.
– Det har blant anna med sendarar på bussane å gjera, seier dei?
– Det kan godt stemma, men då må dei installera nye sendarar. Dersom dei gamle ikkje har fungert på fire år, så må dei gjera noko med det, seier Danielsen.
Det skal ordna seg
– Me jobbar med den leverandøren me har, men dei veit at det dei leverer i dag ikkje er godt nok på sikt, seier strategi og utviklingssjef i Kolumbus, Audun M. Solheim.
Han understrekar likevel at sanntidsappen heile tida blir betre, og dersom den sviktar foreslår han å bruke sanntidskartet på nettet i staden. Det skal også bli ein del av appen innan ein månads tid.
Leverandøren Swarco overlèt til Kolumbus å uttale seg om sanntidsappen.
– Det er slik me har regulert det gjennom kontrakten me har med Kolumbus, seier Trond Vigdal, service manager i Swarco Norge.
- Les også:
Det er neppe til særleg trøyst for bussbrukarane i Stavanger-området, men også i Trondheim, som har same leverandør, slit dei med det same som på Nord-Jæren.
– Me har ein god dialog med ATB og andre kollektivselskap i Trøndelag, og me ser at dei har hatt nokre av dei same utfordringane som oss. Så der er me er i same båt, seier Solheim i Kolumbus.