NRK Meny
Normal

Ny krise for sanntidssystemet

Sanntidssystemet til Kolumbus er 3,5 år i desse dagar, men det er ingen grunn til storstilt feiring. – Bussane kjem ikkje på den tida som står, seier passasjer Lasse Nordbø.

Busspassasjer Lasse Nordbø.

Lasse Nordbø er fast brukar av buss og av appen som skal vise sanntid.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Nordbø er fast brukar av buss og av sanntidsappen. Han er ikkje fornøgd med mobilapplikasjonen som skal fortelja folk når bussen kjem.

– Bussane kjem ikkje på tida som står, så det er vanskeleg å planlegga. Det skjer ofte, i alle fall om morgonen på Hundvåg, seier Nordbø.

Heller ikkje medpassasjer Sasha Teuku er fornøgd.

– Bussane kjem seint nokre gonger, eller tidleg.

– Stoler du på appen?

– Nokre gonger, men ikkje alltid.

Hundvåg-kompleks

Sanntidsappen til Kolumbus.

Sanntidsappen til Kolumbus. Onsdag morgon, på Brislingveien buss-stopp, var det berre ein av åtte avgangar som appen fungerte på.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Begge to er faste brukarar av buss og sanntidsappen. Dei bur i bydelen Hundvåg i Stavanger, og av ein ikkje klarlagt grunn, er sanntidsappen spesielt ustabil her, ifølge strategiutviklar Audun Solheim i Kolumbus.

Seinast i går tidleg, på Brislingveien, var det berre ein av åtte avgangar appen fungerte på.

– Me har 4.000 haldeplassar, så er det eit fåtal av desse som har nokre spesielle utfordringar. Haldeplassen på Hundvåg er dessverre ein av dei, seier strategiutviklar Solheim.

Vanskeleg historie

Men sanntidsappen til Kolumbus har ei vanskeleg historie, heilt sidan den blei innført for 3,5 år sidan, 20. juni 2013.

– Nå kan du sitja heime og lese avisa og sjå at bussen er eit kvarter unna, så kan du heller gjera det du treng å gjera før bussen går. Eg trur at for brukaren av bussen er dette mykje enklare, sa dåverande fylkesordførar Janne Johnsen.

Og det stemmer nok – dersom den fungerer skikkeleg. Men då det kom nye bussar i sommar, var det vanskeleg ein periode. Kommunikasjonssjef Elisabeth Torstensen i Kolumbus kunne fortelje at det skulle ordne seg til skulen byrja i slutten av august.

Men det skjedde ikkje, og seinare viste det seg at oppgraderinga av systemet støtte på alvorlege problem, slik at systemet i kvar buss måtte restartast for hand.

25 prosent feil

Når me nå nærmar oss slutten på 2016 må strategiutviklar Audun Solheim ennå innsjå at over 25 prosent av rutene går utan at systemet fungerer, i alle fall ifølge skjermen.

Men sanntidssystemet er eit vanskeleg datasystemet, og Solheim ser ikkje at det kan koma til å fungera perfekt i særleg nær framtid. Men det går betre nå enn for eit halvt år sidan, slår han fast.

– Det store fleirtalet av bussane våre viser ein god prognose, og så er det ein del me jobbar med å få opp kvaliteten på. Men eg kan heilt sikkert seia at det er eit mindretal av avgangane våre.