Du kan sjå kor bussen din er

Kolumbus presenterer snart eit elektronisk kart der busspassasjerane ved hjelp av mobilen kan sjå nøyaktig kor bussen er.

Utviklingsjef i Kolumbus, Audun Solheim

Utviklingsjef Audun Solheim, med full kontroll over kor bussane til Kolumbus er.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me har testa dette elektroniske kartet lenge og grundig, men me ville ikkje gå ut med det før me var sikre på at dette var til det beste for passasjerane.

Det seier Audun Solheim, som er utviklingssjef i Kolumbus. Men nå nærmar dei seg tida, då alle med ein nyare mobiltelefon kan gå inn på nettsida til Kolumbus og sjå kor langt vekke den bussen dei ventar på, er.

Kolumbus sitt elektroniske kart over kor bussane langs Breiavatnet er.

Kolumbus sitt elektroniske kart viser kor bussane langs Breiavatnet står.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Det er noko me vil gjere tilgjengeleg for alle, enten før jul eller tidleg i januar, seier Solheim.

Slik blir kartet

På kartet kan du sjå nummeret på alle bussane til Kolumbus som køyrer innanfor kartet sine grenser.

Bussoversikt i sentrum av Stavanger

Her er bussane i Stavanger sentrum.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Posisjonen til bussane blir oppdaterte kvar 30 sekund, slik at det også går fram i kva retning dei køyrer.

Slit med sanntidsappen

Det elektroniske kartet skal på sikt integrerast i sanntidsappen til Kolumbus. Den skal i prinsippet fortelje nøyaktig kva klokkeslett neste buss kjem til haldeplassen.

Men etter tre og eit halvt år i drift, så fungerer ennå ikkje systemet fullt ut. På onsdag var det, for eksempel, kvar fjerde buss som ikkje var kopla skikkeleg til systemet.

Tavla på bussterminalen som viser sanntidsappen til Kolumbus

Tavla på bussterminalen som viser sanntidsappen til Kolumbus. På bussruter der det står circa-tider, fungerer ikkje appen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

For å bøte på dette, kjem nå også moglegheita til å sjå kor langt vekke bussen er, på eit kart.

– Det viktigaste er at systemet verkar i alle bussar og at prognosane er gode, seier utviklingssjef Audun Solheim.

– Det elektroniske kartet er jo også avhengig av at utstyret verkar, seier han.