Hopp til innhold

Ekteparet satsa ti millionar på mink: – Me blir gjeldsslavar

Det blir ingen omkamp om avviklinga av pelsdyrnæringa så lenge KrF er i regjering, fastslår landbruksministeren. Ekteparet Erik og Beate Hobberstad fortviler.

Mister garden

Ekteparet Beate og Erik Hobberstad har satsa ti millionar på pelsdyrgarden sin på Varhaug, men om få år må dei leggja ned. Ekteparet meiner regjeringa legg opp til altfor låg kompensasjon.

Foto: Torkel A. Schibevaag / NRK

– Det er uvisst, og det er det som er så vanskeleg. Me veit ingenting.

Ekteparet Beate og Erik Hobberstad på Varhaug satsa ti millionar på pelsdyr i 2013.

Men om få år vil minkhuset bli verdilaust. Regjeringa vil gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa innan 2025.

Mink

I dei om lag 200 pelsdyrbruka i Noreg er det rundt 225.000 mink og rev.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Dette har skapt mykje debatt, men landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) avviser overfor NRK at det blir nokon omkamp.

– Ikkje så lenge me er i denne regjeringa, seier ho.

Regjeringa foreslår at pelsdyrnæringa skal dela kring 365 millionar kroner i kompensasjon når næringa vart lagt ned. Dei har fått fagmiljø til å gjennomføra ein økonomisk analyse av pelsdyroppdrettaranes tap ved forbod mot hold av pelsdyr.

Summen betyr at kvart pelsdyrbruk får under to millionar.

– Dette vil gjera oss til gjeldsslavar for resten av livet, seier ekteparet.

– Får ikkje meir lån

På sikt var planen at paret skulle ta over familiegarden til Erik, men no er det usikkert om paret har råd.

– Me får ikkje meir lån i banken. Garden er ikkje stor nok til å drifta den gjelda me har, om me ikkje får driva med pelsdyr. Minkhuset vil bli verdilaust om regjeringa held fast ved at pelsdyrnæringa skal avviklast, seier paret som nyleg vart foreldre til tvillingar.

– Korleis er det å leve i uvissa?

– Det er kjempetungt. For heile familien vår. Dette går utover svigerfar også, som ikkje har nokon som kan ta over garden, seier Beate Hobberstad.

Ho legg til:

– Me har to små barn, og me er redd for at me må gje vidare ein gard tynga ned av gjeld i framtida.

Vil ha 2,3 milliardar

Fleire tar no til ordet for at pelsdyrbøndene skal få meir pengar.

– Det er alt for dårleg med 365 millionar. Det betyr at pelsbønder over heile landet vil enda opp som gjeldsslavar. Det kan me ikkje godta, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp).

– Landbruksministeren bør varsla omkamp om pelsdyrnæringa. Det er ingen grunn til å bruka pengar på å legga ned ei lønnsam eksportnæring som har god dyrevelferd.

Geir Pollestad

– Det er heilt meiningslaust å legga ned pelsdyrnæringa, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp).

Foto: Anders Fehn / NRK

Pollestad føyer til at ein ikkje må gløyma at dette er ei sak som det enno ikkje er stemt over i Stortinget.

– Saka er ein del av regjeringsplattforma, men ho er enno ikkje vedtatt. Eg meiner at det framleis må vera mogleg å få ei politisk løysing på dette.

Guri Wormdahl, informasjonssjef i Norges Pelsdyralslag, meiner næringa bør få 2,3 milliardar i erstatning.

– To sjølvstendige fagmiljø har på oppdrag frå oss kommen fram til ein må ha 2,3 milliardar kroner for å dekke inn avviklinga av pelsdyrnæringa. Dei må få full erstatning, og dei må få erstatning for framtidig tapt inntekt.

– For seint

Måndag kveld var fleire hundre bønder i Rogaland samla på landets største landbruksmøte. Olaug Bollestad møtte næringa for første gang som landbruksminister.

Bollestad hadde ikkje med seg meir pengar til pelsdyroppdrettarane som må slutta. Landbruksministeren vil truleg òg vera med på å ta den endelege avgjersla om å leggja ned næringa.

Landbruksmøte på Varhaug

Det var fullt hus på landbruksmøtet i Rogaland måndag kveld. Tema på møtet var dyrevelferd.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– KrF og eg ønskjer at pelsdyrnæringa skal halda fram i Noreg. Men det er for seint, og næringa blir nok avvikla. Men ingen kan ta frå meg det at eg prøvde, seier Bollestad.

Landbruksministeren har fått med seg støyen rundt forslaget til kompensasjon i høyringsutvalet og seier ho vil sjå på det.

– Høyringsfristen går ut 31 januar. Innan då må me få all fakta på bordet. Me må klara å sørgje for ein kompensasjon som er reell. Ingenting er avgjort enno, seier Bollestad.

Fylkesmannen i Rogaland ber om at alle pelsdyrbønder blir vurderte kvart for seg, slik at den økonomiske kompensasjonen kan bli meir nøyaktig, skriv Nationen.

Fylkesmannen kjem med oppfordringa i sitt svar i høyringa om nedlegging av pelsdyrnæringa.

Flere nyheter fra Rogaland